Steve Watson på nettstaden Modernity.news melder:
I kommentarar under ein innsamlingsaksjon i California fredag [10.mai 2024] sa Joe Biden at han ønskjer Donald Trump hadde injisert seg sjølv med bleikjemiddel [engelsk bleach] under covid-pandemien.
Reuters rapporterer at Biden sa til publikum: «Hugsar de at han sa at det beste å gjere no er å injisere litt bleikjemiddel i armen din? Det var det han sa. Og han meinte det.»
«Eg skulle ønskje han hadde teke litt av det sjølv,» la Biden til.
Biden gjekk deretter over til å røre i veg om at Trump utveksla «kjærleiksbrev med Kim Jong Un», og viste uriktig til den nordkoreanske diktatoren som leiaren av Sør-Korea.
Kommentarane vart arkiverte på nettsida til Det kvite huset.
Naturlegvis er omtrent alt som Biden påstår Trump har sagt, anten fullstendig feil eller teke fullstendig ut av kontekst.
Trump føreslo aldri at nokon skulle injisere bleikjemiddel på seg sjølv. Han refererte til eksperimentell UV-teknologi [artikkelforfattaren meiner truleg IV-teknologi; intravenøs teknologi; oms.komm.] og korleis den kanskje kunne bli brukt i menneskekroppen mot covid-viruset.
Trump parerte fredag med at Biden lyg om alt, inkludert golfspelet sitt, og sa «han kan ikkje slå ein ball 100 yards [91,44 meter]», ein kommentar som fekk sjølv hans normalt gravalvorlege advokat til å trekkje på smilebandet.
Som vi [Modernity.news] sette søkjelyset på tidlegare denne veka [veke 19], hevda Biden at då han inntok presidentembetet låg inflasjonen på 9%, som er fullstendig løgn.
Då Biden vart president låg den på 1,4%, og steig raskt til 9% med han bak roret.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
