Belle Carter i Natural News skriv:
Den britiske statsministeren Rishi Sunak bemerka under sitt nylege besøk i Berlin at europeiske nasjonar må følgje Storbritannia når det gjeld å styrke pengebruken på forsvaret, for å garantere at USA kan halde fram å forplikte seg til NATO.
Tilfeldigvis vart ein hemmeleg tysk krigsberedskapsplan delvis avslørt. Den vart formidla til den tyske avisa FAZ av løytnantgeneral Andre Bodemann frå den væpna styrkane til Den føderale republikken Tyskland, og går ut på at hærsjefane deira legg planar om korleis dei skal fôre tusenvis av amerikanske soldatar og fylle opp tankane på stridsvognene i det dei legg i veg mot NATO sin austlege front.
Under intervjuet sa Bundeswehr-seniorveteranen at hæren var i ferd med å få på beina ein ny, langsiktig tryggleiksplan med vekt på sivilforsvar. Mesteparten av planleggingsdetaljane er ei statshemmelegheit, men han avslørte at delar av planleggingsprosessen involverer logistikk for å forsyne med store tal amerikanske soldatar, der hovudbidraget utgjer sivile.
«Dersom, til dømes, ein amerikansk divisjon reiste austover, tusenvis av stridsvogner, tusenvis av soldatar, so ville dei måtte haldast med mat, og stridsvognene forsynast med drivstoff og kanskje reparerast,» sa han til FAZ. «Bundeswehr sin logistikk ville truleg bli bunden til soldatane våre på fronten. Det tydar at vi treng det maksimale bidraget frå siviltenesta. Konvoien ville ha fått drivstoff frå bensinstasjonar eller sivile køyretøy, og Raudekrossen ville tilby medisinsk omsorg og mat frå ein sivil aktør. Dette vil vere det klassiske tilfellet.»
Det har blitt rapportert at Tyskland prøver å gjere seg sjølv «kriegstüchtigteit» eller «krigsklare», overfor ein potensiell væpna konflikt med Russland innan dei neste fem åra. [Det korrekte tyske ordet er kriegstüchtig, «krigsklar», substantivet er Kriegstüchtigkeit; oms.komm.].
Bodemann gjekk ikkje i detalj om kva slags austlege front Tyskland skal forsvare, men NATO-tenestepersonar bekymrar seg stadig meir over at Vladimir Putin skal setje i gang ein invasjon på NATO sin austlege flanke dersom styrkane hans til slutt vinn i Ukraina.
Krigsberedskapsplanen kom ut i kjølvatnet av ei ytring frå general Carsten Breuer, leiaren for dei tyske væpna styrkane, at han hadde «ingen tvil» om at Tyskland kunne slå tilbake eit russisk åtak på den austlege flanken.
«Heller, i rolla mi som forsvarssjef, er det særs viktig å oppnå beredskap i dei tyske væpna styrkane innan dei neste fem åra. Vi kallar dette [K]riegstüchtigkeit, eller å vere klare, i stand til og viljuge til å kjempe. Vi er på det rette sporet,» sa Breuer i februar. […]
For den polske statsministeren Donald Tusk, manglar leiarane i Den europeiske unionen sine synspunkt på bistand til Ukraina openbert innføring.
«Dersom alle orda som har blitt sagt dei siste åra her i Brüssel om fellesforsvar kunne bli endra til kuler og granatkastarar,» sa Tusk på X, tidlegare Twitter, etter Europaråd-møtet 17.april. «kunne Europa ha blitt den sterkaste makta i verda. Og den tryggaste staden.»
Sist månad åtvara Tusk at krigen i Europa ikkje er ein spøk. «For fyrste gong sidan 1945 blir krig i Europa ‘ekte’ igjen: vi kan for tida vere i ferd med å skli inn i ein førkrigsæra.» Han innrømte at i det fyrste internasjonale intervjuet sidan han gjekk inn i embetet som statsminister i Polen, er han bekymra om dei eskalerande trugslane som kjem frå Russland. «Vi lever i den mest kritiske augneblinken sidan slutten på Andre verdskrig,» la han til.
Militærtenestepersonar sa at den ukrainske hæren stod overfor ein mangel på artilleri-ammunisjon, og at dei skalerte tilbake enkelte operasjonar på grunn av mangel på assistanse frå Vesten. Kritikarar kommenterte at trass den sterke retorikken, var ikkje EU-toppmøtet i stand til å bestemme at Ukraina omgåande skulle forsynast med luftforsvarsverktøy og militærstøtte.
Den ukrainske løytnantgeneralen Ivan Havryliuk sa til BBC i desember 2023 at Ukraina aukar produksjonen sin av kamikaze-dronar for å kompensere for mangelen på artillery-ammunisjon.
I mellomtida sa sjefen for dei ukrainske væpna styrkane Oleksandr Syrskyi 17.februar at dei ukrainske væpna styrkane trekte seg ut av Avdiivka i Donetsk Oblast. Han sa at avgjerda vart gjort for å unngå å bli omringa, og for å redde liva og helsa til soldatane. Ammunisjonsmangel påverka delvis tapet av posisjonar, la Syrskyi til.
I tillegg rapporterte britisk etterretning at per mars 2024 forblir situasjonen i konfliktsona ustabil, spesielt på grunn av personal- og ammunisjonsmangel, noko som avgrensar evnene ukrainske styrkar har til å halde på posisjonane sine.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
