Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Ting ser verkeleg ut til å ta ei stygg vending no når Wuhan-koronavirus (covid-19)-«vaksinane» har fått fleire år på seg til å gjere den skaden dei vart programmerte til å gjere inni kroppane på dei fleire titals millionane som tok dei.
«Richard’s Substack» rapporterer at ei «komande dødsbølgje» er på veg mot oss som vil resultere i massedød, etterfølgt av masseøydelegging.
«Regjeringar, folkehelseministerium og Big Pharma snakkar ikkje om kva som er på veg – fordi dei er djupt medskuldige i avskyeleg folkemordkriminalitet – men der er ei rekkje prominente vitskapsfolk i verdsklasse som forklarer kva som ligg i korta dei neste åra: ein tsunami av død på grunn av dei milliardane av sokalla covid-19-vaksinar som vart injiserte i ordar av offer i land over heile verda,» står det å lese i reportasjen.
Richard Sauder, som driv nettstaden, linka til denne artikkelen frå Slay News som siterte dr. Dolores Cahill, som seier at alle som vart vaksinerte mot kinaviruset med minst éin mRNA (modRNA)-variant, vil vere døde innan tre til fem år, «sjølv om dei berre fekk éin dose».
(Sjå òg «Immunologiekspert åtvarar at alle som tok covid-19-sprøyter kan DØY innan få år», publisert 5.mai 2024.)
Cahill har forresten meir enn 25 års erfaring under beltet når det gjeld protein, antistoff og anna erfaring relatert til utvikling av denne teknologien.
«Erfaringa inkluderer arbeid med korleis protein og antistoff kan bli brukt i biomedisinske applikasjonar, inkludert i biomarkør-oppdaging, diagnostikk og personalisert medisin,» rapporterte Slay News om Cahill, som arbeider som professor i omsetjingsvitskap [engelsk translational science] ved University College of Dublim School of Medicine sitt Conway Institute.
[…]
Forsikringsselskap går konkurs i bøtter og spann av for mange erstatningskrav til etterlatne
Der døyr allereie so mange menneske no at enkelte forsikringsselskap, inkludert enkelte vi ikkje nemner her, er i «alvorlege vanskar» ifølgje Sauder, og «surrar rundt konkurssluket i finansbadekaret på grunn av den stadig veksande dødsraten».
Dersom eit visst selskap strevar med å halde seg flytande, kan ein berre gjette kor dårleg det går med konkurrentane.
«For mange folk døyr,» skriv Sauder. «Dei normale reglane for utbetaling av forsikring gjeld ikkje lenger.»
På mange måtar heiv Operasjon Warp Speed ein skiftenøkkel inn i maskineriet til den noverande verdsordenen ved å fjerne eit stort tal menneske. Enkelte av dei er allereie døde medan andre er for sjuke til å arbeide, og dei kan vente seg ein tidleg død.
No når forsikringsindustrien er i ferd med å kollapse av alt dette, vil òg resten av den globale finansindustrien gjere det same, sidan forsikringsindustrien er ein integrert del av den. Det vi ser er rett og slett ei masse-uttynning av menneske-«flokken».
«Det ser ut til at kisteprodusentar, gravferdsbyrå, balsamerarar, likhus, kyrkjegardar, gravlundar, gravarar og liknande vil få mykje arbeid framover – dersom dei då kan unngå å døy sjølve!» skriv Sauder.
«Andre industriar og brorparten av arbeidsstyrken vil få eit formidabelt skot for baugen.»
Dr. Geert Vanden Bossche er ein annan som òg åtvarar mot den «massive tsunamien» av død som framleis er i vente. Han kallar den i tillegg ei «diger, diger bølgje», og viser til det høge volumet av sjukdommar og dødsfall blant den injiserte befolkninga, som «vil styrte den finansielle, økonomiske og sosiale ordenen», åtvarar Sauder.
«Kaoset i heile samfunnet vil vere komplett,» legg han til.
«Frå det eg kan sjå, er den veksande førekomsten av dødsfall og handikapp allereie undervegs her i Ecuador. Eg ser færre små babyar og gravide enn eg brukte å gjere. Der finst framleis enkelte, men merkbart færre enn før ‘sprøyte’-kampanjen byrja i 2021. Eg merkar òg at det er meir død og uføre blant menneske i min personlege sirkel.»
Dei fullvaksinerte har framleis det verste i vente.
Omsett av den uvaksinerte redaksjonen i Saksyndig.
