Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice skriv:
Hovudstraumsmedia påstår no at folk som ønskjer å formeire seg har overveldande sannsyn for å vere «høgreekstreme, kvite nasjonalistar».
Ein ny rapport av venstreekstreme Politico åtvarar at menneskeleg reproduksjon er ein «besettelse» blant tilhengjarar av kvitt overherredømme.
Infowars.com [eigentleg Modernity.news]rapporterer: Artikkelen fokuserer på ein nyleg fødselskonvensjon, og i den står det å lese at «Høgreekstreme er so besette av å lage babyar, at dei held rett og slett ein heil konferanse om det.»
Dei bruker til og med ein politisk terminologi for denne «rørsla»: natalisme.
Wikipedia seier at terminologien natalisme (òg kalla pronatalisme eller pro-fødselsståstaden) går tilbake til 1971, og «er ein ideologi som fremjar reproduksjon av menneskeliv som eit viktig mål med det å vere menneske, og er forkjempar for høg fødselsrate».
Openbert er det ikkje lenger berre eit faktum at formeiring av menneskeliv er eit viktig mål med det å vere menneske. Dersom der ikkje finn stad reproduksjon, vil der jo ikkje lenger finnast menneske.
Politico-artikkelen, skriven av Gaby Del Valle, som «er ein journalist med artiklar som fokuserer på immigrasjon, overvaking og høgreekstreme», kastar lys over det faktum at den globale fruktbarheitsraten er i ferd med å styrte.
Det står å lese: «Trugselen, blir vi fortalt her no i helga, er eksistensiell, biologisk, epoke-definerande. Økonomiar vil feile, sivilisasjonar vil falle, og alt dette vil skje fordi menneske ikkje får nok babyar.»
Den argumenterer vidare for at folk som er til stade på «NatalCon» er meir opptekne av «ei total sosial overhaling» og «avle fram ein ny majoritet – ein som ser og høyrest ut akkurat som dei sjølve».
Den antydar at bekymring over høgare førekomst av skilsmisse, nedbrytinga av den tradisjonelle familien i det moderne samfunnet og framveksten av ideologiar slik som transkjønnsideologi, berre er ein del av «liberalt demokrati», og at dei som er bekymra for påverknaden dei har på den globale menneskelege befolkninga og samfunnet i sin heilskap, rett og slett berre er litt dumme.
«I nylege år har ymse faksjonar av det gamle og det nye høgre gått saman rundt ideen om at babyar kan vere kuren for alt som er gale med samfunnet,» skriv Del Valle, og går over til å hevde at desse «natalistane» eigentleg berre er fordomsfulle og imot innvandring, og at innvandring verkeleg er måten å løyse nedgangen i fødselsraten.
Ho kastar deretter inn litt «kvitt overherredømme»-stoff av ingen annan grunn enn å ikkje særleg kreativt sause det saman med folk som trur at det er ein god ting å få babyar.
Artikkelen antydar deretter at problem slik som det at mikroplast bidreg til fallande sædtal, at hormonforstyrrande stoff er til stade i vatn, og at P-piller har øydeleggjande effekt på fruktbarheita til kvinner, berre er konspirasjonsteoriar fordi dei blir formidla av folk som har X-kontoar… eller noko i den dur.
Artikkelen går deretter over til å essensielt antyde at dei som er for at fleire skal få babyar, berre ønskjer visse typar menneske, spesifikt kvite, konservative menneske, skal få babyar, og at dei eigentleg alle er høgreekstreme rasistar.
Heilt utruleg.
Som vi [The People’s Voice] sette søkjelys på tidlegare, er fruktbarheitsraten i USA lågare enn nokosinne, som registrert av CDC, og held fram med å gå ned med ein rate på rundt to prosent kvart år.
I 1960 låg den amerikanske fruktbarheitsraten på 3,65 fødslar per kvinne. I 2023 låg den på 1,6. Den gjennomsnittlege fruktbarheitsraten som ein treng for å halde befolkninga på sitt noverande tal, er 2,1 barn per kvinne.
Det er ikkje ein konspirasjonsteori.
Ein større studie publisert i det vitskaplege tidsskriftet The Lancet tidlegare i år, fann ut at den globale befolkninga vil byrje å falle innan nokre tiår på grunn av betydeleg reduserte fødselsratar, og at den aldri kan kome seg igjen.
Studien fann ut at den globale fruktbarheitsraten for tida ligg på 2,23, lite grann over erstatningsraten.
Dr. Natalia Bhattacharjee, medforfattar av studien, sa i ein kommentar om studien at dei fallande fødselsratane «vil fullstendig rekonfigurere den globale økonomien og den internasjonale maktbalansen, og det vil bli naudsynt å omorganisere samfunn.»
Det er ikkje ein gjeng med «høgreekstreme» på ein nerdete konferanse som diktar dette opp.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
