Michael Baxter på satirenettstaden Real Raw News melder:
Ei Spetznaz-eining som oprerer i Ukraina har øydelagt ein leveranse av amerikanske Stinger-missil som Biden-regimet hadde sendt til forbrytaren Volodymyr Zelensky, som ville ha brukt dei skulderavfyrte, overflate-til-luft-missila til å skyte ned russiske fly og dronar som har som mål djupstatsressursar i Aust-Europa, sa FSB-agent Andrei Zakharov til Real Raw News.
Tysdag 7.mai avlytta Den russiske utanriksetterretningstenesta (SVR) til ein telefonsamtale mellom den ukrainske forsvarsministeren Rustem Umierov og oberst-general Mykola Oleschuk, kommandør for Ukraina sitt luftforsvar. Umierov sa til Oleschuk at han hadde fryktelege nyheiter: Stingerar – del av Bidens nylege 61 milliardar dollars «krigsbistands»-pakke – skulle kome til Warszawa Chopin internasjonale lufthamn, Polen, via Tyskland 10.mai, og ein konvoi frå Ukraina sin 43. Rakettarmé skulle plukke opp og føre lasta til Kiev.
Zakharov sa til general Valery Gerasimov, Den russiske føderasjonen sin helt, stod bak planar om å stoppe og utslette den «ulovlege» våpensendinga so fort den kom inn i Ukraina, og å slakte alle fiendestyrkar i området.
«Dette er vår suverene rett,» sa Zakharov. «Avskummet Zelensky skulle bruke desse våpena til å stoppe åtaka våre på barnesmuglarar og pedofile, president Putin sin Spesial-militæroperasjon. Etter at Ukraina får tak i Stingerar, er dei deira. Vi øydelegg ikkje amerikansk eigedom.»
Zakharov sa at general Gerasimov korrekt spådde ruta til konvoien – den reiste sørover til Kraków og deretter strakte vegen austover til grenseovergangen Korchowa – Krakovets. 32 kilometer lenger vekke hadde Spetznaz førebudd eit overfallsåtak på motorvegen mellom grensestasjonen og Kiev. I mellomtida hadde eit andre team byrja å forfølgje seks KrAZ-6322 lastebilar – som kvar transporterte 60 Stingerar – den augneblinken dekka rørte ukrainsk jord.
På overfallspunktet small Spetznaz sine rakettdrivne granatar inn i framenden og bakenden på lastebilane samstundes, og omslutta dei med eldkuler og skyer av artilleri. Spetznaz på kvar side av vegen kom fram frå sine skjulestader og pælma raude, svære jævlar av nokre behaldarar inn i alle seks lastebilane. Behaldarane viste seg å vere fosforgranatar, varme nok til å smelte kjøt rett frå beinet.
Ukrainarane som vakta Stingerane sprang i full galopp vekk frå lastebilane. Enkelte hadde smelta tryne og tøy som hadde brent seg fast til dei kokte musklane. Ein av dei hadde to holrom der auga brukte å vere. Han sprang i blinde inn i eit kuleregn av skytande Kalashnikovar.
Spetznaz, sa Zakharov, slo ned halve opposisjonen på mindre enn eit minutt, før 16 såra overlevande trygla om nåde og overgav seg – den høgast rangerte offiseren bad for livet til sine menn og klynka at han berre følgde ordre.
Men Spetsnaz hadde sine eigne ordar – ingen overlevande.
«Dei drap kvart einaste av desse rævhola,» sa Zakharov. «og etterlét deira skamfarne, istykkerskorne lik på vegen slik at Zelensky skulle kome og plukke dei opp. Etter at alle var daude, planta soldatane våre eksplosiv og sprengde i lufta alle lastebilane og Stingerane. Ingenting overlevde.»
Avslutningsvis sa han at Vladimir Putin vil bruke kvar einaste metode han har til disposisjon for å halde amerikanske våpen ute av Zelensky sine krigshissande hender.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
