EU pønskar ut korleis dei skal tvinge ukrainske menn til å vende tilbake til heimlandet for å døy for Zelensky

Ethan Huff i Natural News skriv:

Den litauiske statsministeren Ingrida Simonyte trur at ukrainske menn i stridsdyktig alder som flykta frå landet på starten av Kiev sin krig med Moskva, burde bli tvinga til å reise heim igjen for å kjempe for Volodymyr Zelensky.

Under ein debatt som gjekk på lufta på LRT Radio, argumenterte Simonyte at Den europeiske unionen (EU) burde hjelpe Ukraina med å finne alle desse mennene, og med tvang sende dei tilbake til heimlandet slik at Zelensky-regimet kan fôre dei i kjøtkverna som er krigen mot Russland.

Medan Kiev går tom for soldatar, strevar Zelensky-regimet med å verve fleire menneske ved å lågne vernepliktsalderen til 25, stramme inn på fritak og skape strengare straffar for dei som vik unna verneplikta.

Ukrainske styresmakter stoppa òg utstadinga av alle pass for menn mellom 18 og 60 som for tida bur i utlandet, der målet er å tvinge dei heim igjen so snart som mogleg slik at dei kan tene i militæret.

Simonyte vil at ukrainske menn i stridsdyktig alder som bur i Litauen skal bli identifisert og deportert. Ho seier der finst «måtar å sikre seg at ein person har utført verneplikta eller får fritak frå den», når ein søkjer forlenging av opphaldsløyva.

«Vi må jobbe saman med ikkje berre ukrainske styresmakter, men òg generelt fordi akkurat no har EU den sokalla mellombelse beskyttelsen for ukrainarar,» sa Simonyte, og oppmoda EU om å bli meir involvert.

(Relatert: Ukraina har alvorlege vanskar sidan dei går tomme for menn og kvinner i stridsdyktig alder å fôre til den kjøtkverna som er Zelensky sin krig.)

Ukrainske menn som ikkje vil kjempe: Lat dei vere i fred

No har ukrainske menn som bur i utlandet i heile Europa mellombels beskyttelsesastatus som gjev dei rett til eit utvida, ikkje-visumpliktig opphald i heile blokka. Dette inkluderer retten til losji, medisinsk omsorg, jobb og utdanning.

Dette rammeverket for mellombels beskyttelsesstatus vart sett i verk ikkje lenge etter at Russland invaderte Ukraina tidleg i 2022, og vil vere gjeldande fram til mars 2025 – med mindre Simonyte og hennar likesinna får det fjerna for å hjelpe Zelensky.

«Innan rammeverket til den beskyttelsen, er garantiane som er gjevne til ukrainske borgarar i EU særs vide, so det er tydeleg at dette spørsmålet ikkje er noko ein eller to statar åleine kan avgjere,» sa ho.

Den litauiske presidenten Gitanas Nauseda, som òg tok del i debatten, forplikta seg likeeins til å jobbe med Kiev «i kvar tyding av ordet» for å hjelpe med å skaffe tilbake so mange menn i militærplikt-alder som mogleg for krigen.

«Ukraina må ha metodane og verktøya til å invitere sine unge menn til å tene heimlandet,» sa Nauseda.

Ifølgje statistikkbyrået Eurostat, bur rundt 4,3 millionar ukrainarar for tida i EU. Av dei er 860 000 i vernepliktig alder, der meir enn 29 000 i denne kategorien bur i Litauen.

Migrasjonsdepartementet i Litauen er ikkje so begeistra for planen, og argumenterer for at der ikkje finst noko juridisk grunnlag for å tvinge desse unge mennene til å reise tilbake til Ukraina og kjempe for Zelensky.

«Det faktum at Ukraina er noko anna land har erklært mobilisering, har ingen påverknad på oss, ifølgje lovverket vårt,» fastslo Evelina Gudzinskaite til nyheitsbyrået Elta.

«Dersom det i det heile kjem ein reaksjon, vil det vere ei politisk avgjerd frå Litauen,» la Gudzinskaite til, og sa at medan enkelte nasjonale initiativ kunne bli tekne juridisk sett, «vil der vere eit stort spørsmål om korleis dette er i samsvar med EU-lovverket.»

I kommentarfeltet til RT skreiv nokon at litauiske styresmakter ignorerer EU-lover som spesifikt forbyr tilbakesending til krigsherja område der livet til ein person vil vere i alvorleg fare.

«So Vesten beviser nok ein gong at lovene deira berre rekvisittar som kan brukast når det passar dei sjølve,» la denne personen til.

Når som helst i desse dagar kjem Russland til å trekkje fram hammaren og gjere brutalt slutt på Zelensky-regimet.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.  

Kommenter innlegget