Emily Mangiaracina på nettstaden LifeSiteNews rapporterer:
Ein kenyansk lege erklærte sist veke at globalistiske Verdas helseorganisasjon (WHO) sin føreslegne «Pandemitraktat» har som mål å bane veg for eit nytt menneskeskapt virus og vaksine, so vel som å etablere ei global regjering ved å underminere nasjonal suverenitet.
Dr. Wahome Ngare forklarte under den andre African Inter-Parliamentary Conference on Family Values & Sovereignty at det ekte føremålet med den komande traktaten, som vil oppnå hittil usett medisinsk kontroll frå WHO over alle sine medlemsland, er avfolking.
Han peikte på at forsøk på å redusere befolkninga i Afrika, trass at kontinentet beviseleg ikkje er overbefolka, har ei betydeleg forhistorie. For å understreke poenget, forklarte han at sjølve landmassen Afrika kan passe inn i den til USA, Kina, India og Japan, men at den berre inneheld ein fjerdedel av befolkninga til alle desse fire landa kombinert.
«Problemet med Afrika er ikkje den veksande befolkninga, som faktisk er ein fordel. Problemet er grådige konsern-eigarar som er interesserte i å ta til seg naturressursane våre,» sa dr. Ngare.
Legen held fast på at der er pågåande forsøk på å redusere befolkninga på kontinentet gjennom krig, hungersnaud, sjukdom og til og med genetisk modifiserte organismar (GMO-ar), og forklarer: «Det største problemet med GMO er at frøet er patentert – det er eigd av nokon. Og so fort du bruker det lenge nok og dine naturlege frø er vekke, kan dei trekkje tilbake frøa sine og drepe deg gjennom svolt.» Faktisk har Bill Gates-støtta føretak i Afrika drive og pusha GMO-avlingar i årevis, under påskotet at det vil «gjere slutt på hungersnaud i Afrika».
Dr. Ngare la deretter fram saka om at covid-19-utbrotet forsettleg vart brukt til å avfolke verda, inkludert Afrika, og at dette berre var ei innleiing til det som etter planen skal følgje denne neste WHO-Pandemi-avtalen.
Under covid-19, sa han, vart folk fortalde at eit «skremmande» tal kom til å døy av viruset, og at sjukdommen ikkje kunne behandlast, og at «naturleg immunitet ikkje kan beskytte eller redde oss».
«Vi vart bedne om å ikkje handhelse, vi vart bedne om å halde sosial avstand, vi vart bedne om å halde oss heime… Dersom du vart offer for denne psykologiske torturen i seks månader, for so å bli fortalt at der fanst ein vaksine, kva ville du ha gjort? Du ville ha sprunge for å få vaksinen!» sa dr. Ngare.
Vaksinasjon vart deretter «obligatorisk gjennom tvang», fordi ein trong bevis på vaksinasjon for å få tilgang til varer og tenester, sa dr. Ngare, og antyda at dette viste at «Endemålet til heile covid-fiaskoen var å vaksinere alle… Det er det covid handla om.»
Problemet med desse vaksinane, forklarte legen, er at dei var so farlege at dei utgjorde «ein nasjonal tryggleiksrisiko». Kvifor?
For det fyrste, var det berre produsentane som visste nøyaktig kva som var i vaksinane, og berre laboratoria som var involverte i å skape dei fekk lov til å teste og undersøkje desse vaksinane.
Det påståtte grunnlaget for effektiviteten deira vart òg basert på eit feilaktig grunnlag, erklærte dr. Ngare, fordi piggproteinet skapt av vaksinen vart modellert etter det sjølvsame proteinet som forårsaka sjukdom i covid-19.
Sprøyta vart òg pusha med påstanden om at naturleg immunitet ikkje beskyttar – og likevel vart sjølve vaksinen basert på kroppens evne til å «byggje opp ein immunrespons mot patogenet!»
Desto verre, avslørte data frå vaksineforsøk offentleggjort etter ein rettsordre i USA, ei urovekkjande mengd dødsfall og skade forårsaka iallfall av Pfizer-sprøyta. Ifølgje dr. Ngare døydde 61 menneske av slag, og fem døydde av leverskade under forsøka, medan 80% av gravide mødrer miste babyane sine i løpet av dei fyrste tre månadene av graviditeten etter å ha blitt injiserte med covid-sprøyta. I tillegg vart der påført skade på både menn og damer sine reproduksjonssystem av sprøytene, som skadde talet levedyktige sædceller og bevegelegheita deira, eggstokkar, menstruasjonssyklusar og morkaker.
