Dødelege prionsjukdommar blir stadig vanlegare, og kan no vere SMITTSAME på grunn av covid-19-«vaksinane»

Lance D Johnson i Natural News rapporterer:

Ein sjeldan, aggressivt progredierande nevrodegenerativ sjukdom har blitt meir vanleg no etter utrullinga av covid-19-vaksinane. Prionsjukdommar, som holar ut hjernen og fører til rask død, har auka dei siste tre åra. Ifølgje den medisinske litteraturen, har mange nye tilfelle oppstått etter administrasjon av covid-19-mRNA-vaksinar. Fordi prion raskt øydelegg liknande proteintypar, kan sjukdommen overførast dersom eit individ blir eksponert for organ eller blod som allereie er påverka av prion.

Tilfelle av Creutzfeldt-Jakobs sjukdom aukar etter covid-19-vaksinasjon

Ein av hovud-prionsjukdommane har namnet Creutzfeldt-Jakobs sjukdom (CJD). CJD vart tradisjonelt sett på som ein ekstremt sjeldan nevrologisk og degenerativ sjukdom, og representerte rundt eitt tilfelle per ein million menneske. Tradisjonelt førekom det rundt 350 tilfelle av sporadisk CJD i USA kvart år. CJD-tilfelle utgjer 90% av alle prionsjukdommar.

I april 2023 dokumenterte medisinske forskarar eit dødeleg tilfelle av CJD etter at ein 68 år gammal pasient fekk sin andre dose med Pfizer-BioNTech sin covid-19-vaksine. Eit anna tilfelle dokumentert i september 2022 involverte ein 59 år gammal mann med mistenkt CJD, som utvikla symptom etter å ha fått fleire covid-19-vaksinasjonar. I eit tredje etterforska tilfelle vart ei 68 år gammal kvinne råka av raskt hukommelsestap, åtferdsendringar, hovudverk og forstyrringar i gangfunksjonen ei veke etter covid-19-vaksinasjon. Innan 7.juni 2022 hadde Vaccine Adverse Reporting System (VAERS) fanga opp 42 tilfelle av CJD etter vaksinasjon. Sid Belzberg, ein uavhengig forskar, samla i tillegg 60 rapportar om prionsjukdommar etter covid-vaksinasjon på ei nettside han hadde laga for å samle data om dei nevrologiske biverknadene av sprøytene. Desse 60 tilfella kom frå ei befolkning på rundt 15 000 menneske som besøkte sida, noko som antydar ein alarmerande trend.

Ein artikkel frå 2021 av J. Bart Classen føreslo at piggproteinet i mRNA-vaksinane kan forårsake prion-liknande sjukdommar, fordi det kan binde seg til mange kjende protein og føre til at dei feilfaldar seg og blir om til potensielle prion. Forskarane fann ut at RNA-sekvensen frå vaksinen inneheld spesifikke sekvensar som kan indusere TAR DNA-bindande protein (TDP-43) og Fused in Sarcoma (FUS)-bindande protein til å tragisk falde seg om til sine patologiske prion-danningar. Vidare forsking konkluderer at piggproteinet i vaksinen inneheld ein S1-komponent som kan fungere som ein amyloid og til slutt danne giftige aggregat. Denne amyloid-danninga fører til slutt til nevrodegenerasjon.

Forskarar åtvarar at covid-19-vaksinane forårsakar priondanning og kan essensielt spreie sjukdommen

Prionsjukdommar, som fyrst vart definert på 1920-talet, vart delte inn i tre kategoriar: sporadiske, arva eller erverva. Dei fleste tilfelle (90%) blir klassifiserte som sporadiske. Dei fyrste symptoma inkluderer: mangel på koordinasjon; problem med gangfunksjon og balanse; svikt i kognisjon, hukommelse og vurderingsevne, åtferdsendringar; depresjon; humørsvingingar og angst; forvirring; søvnløyse eller endringar i søvnmønsteret; uvanlege kjensler og endringar i synet. Desse symptoma fører til slutt til ufriviljuge muskelrykningar og alvorleg mentalt forfall og/eller demens.

[…]

Forskarar åtvarar at desse prionsjukdommane kan vere smittsame no, gjennom blod- og organtransplantasjonar frå personar som er påverka av biverknader av mRNA-vaksinar. Desse smittsame priontilstandane kan i sin tur forårsake ALS, degenerasjon av frontallappane, Alzheimers sjukdom eller andre nevrologiske degenerative sjukdommar.

Eit prion er essensielt ein «proteinhaldig infeksiøs partikkel». Desse potensielt smittsame agentane inkluderer eit proteinmateriale som kan falde seg på strukturelt ulike måtar. Ein av dei mange måtane dei kan falde seg på kan faktisk gjere det i stand til å overføre seg til andre prion-protein – ein metode som liknar på virusinfeksjon, men utan nuklein-syrene. I staden for å formeire seg gjennom DNA eller RNA, har prion ei nifs evne til å finne og overføre sin feilfalda proteintilstand til liknande protein. Dette set i gang ein kjedereaksjon som skader friske protein og forårsakar rask øydelegging av nervesystemet til individet. Fordi prion kan overleve ekstreme forhold, kan dei ikkje bli steriliserte eller destruerte av immunceller, so dei er vanskelege å behandle.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget