Great Game India rapporterer:
I 1988 vart den amerikanske presidenten Joe Biden råka av ein nesten dødeleg hjerne-aneurisme, som fekk han til å motta dødsleiebesøk av ein prest. Seinare det året vart han råka av aneurisme på nytt.
I februar 1988 råka ein livstrugande aneurisme som feilaktig hadde blitt klassifisert som ein samanklemt nerve, Joe Biden, som no er 81 år gammal. Legar fann ei bekymringsverdig forvrenging av ein blodarterie etter at pasienten måtte ta opp til ti smertestillande per dag for å få ei viss smertelindring. Det blodkaret hadde mest sannsynleg ført til døden om det hadde sprukke.
For å behandle sjukdommen og hindre dei potensielt dødelege effektane, undergjekk Biden naudoperasjon. Ei blodåre som har blitt vridd, ser ofte ut som ein bul eller ei boble, og blir kalla ein aneurisme. Aneurismar har potensial til å sprekke etter å ha blitt fylt med blod. Aneurismar er dødelege i rundt 50% av tilfelle der dei sprekk. To tredjedelar av overlevande vil oppleve langsiktig svekking av hjernen.
Ein katolsk prest vart tilkalla for å gje Dei siste ritane til Biden sidan tilstanden hans var so ille, som var eit resultat både av feildiagnosen og at Delaware-demokraten ikkje hadde søkt legehjelp sjølv då smerta i halsen vart uuthaldeleg. Som The Washington Post skreiv:
«… Jill Biden, som hadde fått beskjed om å halde seg ute av rommet, skreik at han [presten] skulle gå sin veg. ‘Du gjev han ikkje Dei siste ritane. Han kjem ikkje til å døy,’ sa ho ifølgje det systera til Biden, Valerie, fortalde.»
Men til slutt redda legane Bidens liv ved hjelp av ein risikabel operasjon.
Biden vart råka av ein lungeembolisme under sin rekonvalesens. Dette kan vere ein potensielt dødeleg sjukdom, som er karakterisert av ei plutseleg tilstopping av arteriane som forsyner lungene med blod. Etter den fyrste aneurismen vart oppdaga i februar 1988, vart ein andre oppdaga i mai same år, noko som gjorde at Biden nok ein gong måtte opererast.
Aneurismar kan utvikle seg gradvis hjå ein pasient, og kan vere arveleg. Med tanke på denne 81-åringen si historie med aneurismar, kan dette vere endå ein grunn til å bekymre seg for den nøye overvaka helsa til Biden.
I ein nyleg artikkel frå Great Game India, rapporterte vi om Joe Biden sin stadige feil, der han hevda at den tidlegare tyske kanslaren Helmut Kohl var med han på hans fyrste internasjonale turné som amerikansk president, trass at Kohl døydde 2017. Dette set søkjelyset på ei bekymringsfull forverring av kor mykje Biden hugsar av nylege hendingar, noko som antydar at helsa er på veg nedover.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
