Meir enn 98% av sentralbankane i verda er klare til å avskaffe kontantar

Ethan Huff i Natural News skriv:

Der er ikkje mykje tid igjen før alle dykkar setlar og myntar blir avleggs, og erstatta med digitale pengar.

I ein ny rapport skriv World Economic Forum (WEF) at 98% av verdas sentralbankar har blitt einige om å innføre globalistane sin lenge ønskte fantasi om ei fullstendig kontantfri verd – som dei sjølve kontrollerer, naturlegvis.

Federal Reserve [den amerikanske sentralbanken] her i USA – som eigentleg ikkje er føderal, men heller kontrollert av ein kabal av «elite»-milliardærbankierar – er fullt og heilt med på planen. Alt dei ventar på er ei «black swan»-utløysarhending, altso kollapsen av aksjemarknaden, for å innføre overgangen. […]

[Ei black swan-hending [«svart svane»] refererer til ei sjeldan, uventa hending, som til dømes å sjå ei svart svane, når svaner vanlegvis er kvite; oms.komm.]

Vil globalistane vinne?

WEF-rapporten, som har tittelen «Modernizing Financial Markets with Wholesale Central Bank Digital Currency», fastslår at sentralisert CBDC [sentralstyrt digitalvaluta] snart vil vere klar til å mogleggjere ein overgang til globalistane sin versjon av ein ny verdsorden, som rett og slett byggjer på tyranniet til den eksisterande.

«Meir enn 98% av sentralbankane i globaløkonomien driv og forskar, eksperimenterer, har pilotprosjekt eller sender ut [CBDC-ar] for å avgjere korleis ein skal modernisere evnene til og forbetre tilgangen til sentralbank-pengar (CeBM),» står det i rapporten.

«Med dette bakteppet og ei nyleg spørjeundersøking som avdekte at der kan finnast 24 CBDC-ar innan 2030, blir viktigheita av å tydeleggjere rolla til CeBM og engroshandel-CBDC i den neste generasjonen av engros-finansmarknader lagt vekt på.»

Ei anna sannsynleg svart svane som kan ende opp med å mogleggjere overgangen, er kollapsen til petrodollaren, som akkurat no blir erstatta av andre valutaer av medlemmer av BRICS (Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika). So fort petrodollaren er vekke, vil systemet vere klart for den endelege overgangen til ein våt globalistdraum av tyranni og autoritarianisme.

«Denne kollapsen har allereie blitt designa på førehand,» seier Leo Hohmann. «Det einaste spørsmålet er om det vil halde fram med å utfalde seg gradvis, eller om det vil finne stad plutseleg i kjølvatnet av eit katastrofalt cyber-åtak eller ei anna ‘svart svane’-hending.»

«WEF-grunnleggjar og direktør Klaus Schwab spår i videoar at eit øydeleggjande cyber-åtak vil stengje ned all eller nesten all kommunikasjon, transport og økonomiske transaksjonar i ein lengre periode. Denne åtvaringa kom òg for fem år sidan frå adm.dir. til Charles Schwab (ikkje i slekt med Klaus).»

Kanskje den tydelegaste indikasjonen vi har på at globalistane har planlagt undergangen til dollaren i årevis, kom frå dr. Pippa Malmgren tilbake i mars 2022 då ho adresserte World Governments Summit [«toppmøtet til verdas regjeringar»]:

«Eg seier dette vågalt: Vi er i ferd med å gå vekk frå det tradisjonelle systemet av pengar og rekneskap og innnføre eit nytt. Og det nye, den nye rekneskapssystemet er noko vi kallar blockchain. Det tydar digitalt. Det tydar å ha eit nesten perfekt register av kvar einaste transaksjon som skjer i økonomien, som vil gje oss langt betre klarskap over kva som skjer.»

Malmgren sa dette medan mesteparten av verda framleis handterte Wuhan-koronaviruset (covid-19), den «pandemiske» psykologiske operasjonen, som held fram å spele ei sentral rolle i den planlagte øydelegginga av den amerikanske økonomien, i same gate som 11.september.

«Digitale pengar er ikkje pengar i det heile,» åtvarar Hohmann.

«Den er ikkje berre digital, men programmerbar, som tydar at nokon utanfor din kontroll vil ha evna til å slå den av eller på, eller programmere den på ein slik måte at den berre kan brukast i enkelte butikkar, eller på enkelte varer og tenester, men ikkje andre.»

Den styrte nedtakinga av USA og resten av Vesten er godt i gang.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget