Europa-parlamentet godkjenner alvorlege avgrensingar på kontant-transaksjonar

Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice skriv:

Krigen mot kontantar held fram, denne gongen under påskot om å kjempe ned kvitvasking…

Eit direktiv som vil leggje alvorlege avgrensingar på kontant-betalingar har blitt godkjent av Europaparlamentet.

Forbodet kjem visstnok under namnet brotsverksførebygging, men kritikarar seier det vil skade vanlege borgarar, spesielt dei sårbare.

InfoWars rapporterer: Under direktivet, som visstnok har som mål å forhindre kvitvasking og finansiering av terrorisme, vil anonyme kontaktbetalingar på over 3000 euro [35 520 kroner i dagens valuta] bli forbodne i kommersielle transaksjonar. I forretningstransaksjonar vil kontantbetalingar over 10 000 euro [118 400 kroner] bli fullstendig forbodne. Anonyme betalingar i kryptovaluta vil òg bli fullstendig forbode.

«Under dekke av å bekjempe kvitvasking, fører ein faktisk ein krig mot kontantar som har beskytta vår finansielle privatliv i uminnelege tider,» sa Patrick Breyer, parlamentsmedlem for Det tyske piratpartiet – ein av dei få mostandarane mot tiltaket – under sjølve møtet.

«Du ønskjer å tvinge finansane våre om til sporbare og stadig meir usikre banksystem som kan blokkere korta og kontoane dine når som helst, og introdusere negative renter. Vi kjem til å angre på det. Eg seier til dykk: alle som tuklar med kontantar, tuklar med vår finansielle fridom. Og for oss Piratar er der ingen tvil om at finansane til ærlege borgarar har de ikkje noko med! Hald fingrane vekke frå kontantane våre, våre digitale valutaer! Vi seier nei til denne snikande finansielle fråkoplinga.»

Retningslinja har blitt debattert sidan 2016, og gått gjennom den sedvanleg lange prosessen i EU sitt lovgjevarsystem. Parlamentet gav si endelege godkjenning 25.april. Det må framleis godkjennast av Europarådet før det blir vedteke som lov.

Ifølgje motstandarane er regelverket særs upopulært og vil vere ineffektivt når det gjeld målet om å hindre kriminalitet.

Breyer peiker på at kryptovaluta allereie kan sportast dersom det er naudsynt, sidan den opererer gjennom eit blockchainpeer-to-peer-datanettverk. Han legg til at politiet allereie effektivt har spora og fanga kriminelle som utfører finanskriminalitet eller kvitvaskar pengar frå straffbare aktivitetar via kryptovaluta. Han seier òg at under den offentlege konsultasjonsperioden av direktivet, viste det seg å vere ytst upopulært blant borgarar i EU-medlemsstatar, der 90% av respondentane var imot vedtaket, og viste til bruken av kontantar som ein grunnleggjande personleg fridom.

Ekspertar har òg åtvara at det vil gjere lite for å hindre brotsverk, medan det skader vanlege borgarar, spesielt dei mest sårbare.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget