S.D. Wells skriv på Natural News:
Pandemien og sluttresultatet handla alltid om å injisere massane med det ultimate avfolkings-biovåpenet til globalistane – mRNA-«vaksinar». Gløym torturen som utgjorde nedstengingar, dei hjernekvelande munnbinda, det samfunnsøydeleggjande påbodet om sosial avstand, fordi det handla, handlar og alltid vil handle om å få so mange som mogleg injiserte med evigvarande prion. Kven blir distraherte? Kven lét seg rive so mykje med av galskapen, at dei faktisk gjekk med på å ta del i det farlegaste medisinske eksperimentet i historia til vestleg medisin?
Møt mRNA-biovåpenet forkledd som ein vaksine
Snakk om kamuflasje. Den sokalla mRN-«vaksinen» (som ikkje kvalifiserer som ein) vart planlagt for å infisere heile menneskekroppen med giftige piggprotein som bind seg saman ved hjelp av nanoteknologi, tettar til hjarte- og karsystemet, forureingar reinsingsorgana, slit på hjartet, får immunforsvaret til å klikke, forstyrrar sentralnervesystemet og øydelegg kvart eit foster. Det blir verre.
Kva om du hadde «fri medisinsk dekning» til å hjelpe deg å betale for behandlingane du vil trenge etter å ha blitt injisert med den «teknologiske» formelen som lurer cellene dine til å produsere millionar av giftige, virus-imiterande prion? Høyrest det ut som ein god avtale? Det er som å be folk om å skyte seg sjølv i foten med ei rifle, for so å dekkje kvart eit kirurgisk inngrep som dei vil måtte trenge for å kome seg etterpå. Høyrest dette fint ut, eller? Kor ligg sluttmålet for det?
Dei moderne gasskammera er biovåpen forkledd som vaksinar. Den moderne atomkrigen har ingenting med atomvåpen å gjere, men vil sannsynlegvis gje deg kreft, og eit hjarteinfarkt òg, ved å bruke piggprotein til å lure kroppen din til å gå i vranglås – for alltid. Kor mange leveår fjernar kvar covid-sprøyte frå menneskeheita? Snakkar vi om tiår? Visste du at sidan Wuhan-sprøyte-utrullinga, har kreftratane gått i vêret? Kva slags «omsorgsstandard» hjelper med å slå ned på kreft som invaderer kvar einaste del av kroppen din via kvart ei blodåre?
Endemålet har alltid handla om å «vaksinere» so mange sauer som mogleg
Finst det ein listigare måte utslette fleirtalet av verdas befolkning, enn med ein «medisin» som 70% av befolkninga trur er 100% «trygg og effektiv»? Minst 7 av 10 menneske som går rundt på jorda akkurat no, trur at vaksinar er den beste måten å halde seg i live, hindre virusinfeksjonar og stoppe pandemiar frå å spreie seg. Nesten kvar einaste av desse sauene trur òg på klimaendring fordi… «vitskap».
Sjølv om der finst ingen vitskap som provar at mRNA-vaksinar hindrar eller mildnar påverknaden til covid-19, har desse sauene blitt hjernevaska av forfalska, globalist-finansiert «forsking» og falsknyheits-mediekomplekset. Det same gjeld «global oppvarming», som måtte bli endra til «klimaendring» når all den NASA-forfalska statistikken vart avslørt for det den verkeleg er. Temperaturgrafen vart nøye utvalt for dei siste 100 åra, men ingen av sauene tok ein titt på 1000-årsgrafen, eller 10 000-årsgrafen, som viser at jorda faktisk er inne i ein avkjølingsfase. Oi sann.
Globalistane sitt endemål er å slå konkurs den amerikanske middelklassen, infisere dei med millionar av dødelege prion årleg, og erstatte dei alle med ulovlege innvandrarar frå rundt om i verda. Gjer dykk klare for Den sameinte bananrepublikken Amerika, fordi det er der alt dette er på veg. Har du blitt sogen inn i covid-sprøytekulten eller klimaendringskulten? Ikkje drikk av giftbegeret.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig, som raskt vil leggje til at Jorda er flat, urin er bra å dusje i, og at pedofile satanist-sionistar styrer verda.
