Russia Today (RT) skriv:
Utanomjordiske sivilisasjonar har enno ikkje teke kontakt med menneske fordi dei kan ha blitt utsletta av gammastråle-utbrot (GBR [engelsk gamma-ray bursts]), rapporterte Daily Mail på tysdag [30.april 2024], og siterte Frederick Walter, ein astronom frå Stony Brook University i New York.
Ifølgje NASA er GBR kortvarige utbrot av lys som bryt ut med ein lysstyrke som er ein kvintillion gonger sterkare enn lyset frå sola. Walter trur at krafta til eit utbrot vil vere nok til å øydeleggje kvar ein utanomjordisk sivilisasjon.
«Det er ei høgt fokusert stråle. Og, dersom den går gjennom ein galakse, kan den sterilisere rundt 10% av planetane i galaksen,» forklarte Walter. Astronomen sa at, ifølgje hans estimat, finn der stad ein GBR i kvar ein galakse om lag kvart 100 millionte år.
«I løpet av ein milliard år kan ein i snitt forvente at eit betydeleg tal sivilisasjonar blir utrydda, om dei skulle eksistere… Det er berre éi av mange moglege forklaringar, og det er ein tanke morbid, trur eg,» sa han.
Ifølgje estimata til Water kan Mjølkevegen som galakse ha opplevd rundt 45 GBR i den 4,5 milliardar år lange historia til Jorda. Han la derimot vekt på at kvar ein potensiell trugsel mot menneskeheita frå denne typen hending «ikkje er verdt å bekymre seg for».
«Dei er sjeldne, og dei er finfokuserte,» sa han, og sa at dette gjer det usannsynleg at GBR treffer Jorda.
NASA skildrar GBR som «den kraftigaste hendinga i det kjende universet». Fenomenet vart fyrst observert i 1967, gjennom eit par US Vela-satellittar som var designa for å fange opp testing av atomvåpen. Derimot seier dei fleste forskarar at GBR er vanlegare i fjerne, stjerneforma galaksar og at det er mindre sannsynleg at dei skjer i Mjølkevegen.
Walter spekulerte òg på andre grunnar bak den manglande evna menneskeheita har til å oppdage utanomjordisk liv, og antydar at andre verder kan vere fylde med livsformer som liknar havdyr slik som kvalar og delfinar. For denne typen sivilisasjon vil det vere umogleg å utvikle den teknologien som trengst for romfart eller kommunikasjon, sa han.
Han sa deretter at enkelte romvesen-sivilisasjonar rett og slett vel å ikkje ta den risikoen det inneber å kontakte andre potensielt farlege livsformer. Ei anna forklaring, la han til, som mange fysikarar og astronomar støttar, er at teknologisk avanserte livsformer på andre planetar kan ha utsletta seg sjølve.
«Berre sjå rundt deg, ikkje sant? Vi forureinar atmosfæren. Vi oppfører oss slik at det kan stillast spørsmål ved om vi kjem til å ha ein levedyktig sivilisasjon om hundre år, med mindre vi gjer noko drastisk. Dersom sivilisasjonar som regel utviklar seg på same måte som dei gjer på vår planet, so kjem dette til å råke alle,» sa han, og åtvara at i vår noverande tempo «er der ein risiko for at vi ikkje kjem til å greie oss i… 150 år til.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
