Pfizer sleppte laus ei bølgje av turbokreft med covid-sprøytene – no erklærer dei kreft for det nye covid

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

No når deira Wuhan-koronavirus (covid-19)-«vaksinar» har hatt tid til å utløyse turbokreft hjå mange av offera som tok dei, er farmasigiganten Pfizer no ivrig etter å starte marknadsføring av nye «fyrsteklasses» kreftlegemiddel, ifølgje adm.dir. i selskapet Albert Bourla.

Bourla snakka med Fox Business sist veke om korleis Pfizer har planar om å håve inn på den nye turbokreft-marknaden. Sidan profitt frå selskapet sine mRNA (modRNA)-covid-sprøyter er i ferd med å tørke inn, er Bourla ivrig etter å sleppe laus nye kjemiske legemiddel for å starte opp igjen profittstraumen.

«Pandemien» gav Pfizer rekordinntekter, som genererte utrulege 157 milliardar dollar ikkje berre frå «vaksinen», men òg frå Paxlovid, eit antiviralt legemiddel som ein tek via munnen. I 2023 hadde derimot sala gått ned med meir enn halvparten på «berre» 71 milliardar dollar.

Sidan slutten på 2022 har Pfizer sin aksjekurs likeins falle med 42% på grunn av ein rask nedgang i behovet for alt covid-relatert. Pfizer responderte med ein større kostnadskutt-kampanje som inkluderte å seie opp hundrevis av tilsette ved deira fasilitetar i Storbritannia og USA – du trudde vel ikkje at Bourla og dei andre leiar-pampane hadde tenkt å gå ned i lønn, vel?

[…]

Hovmod står for fall, Bourla

Bourla lever for pengar, og han sa til Fox Business at masseoppseiingane var del av «ein særs god kostnadshandterings»-kampanje som produserte «særs gode resultat» per byrjinga av 2024.

Bourla er òg overtyda om at Pfizer sitt nye fokus på kreft vil bli ekstremt lukrativt, og gjere han og kompisane hans endå rikare med ny rekordprofitt dei komande månadene og åra.

«Onkologi [læra og kunnskapen om kreftsjukdommar og sjølve feltet kreftbehandling]: det er vårt nye covid,» sa Bourla med eit flir, og gav heile æra til seg sjølv og vennene.

«Vi gjorde det vi gjorde med covid. Vi er særs stolte over å ha redda verda, men det ligg no bak oss. Vi ønskjer å gjere det atter ein gong, og eg trur onkologi er vår beste sjanse til å gjere det.»

Akkurat før årsskiftet gav Pfizer 43 milliardar dollar for Seagen (tidlegare kjent som Seattle Genetics), eit bioteknologi-selskap som spesialiserer seg på utvikling av monoklonale, antistoff-baserte legemiddel, òg kjent som antistoff-konjugat eller ADC-ar.

«Dei er laga for å drepe svulstceller medan dei etterlèt friskt vev relativt upåverka,» er korleis RT skildra ADC-ar.

Adcetris er legemiddelet som sette Seagen på kartet, og blir brukt til behandling av lymfom og Hodgkins lymfom. Legemiddelet kostar rundt 11,91 dollar for éin enkelt 50-milligramsdose.

Seagen har òg eit anna legemiddel i porteføljen ved namn Padcev, som Bourla skildrar som «fenomenalt presterande». Padcev blir brukt til å behandle blærekreft, og salet av det har auka med 164% sidan Pfizer kjøpte opp Seagen.

Prisen på Padcev er mykje høgare enn Adcetris, og kostar lamslåande 4 446 dollar for éin enkelt 30-milligramsdose.

«Dette viser kor godt vi har investert pengane,» sa Bourla stolt, og la til at i framtida vil Pfizer-legemiddelet «ha ein betydeleg påverknad på kreftpasientar».

Pfizers overgang til kreftfeltet vart annonsert seint i 2023, der Bourla indikerte at dette garantert vil tene dei pengar, med tanke på kor redde folk er for å få kreft.

«Ingenting skremmer folk over heile verda meir enn kreft fordi det råkar alle,» forklarte han. «Eg håper vi vil lykkast i vårt oppdrag. Eg er optimistisk på at i løpet av dei neste 10 åra vil vi sjå betydelege framsteg.»

Innan 2030 har Pfizer planar om å ha minst åtte bestseljar-kreftmedisinar på marknaden, so vel som det doble talet patent som blir brukt til å behandle – per 2023 behandlar Pfizer 2,3 millionar kreftpasientar.

I farmasiindustrien handlar absolutt alt om pengar.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget