Sjå òg «Immunologiekspert åtvarar at alle som tok covid-19-sprøyter kan DØY innan få år», publisert 5.mai 2024.
InfoWars skriv:
Josh Sigurdson rapporterer om påstandane til dr. Dolores Cahill at dei som tok covid-«vaksinane» ALLE kjem til å døy innan få år.
Medan påstanden er temmeleg dryg, er den eigentleg ikkje so søkt. Naturlegvis var ein stor prosentdel av dei falske covid-«vaksinane» berre saltvatn, og andre inneheldt faktisk ikkje mRNA slik som det vart påstått.
(Sjå òg «Konspirasjonsteori bekrefta som sann: Spansk Big Pharma-sjef betalte for å bli injisert med saltvatn i staden for Covid-19-‘vaksine’», publisert 28.mai 2022.)
Det ville ha vore altfor openbert dersom 50% av verda plutseleg byrja å døy. Likevel tok fleire titals millionar dei ekte mRNA-injeksjonane, og dersom dei slapp unna fyrste eller andre gongen, dersom dei hadde fire eller fem dosar, er det usannsynleg at dei fullstendig unngjekk det. Vi ser tallause studiar som viser massedødsfall av menn, kvinner og barn, og det kan ikkje ignorerast.
Vi har prøvd å åtvare folk heilt frå byrjinga av om denne komande massedøden. Kvart år døyr det fleire enn året før, trass at stadig færre lèt seg injisere kvart år.
Når det er sagt, skjer desse dødsfalla nesten berre blant vaksinerte. AstraZeneca har innrømt at injeksjonane deira forårsakar hjartefeil. Moderna har erkjent at injeksjonane deira forårsakar kreft. Pfizer vart akkurat tekne på fersken i å dekkje over kreftdata som opptrer saman med dei same SV-40 som er å finne i Moderna sine mRNA-dødssprøyter.
Som vi har rapportert i årevis, kom det fyrste dømet på sokalla «SARS-CoV-2» frå eit DARPA-dokument i 2018 til Anthony Fauci. I dokumentet kallar dei SARS-CoV-2 ein «vaksine-indusert sjukdom». Det har alltid vore vaksinane. Der fanst aldri eit «covid-virus».
Folk kan kaste gjettingar mot vinden alt dei orkar. Vis oss eit isolat. Det kan de ikkje. sprøytene forårsakar ei enorm mengd dødsfall. Det republikanske partiet i Arizona har akkurat stempla covid-sprøyter som eit «biovåpen». Trass alt dette oppmodar framleis større organisasjonar at barn og gravide lèt seg injisere med desse massemordsprøytene.
Der går føre seg ein krig og den er ikkje mellom venstre eller høgre, ei heller handlar den om rase. Det er ein krig mot sjølve menneskeheita. Kjemp tilbake.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