«Dette visste ein om på den tida vaksinane vart registrerte, men dette var ikkje kjent av legar,» sa dr. Ngare.
Han sa deretter at i Afrika har der lenge vore rådande praksis å påføre befolkninga unaudsynlege vaksinar, so vel som å til og med pushe vaksinar som skadde fruktbarheit, spesielt stivkrampevaksinen.
Ifølgje dr. Ngare, vart kvinner i alderen 14 til 49 under kampanjen for å utrydde stivkrampe i Afrika, vaksinert kvar sjette månad for stivkrampe, med sprøyter som faktisk var prevensjonsmiddel, noko kvinnene ikkje visste. Denne sprøyta vart med vilje laga og utvikla av FN, WHO og Verdsbanken for å redusere fruktbarheit, la han til.
Legen slo fast at ein artikkel har blitt publisert som viser den prevensjonsfungerande naturen til desse stivkrampevaksinane, som har blitt lesen meir enn 300 000 gonger.
Dr. Ngare antyda at desse forsøka på å avfolke Afrika og verda gjennom vaksinar, er frampeik mot ein komande avfolkingskampanje som skal bli igangsett gjennom Pandemi-traktaten.
Tillegga til dei internasjonale helseretningslinjene (IHR) som er del av traktaten, vil avgjere korleis WHO skal handtere pandemiar, eller sjukdommar som kryssar landegrenser, ifølgje dr. Ngare.
«WHO er ute etter å auke makta si slik at general-direktøren einsidig kan erklære at vi har ein pandemi, same om denne er reell eller imaginær,» sa dr. Ngare. «Den augneblinken han erklærer dette, vil dei nye retningslinjene late han ta kontroll over pandemihandteringa i kvart einaste land som har skrive under på WHO sin traktat.»
«Det er direktør Tedros som vil seie når vi skal stengje ned, om vi nokosinne kan fare på arbeid igjen, og kva slags vaksinar vi skal få,» forklarte han.
«Dersom WHO forårsakar so mykje skade med si noverande makt, kan de førestille dykk kva dei vil gjere dersom vi faktisk gjev dei meir makt?» heldt han fram.
«Min konklusjon er at WHO ikkje lenger er eit helsefremjande organ. Det har blitt ein imperialistisk arm av globale konsern-interesser,» sa han, og la til at den føreslegne pandemi-traktaten og IHR «har som mål å gje WHO det lovlege mandatet til å enkelt kunne skape nye pandemiar… ved bruk av menneskeskapte virus, og bruken av vaksinasjonar som eit mottiltak, begge designa for å redusere verdsbefolkninga gjennom reduksjon av fruktbarheit, lemlesting og drap.»
«Det vil òg gje WHO mandat til å bruke pandemiar til å etablere ei éiverdsregjering ved å fullstendig utslette suvereniteten til medlemsstatar og land, og tære vekk dei individuelle fridommane til borgarane,» åtvara han.
Han oppmoda afrikanske nasjonar om å unngå denne omfattande skaden ved å fyrst skrive «formelt til WHO» at dei avviser tillegga og IHR, og deretter «vurdere å melde seg ut av WHO innan 2024, som er når pandemi-traktaten etter planen skal setjast i verk».
Legen bad òg afrikanske land om å «kollektivt krevje slutt på gain-of-function-forsking», som er skildra som både absurd og ekstremt farleg.
«Afrikanske land burde ta eit steg tilbake og seie: ‘det er kriminelt for alle å trene opp virus og bakteriar til å angripe menneske, for på den måten å skape påskot til å lage ein vaksine berre i tilfelle det viruset slepp unna’», sa han. «Det er heksekunst. Det er ikkje medisin.»
Han gav òg afrikanske land råd om å «kollektivt behandle alle vaksinasjonsprogram som ein nasjonaltryggleiksrisiko,» og slo fast: «Dersom du ikkje kan avgjere kva som er i vaksinane som blir gjevne til folket ditt, kan du risikere å opne ei dør til øydelegginga av den afrikanske befolkninga.»
Til slutt oppmoda dr. Ngare afrikanske nasjonar om å «avvise kvar ei tilknyting av individuelle helsedokument, inkludert vaksinasjonsoversikter, til den digitale ID-en som no blir tvinga på dei».
«Ærverdige medlemmer, ikkje lat regjeringa få tilgang til privat helseinformasjon som ein måte å avgjere kven som skal få helsetenester eller ikkje. Det er medisinsk uetisk og går imot grunnleggjande menneskerettar,» sa han.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
