Ekspertar åtvarar: Demensskapande prion frå mRNA-covid-19-sprøyter kan vere SMITTSAME

Natural News skriv:

Ein av dei meir alvorlege biverknadene assosiert med mRNA-covid-19-sprøyter er demens, og priona som er ansvarlege for at folk utviklar tilstanden kan vere smittsame.

Problemet stammar frå det faktum at covid-19-sprøyter forårsakar rammeforskyving [engelsk frameshifting] som kan starte produksjonen av prion. Prion, som er forkorting for «proteinhaldige, infeksiøse partiklar», er ansvarlege for å forårsake nevrodegenerative tilstandar hjå både menneske og dyr, inkludert Creutzfeldt-Jacobs sjukdom. Desse infeksiøse agentane er i stand til å falde seg på fleire ulike måtar, og minst éin av desse kan bli overført til andre prion-protein, noko som skaper ein sjukdom som på enkelte måtar liknar på virusinfeksjonar. Sjukdommar som har opphav i prion er notorisk vanskelege å behandle fordi dei kan overleve den typen ekstreme forhold som normalt øydelegg patogen eller nukleinsyrer.

Potensialet desse sprøytene har til å skape slikt eit problem har vore grunnlag for bekymring sidan dei tidlege dagane av pandemien. I eit 2021-intervju sa dr. Stephanie Seneff at ho frykta at sprøytene kunne føre til eit skred av nevrologiske, prion-baserte sjukdommar, inkludert Alzheimer, og publiserte ein artikkel i International Journal of Vaccine Theory der ho forklarte mekanismane. Ho kom med teorien om at piggproteinet i sprøytene kan føre til prion-liknande sjukdommar fordi dei bind seg til protein og får dei til å feilfalde seg og bli prion.

Meir evidens har sidan dukka opp som viser at dette er nøyaktig det som skjer hjå enkelte menneske. Der har vore talrike rapportar om menneske som opplevde nevrologiske tilstandar kort tid etter at dei fekk sprøytene, inkludert tilfelle av Creutzfeldt-Jakobs sjukdom. Sjukdommen, som vanlegvis er særs sjeldan, dukka opp oftare hjå dei som fekk vaksinen, enn ein normalt skulle forvente i befolkninga generelt.

Uheldigvis meiner somme ekspertar at prion er det primære molekylet som folk som har teke covid-sprøytene driv og sheddar. Dersom dei dukka opp på grunn av rammeforskyving, kan dette få alvorlege konsekvensar med tanke på at dei er implisert i demens. Dr. Kevin McCairn, ein britisk nevrovitskapsmann, rapporterte i tidsskriftet Journal of Theoretical Biology i 2013 at rammeforskovne prion er smittsame, og kan bli overført frå eitt individ til eit anna.

Ein trur òg at prion speler ei rolle i lang-covid og liknande symptom som vaksinerte personar opplever – og der finst til og med evidens som antydar at lang-covid kjem frå vaksinen, heller enn frå sjølve viruset. Ein 2024-studie fann ut at 96,7% av menneske som opplevde lang-covid har fått ein covid-vaksine.

Større ny studie avslører ein bråte med covid-19-biverknader

Demens er ein øydeleggjande sjukdom som har ingen kur, og som kan påverke negativt ikkje berre pasientar, men òg deira kjære i løpet av eit tidsrom på fleire år. Uheldigvis er det ikkje det einaste problemet som folk har å bekymre seg for når det gjeld covid-19-vaksinar. Den største studien per dags dato om biverknadene til sprøytene vart publisert i februar i tidsskriftet Vaccine.

Med midlar frå amerikanske Centers for Disease Control and Prevention, Det kanadiske helseforskingsinstituttet og Publich Health Ontario, evaluerte forskarar risikoen for «biverknader av spesiell interesse» etter covid-19-vaksinasjon.

Etter å ha sett på data frå åtte land som involverte meir enn 99 millionar menneske som fekk sprøytene, identifiserte dei fleire farlege biverknader, inkludert ein forhøga risiko for hjartebetennelse slik som myokarditt og perikarditt, ymse nevrologiske tilstandar slik som transvers myelitt og Guillain-Barré-syndrom, og blodproppar i hjernen. Sjølv om mange av desse tilstandane er farlege i seg sjølv, kan dei òg føre til langsiktige konsekvensar slik som hjarteinfarkt, slag, lamming og til og med døden.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget