Kvifor liknar nokre covid-«vaksine»-biverknader symptom på HIV?

Ethan Huff i Natural News skriv:

Ein kasusrapport publisert i tidsskriftet AIDS Research and Therapy avslører at biverknadene til Wuhan-koronavirus (covid-19)-«vaksinar» er nesten nøyaktig dei same som symptoma assosiert med akutt HIV (menneskeleg immunsvikt-virus)-infeksjon.

Forskarar i Tyskland tok ein nærare titt på dei uventa biverknadene som vanlegvis blir rapportert i samband med covid-injeksjonar – slik som feber, utslett og hovudverk – og observerte at akutt HIV-infeksjon manifesterer seg på svært liknande måte.

«Covid-19-vaksinasjonsbiverknader, slik som feber, som finn stad hjå opp til 10% av menneske etter covid-19-vaksinasjon, kan gjere diagnosen akutt HIV endå meir utfordrande,» skreiv teamet i samandraget av studien.

I sin kasusrepresentasjon såg forskarane på ein 26 år gammal mann som utvikla feber og hovudverk etter at han vart injisert mot covid. Frå tidleg av vart desse symptoma vurdert å vere vaksine-biverknader.

Fordi den unge mannen sine symptom framleis var der etter 72 timar, vart ei diagnostisk utreiing gjennomført. Dette resulterte i at han fekk diagnosen Fiebig stadie II akutt HIV-infeksjon, som vart avgjort å ha manifestert seg tre veker etter at han tok del i ubeskytta analsex-aktivitet med ein annan mann.

«Grunding anamnese [sjukehistorikk; oms.an.] er nøkkelen til å forstå dei individuelle risikoane for primær HIV-infeksjon, hjå pasientar som har influensa-liknande symptom,» skreiv teamet i konklusjonen til studien. «Tidleg diagnose og igangsetjing av antiretroviral terapi er assosiert med betre prognose, og hindrar overføring av sjukdommen.»

(Relatert: Dersom du tok covid-injeksjon fire eller fleire gonger, er det nesten garantert at du døyr tidleg, viser vitskapen.)

Covid-sprøyter eksponerer latent HIV

Dersom du sjølv meiner at nemnde mann utvikla HIV ikkje på grunn av sprøytene, men på grunn av hans seksuelt avvikande åtferd, ta til ettertanke det som Weill Cornell Medicine har å seie om korleis SARS-CoV-2 mRNA (modRNA)-injeksjonar eksponerer latent HIV.

Ifølgje laboratoriestudiar avslører mRNA-injeksjonar tilstadeveringa av HIV som gøymer seg i immuncellene i blod som er teke frå menneske med HIV.

«Der finst tidlegare kunnskap om influensavaksinen til dømes, som vekkjer opp HIV og eksponerer det til immunforsvaret; men det har vore uklart om det berre skjedde i influensa-spesifikke T-celler, ein kjent stad der HIV skjuler seg,» sa dr. Brad Jones, seniorforfattar av ein studie publisert i Nature tilbake i 2022.

«Funna våre er spennande sidan vi demonstrerte ein kraftigare effekt med SARS-CoV-2-mRNA-vaksinen. Den vekte opp HIV som gøymde seg i T-cellene i blod frå menneske med inga tidlegare eksponering overfor viruset eller vaksinen.»

Studien fann ut at den verste forbrytaren er Pfizer og BioNTech sin dobbeldose-mRNA-injeksjon, som produserer eit større utslepp av HIV-RNA enn andre covid-sprøyter.

Etter å ha analysert blodet til HIV-positive personar både før og etter injeksjon mot covid, fann forskarane ut at draps-CD8+T-celler som rettar seg mot celler markert av eit tidlegare genprodukt av HIV ved namn Nef, hadde sleppt ut proteinet granzym-B, ein slags markør som er knytt til CD8+T-celler som prøver å drepe HIV.

«Denne responsen, observert etter fyrste dosen, vart korrelert med ein følgjande reduksjon i HIV-RNA – noko som antydar at eliminasjon av infiserte celler av dei forsterka CD8+-T-cellene,» rapporterte Weill Cornell Medicine.

Det viser seg at mRNA-covid-sprøyter vart utvikla med det eksplisitte føremål å prøve å kurere HIV, ifølgje dr. Jones, som feira deira utvikling og utslepp under Operasjon Warp Speed.

«Det er finst å sjå at mRNA-vaksineutvikling går i full sirkel,» la han til. «Forsøk på å kurere HIV på 1990-talet ved hjelp av mRNA-teknologi, førde til utviklinga av dagens covid-19-mRNA-vaksinar. No opnar covid-19-mRNA-vaksinar ei ny dør til HIV-forsking.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget