Putin masseavrettar covid-19-kriminelle

Følgjande artikkel er henta frå ei nettside ved namn Real Raw News. Nettsida profilerer seg sjølv som ei underhaldnings-, humor- og satireside. Nettsida er driven av den tidlegare hovudstraums-journalisten og engelsklæraren Michael Baxter. Artikkelen er dermed meint å underhalde, og bør ikkje takast for god fisk.

Sist veke gav Vladimir Putin ordre om masseavretting av 450 covid-19-kriminelle som den russiske hæren hadde fanga og fengsla, per Putin sitt edikt frå mars 2023 som forbaud blodpropp-sprøyter og vaksineforsking på russisk jord.

FSB-agent Andrei Zakharov sa til Real Raw News at tallause helseprofesjonelle og forskarar i Russland valde å ignorere Putins ordrar ved å i hemmelegheit pushe nye vaksinar, til og med etter at Vitskapsministeriet hadde bevist at dei giftige vaksinane forårsaka vaksine-shedding, hjarteinfarkt og vaksine-erverva immunsviktsyndrom [vaksine-AIDS].

Blant dei andre oppdraga til den russiske hæren, har dei brukt det siste året til å fange forrædarane og fengsle dei i straffekolonien IK-3 nord for polarsirkelen, den same gulagen der Putins mest prominente innanlands-fiende, Aleksei Navalny, døydde medan han sona ein dom på 30 år. Forvaringsleiren si gjesteliste, sa Zakharov, inkluderte eit knippe politikarar som såg vekk frå Putins mandat og donerte pengar til covid-19-vaksine-forskingsprogram.

«Dei trudde at president Putin ikkje ville finne det ut. Og dei tok feil,» sa Zakharov.

Putin oppdaga at ein velhalden medlem av Statsdumaen, Det lågare huset til den føderale russiske forsamlinga, bidrog med 184 331 797 rublar (rundt to millionar amerikanske dollar [vel 20 millionar norske kroner]) til ein undergrunns vaksine-spreiingsorganisasjon med band til WHO. Då hæren storma heimen til politikaren med ein arrestordre, vart dei tvinga til å drepe hans 16 år gamle son, som hadde væpna seg med to pistolar for å forsvare faren. Den grinande forelderen vart dregen av garde og forhøyrt, og vart fortalt at han òg ville bli skoten – med mindre han kom med namna på sine medsamansvorne.

«Han gav oss verdifull informasjon – 16 namn. Vi arresterte dei naturlegvis, og vi måtte naturlegvis òg avrette Statsduma-mannen. Ikkje berre var han ein tystar, han var òg ein forrædar,» sa Zakharov.

Hæren, la han til, halte med seg dei fordømte frå sine celler 25 i slengen, batt dei kriminelle til tømmerstokkar slegne ned i jorda og tok bind for auga på dei. Dei hadde fått ingen rettssaker, ingen siste måltid, siste bønn eller siste ord. Ein eksekusjonspelotong lærte dei konsekvensane av det å vere for vaksinar.

Hæren gadd ikkje ta seg bryet med å fjerne lika før dei stilte opp dei 25 neste; dei lét rett og slett dei daude kroppane falle i bakken og tvinga den neste gruppa til å sjå den uunngåelege lagnaden som venta på dei, utfallet av deira tankeløyse og uvørdnad.

«Sidan dei var ein gjeng forrædarar, delte dei ei massegrav – eit stort hol i bakken,» sa Zakharov.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget