Paul Joseph Watson på nettstaden Modernity.news rapporterer:
Leiaren i ei tysk togfagforeining åtvarar at togsystemet i landet er i ferd med å bli om til ei «slagmark» på grunn av ei bølgje av vald og intimidering som blir utført av mannlege asylsøkjarar mot kvinneleg personale.
I eit intervju med Focus Online seier Steffi Recknagel, leiaren av Tog- og transportunionen (EVG) i delstaten Thüringen, seier at gjennomsnittsdagen «stundom er livstrugande» for tilsette på grunn av mengda mishandling som innvandrarar står bak.
«Eg har i snitt tre tilsette til samtale på mitt kontor i Erfurt kvar veke for juridisk rådgjeving. Dei har blitt angripne, spytta på, fornærma, truga eller skubba,» sa Recknagel, og la til at kvinnelege tilsette blir slegne, sparka, spytta på og truga med å bli stukne ned av «flyktningane».
«Det verste tilfellet var ein billettkontrollør som vart truga med ein kniv,» sa Recknagel, og la til at ein annan vart fysisk angripen bakfrå og at ho «fekk lufta slegen ut av seg».
Fagforeiningssjefen sa at ei strekning av nettverket var spesielt ille, spesifikt det som vart brukt av syriske, afghanske og tyrkiske innvandrarar frå det lokale asylmottaket.
«Eg køyrer Erfurt-Suhl-ruta kvar dag,» sa Recknagel. «Og uheldigvis må eg seie det som det er: Det er for det meste unge menn frå mottakssenteret som oppfører seg dårleg på toga våre. Dei reiser alltid i grupper og føler seg sterke saman.»
I staden for å gripe inn når innvandrarane utfører valdeleg eller trugande åtferd mot andre passasjerar, ser mannskapet den andre vegen, eller spring til og med og gøymer seg i låste rom for å unngå å bli dei neste offera.
«Folka våre er redde, veldig redde. Vi har tilsette som seier: ‘Dersom desse gruppene er på toget, kjem eg ikkje til å sjekke billettane.’ So seier dei at dei vil halde seg framme med lokføraren eller halde seg inne i sin låste kabin til dei kjem til ein trygg stasjon og kan kome seg ut,» sa Recknagel.
Ho sa at ingenting nokosinne skjer med innvandrarane som oppfører seg slik, sidan politiet stort sett er makteslause og ikkje grip inn.
Eit brev på fire sider sendt til statsministeren i Thüringen, Bodo Ramelow (Venstre), klagar over at kvinneleg personale har blitt offer for «seksuelle fornærmingar og spytta på på ein avskyeleg måte», og inkluderer òg at innvandrarar blottar kjønnsorgana sine.
I brevet står det at kaoset nesten berre er ansvaret til «folk med innvandrarbakgrunn», inkludert ei hending der rivaliserande innvandrarar deltok i slåsskamp, og resultatet vart ei heil togvogn dekt i blod.
«Kollegaen vår måtte halde fram turen til Suhl-togstasjonen med dødsfrykt, og med ei vogn som var tungt kontaminert med menneskeblod,» står det i brevet. «Vi treng ikkje snakke på dette punktet om dei psykologiske konsekvensane for vår framleis svært unge kollega og passasjerane, med tanke på scener som kunne ha blitt henta frå ei borgarkrigssone!»
Brevet luftar deretter raseri om korleis Tyskland blir beden om å omfamne «toleranse overfor innvandrarar» medan dei blir utsette for valdelege åtak frå nettopp innvandrarar.
«Korleis kan De forvente at borgarar i dette landet skal vere opne for flyktningpolitikken som blir praktisert når det skjer – praktisk tala kvar dag, og ikkje berre på offentleg transport! – at vi må vere vitne til slik vald, brutalisering og absolutt forakt for våre lover og vårt samfunn?
Alternative für Deutschland (AfD), det leiande anti-masseinnvandringspartiet i landet som etablissementet prøver å forby, responderte på historia ved å seie: «Tog- og transportunionen i Thüringen slår alam: Togpersonale og togselskapstilsette blir jamleg angripne, spytta på, fornærma, truga og banka opp.»
Som vi [Modernity.news] nyleg sette søkjelys på, er utanlandske mistenkte med innvandrarbakgrunn ansvarlege for nesten seks av ti valdelege brotsverk i Tyskland, ifølgje nye tal offentleggjort av den føderale regjeringa.
Trass at utanlandske innvandrarar berre utgjer 14,6% av befolkninga, er dei ansvarlege for 58,5% av alle valdelege brotsverk.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
