Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:
Statsminister Justin Trudeau har gjeve det kanadiske militæret ordre om å spore opp sokalla «konspirasjonsteoretikarar» som ikkje godkjenner hans WEF-inspirerte agenda, dette no når den globale eliten sin krig mot dissentarar går over i høggir.
Ifølgje kanadiske kjelder går militærpersonell og politibetjentar frå dør til dør i utvalde provinsar, der dei utfører sokalla «velferdstilsyn» på vegner av Trudeau-regimet.
Derimot er desse velferdstilsyna i realiteten ingenting anna enn Trudeau-regimet sitt nyaste opplegg for å straffe dei som er imot globalistagendaen, og ekskludere dei frå samfunnet.
Trudeau har allereie eksponert sin autoritære natur, der han har kome med ordre om å konfiskere skytevåpen, fryse kontoane til demonstrantar, og kome med trugslar om å «knuse Fridomskonvoien med stridsvogner».
Men om du trur den panikkslegne Trudeau-regjeringa lèt den autoritære WEF-agendaen påverke statleg politikk, har du knapt sett ein brøkdel enno. […]
Som ein overspelande dramalærar som med altfor mykje entusiasme kastar seg inn i ei skuleproduksjonsrolle, har WEFs Young Global Leader Justin Trudeau omfamna Klaus Schwab sin dystopiske agenda meir enn nokon annan verdsleiar.
Schwab erklærte krig mot sokalla «konspirasjonsteoretikarar» under den sokalla covid-«pandemien», og Justin Trudeau var rask med å følgje etter, der han klønete kjempa mot kritiske tenkjarar i det kanadiske samfunnet som gjennomskoda løgnene hans.
Ifølgje Trudeau har «konspirasjonsteoretikarar» skulda for alt som er gale i det moderne samfunnet, inkludert det faktum at ingen stoler på hovudstraumsmedia lenger.
Trudeau-regimet har no introdusert ein orwelliansk lov ved namn Online Harms Bill C-63, som vil gje politiet fullmakt til å retroaktivt søkje på Internett for brot på «hattalelover», for so å arrestere dei som bryt nemnde lover – sjølv om det påståtte lovbrotet skjedde før loven eksisterte.
Det som er verkeleg sjokkerande med dette lovforslaget, er det alarmerande tilbakeverkande aspektet.
Kort fortalt: under denne lova kan alt som du har sagt i fortida bli brukt som våpen mot deg etter dagens ekstreme woke-standardar.
[Kommentar frå Saksyndig: Lover med tilbakeverkande kraft er forbodne i den norske grunnlova. Men spørsmålet er om nokon styrande politikarar i det heile teke følgjer den lenger.]
Historikar dr. Muriel Blaive har kome med sine synspunkt på denne drakoniske lova, og kalla den regelrett «sprø», og peikt ut at sjølv Orwells tankepoliti ikkje gjekk so langt som Trudeau.
Ein kan gjerne lure: med dette nye lovforslaget på bordet, burde ikkje Trudeau bli bøtelagt, eller kanskje til og med fengsla, for sine mange tilfelle av bruk av blackface?
Men i alt alvor er dette frykteleg, dystopisk stoff frå Canada, og ikkje tru at dette ikkje kan skje i USA og resten av den vestlege verda, fordi dette er nøyaktig det som globalistane driv og planlegg.
Som Benjamin Franklin sa: «Dei som er viljuge til å gje opp grunnleggjande fridom for lite grann, mellombels tryggleik, fortener verken fridom eller tryggleik.»
Trudeau prøver å undertrykkje dissens mot etablissementet ved å innføre bøter på opp til 70 000 dollar per brot, og livstid i fengsel for det som regjeringa hans ser på som nett-«hattale».
Faktasjekkarar og liberale sør for grensa har avfeia påstandar om at Trudeau-regimet er på full fart inn i diktaturet, og at fridommen til kanadiarar no balanserer på kanten av stupet.
Ifølgje liberale media vil Trudeau-regimet måtte mobilisere militæret og politiet for å overvake kvar einaste kanadiske hushald for hattale.
Som er eit steg dei aldri vil gidde å ta. Eller?
Kva har Klaus Schwab sine Young Global Leaders alle til felles? Dei er alle fiendar av folket sitt.
Og misforstå ikkje, folket er i ferd med å reise seg mot dei.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
