Sjå òg «Ekspertar åtvarar: Demensskapande prion frå mRNA-covid-19-sprøyter kan vere SMITTSAME», publisert 4.mai 2024.
Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:
Ein leiande nevrovitskapsmann har bekrefta at mRNA-covid-vaksinar slepper ut prion som forårsakar ein eksplosjon av nevrologiske sjukdommar ikkje berre blant vaksinerte, men òg i samfunnet elles på grunn av evna prion har til å kontaminere miljøet og infisere andre menneske.
Alarmen vart slegen av dr. Kevin McCairn, ein verdsanerkjent og mykje publisert system-nevrovitskapsmann som forklarer at eit prion er ein type protein som kan få normale protein i hjernen til å falde seg unormalt.
Den vanlegaste og mest kjende prionsjukdommen er CJD eller Creutzfeldt-Jakobs sjukdom, som er ein «spongiform encephalopati» der hjernen blir svampaktig, går til grunne og til slutt fører til ein fælsleg død. Alzheimer og Parkinsons sjukdom er andre nevrodegenerative sjukdommar assosiert med prion.
Ifølgje dr. McCairn står smittsame prion sleppte ut av covid-sprøyter bak eksplosjonen av sjukdom rundt om i verda, og forklarer mekanismane bak fenomen som inkluderer «stille hypoksi», danninga av kvite fibrøse proppar, plutselege dødsfall blant atletar, turbo-CJD, turbokreft, amyloidose, og eksplosjonen av nevrologiske sjukdommar.
Derimot er forskarsamfunnet gjenstand for sensur når dei prøver å lære folk om den farlege naturen til smittsame prion.
Dr. McCairn åtvarar at vi er i eit «høgt kontrollert informasjons-økosystem», der ein finn sensur, forteljingar og motforteljingskontroll, åtferdskontroll og avanserte nevropsykologiske teknikkar.
Då han vart beden om å forklare fenomenet slik at lekfolk forstår det, forklarte dr. McCairn at mRNA-teknologien som er brukt i covid-sprøyter forårsakar «rammeforskyving» [engelsk frame shifting] som fører til at prion blir produserte og overførde.
Som eit resultat av at priona slepp ut i miljøet, har vi no ein situasjon der desse labdesigna giftstoffa blir absorberte av levande vesen, inkludert den uvaksinerte befolkninga.
Som ein konsekvens har vi ein eksplosiv førekomst av sjukdommar rundt om i verda. Dr. McCairn forklarer at bioakkumulerande, feilfalda protein oppstår og dannar ein kjedereaksjon.
«Feilfalda protein forårsaka av prion kan påverke kvart nivåorgan og vevsystem i kroppen, der dei bioakkumulerer seg og er motstandsdyktige overfor degradering, og difor byggjer seg opp i miljøet, og vi treng til dømes ikkje at peptid skaper feilfaldinga i det neste proteinet for at denne kaskadeeffekten skal oppstå,» forklarte han.
«I dette tilfellet har vi ein prosess der vi ikkje treng heile proteinet, berre at visse segment blir fortærte og sleppt ut, for deretter å kome seg inn i tilbøyelege protein i kroppen, der dei feilfaldar seg og prosessen startar ein kjedereaksjon.»
Som dr. McCairn forklarer, var der ein koordinert innsats på høgste nivå i Det nasjonale helseinstituttet å halde hemmeleg den priogeniske [prionrelaterte] naturen til SARS-CoV-2.
I denne samanhengen har ingenting endra seg, og eliten prøver framleis å hindre sanninga i å nå den generelle befolkninga.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
