Norsk BDSM-aktivist stod bak WHO-avgjerd om å fjerne seksuelle avvik som psykiatriske diagnosar

Nettstaden Reduxx (her via nettstaden En-volve) melder:

Reduxx kan avsløre at mannen som leia ein fleire tiår lang kampanje som pressa Verdas helseorganisasjon (WHO) til å avstigmatisere fetisjisme, sadomasochisme og fetisj-transvestisme, som no er inkludert i transkjønnsparaplyen, var ein fetert homorettsaktivist som dreiv eit BDSM-fangehol i Oslo. Svein Skeid, som gjekk bort i 2021, leia fetisjrettskampanje-gruppa Revise F65, som dreiv med lobbyverksemd mot WHO i fleire tiår og oppnådde målet sitt i 2018.

Skeid, som er anerkjent i Noreg som ein leiande homorettsaktivist, grunnla Revise F65-komiteen i 1996 som eit underbruk av Den nasjonale foreininga for lesbisk og homofil frigjering, eller LLH, som sidan har blitt ei transaktivistgruppe kjent som Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold – FRI.

«Føremålet med Revise F65 er å fjerne fetisjisme, transvestisme og sadomasochisme som psykiatriske diagnosar frå ICD, Den internasjonale klassifiseringa av sjukdommar, publisert av Verdas helseorganisasjon (WHO) og omsett til nasjonale utgåver over heile verda (mandat frå den nasjonale samlinga til LLH/FRI i 1996», skreiv Skeid i 2018.

«Mandatet vart basert på ei nasjonal spørjeundersøking utført blant dei nesten to tusen lesbiske og homofile medlemmene av LLH, ‘som avviste diskriminering av lêr, SM og transkjønnspersonar, og som såg på dette mangfaldet som ein verdifull ressurs».

Skeid si ytring vart skriven som respons på juni 2018-avgjerda til WHO om å fjerne dei tre psykiatriske diagnosane fetisjisme, fetisj-transvestisme og sadomasochisme som «seksualorienteringsforstyrringar» frå den nyaste utgåva av International Classifications of Diseases and Related Health Problems, ICD-11.

I ei ytring som rettferdiggjorde avgjerda, skreiv WHO: «Frå WHO sitt perspektiv er der eit viktig skilje mellom tilstandar som er relevant for folkehelsa og indikerer behovet for helsetenester, versus dei som rett og slett er skildringar av privat åtferd utan betydeleg folkehelsepåverknad, og der behandling verken er indikert eller forsøkt skaffa.»

Revise F65, medan dei hadde WHO som mål for kampanjane sine, hadde ofte eit BDSM-Pride-flagg i demonstrasjonane sine. Skeid vart òg kjent for å gå med fetisj-kostyme offentleg for å fremje si politiske sak.

Tidlegare hadde ICD-10 lista opp diagnosane i ein seksjon med tittelen F65. WHO hadde definert fetisj-transvestisme som «det å gå med kle frå motsett kjønn for å fyrst og fremst oppnå seksuell opphissing, og på den måten framstå som ein person frå motsett kjønn».

«Fetisj-transvestisme skil seg frå transseksuell transvestisme ved si tydelege tilknyting til seksuell opphissing, og det sterke ønsket om å ta av seg kleda so fort orgasmen finn stad og den seksuelle opphissinga forsvinn. Det kan finne stad som ein tidlegare fase i utviklinga av transseksualisme,» står det å lese i ICD-10.

ICD-10 hadde òg definert sadomasochisme som «ei føretrekking av seksuell aktivitet som involverer å påføre smerte eller audmjuking eller bondage,» og skriv i tillegg at «eit individ ofte oppnår seksuell opphissing av både sadistiske og masochistiske aktivitetar».

Det norske helsedirektoratet, i forkant av WHO si avgjerd, hadde allereie friskleggjort desse parafilitypanei det nasjonale diagnoseregisteret etter oppmoding frå Skeid og Revise 65. Skeid la eksplisitt ut om målet sitt om å påverke diagnosepolitikken relatert til transvestisme-fetisj og sadomasochisme over heile verda.

«I tillegg til nasjonalt arbeid, har Revise F65 òg eit internasjonalt mandat som går ut på å motivere andre land til å fjerne sine eigne nasjonale utgåver av SM/fetish-ICD-diagnosane,» skreiv Skeid. «Dess fleire land som fjernar diagnosane sine, desto større blir moglegheita for at Verdas helseorganisasjon vil rette seg etter det. Dette er det som skjedde i mange land i åra før Verdas helseorganisasjon fjerna homofili som ein diagnose frå ICD-klassifiseringa i 1990.»

Medan han fremja sadomasochisme gjennom sin aktivisme med Revise F65 gjennom LLH/FRI, var Skeid ein prominent medlem av Scandinavian Leather Men (SLM), ein homofil BDSM-organisasjon, og dreiv eit «privat fangehol» i Oslo sentrum.

«Eg ønskte ikkje å innrømme BDSM-sidene av meg dei fyrste åra, og mykje porno, gummikle og sexleiketøy forsvann ned søppelsjakta… før eg kom inn i SLM-miljøet i 1980,» sa Skeid i eit intervju frå 2019.

Avgjerda til WHO om å følgje det norske helsedirektoratet i å friskleggjere transvestisme-fetisj og sadomasochisme, vart avgjort med innspel frå professor dr. Richard B. Krueger ved Columbia University, ein sexforskar og klinisk viseprofessor i psykiatri.

Medan han erkjende kampanjeverksemda til Skeid, var Krueger medforfattar av ein 2017-rapport som støtta måla hans, som peikte ut parafili-typane som var lista opp i ICD-10-kategorien F65, og sa at, ifølgje Skeid, «dei tre diagnostiske kategoriane i ICD-10: Fetisjisme (F65.0), fetisj-transvestisme (F65.1) og sadomasochisme (F65.5) ikkje burde bli sett på som sjukdommar, og burde bli fjerna frå ICD.»

Krueger, som har tent som medisinsk direktør ved seksualåtferdsklinikken i delstaten New York sitt psykiatriske institutt, var medlem av Den amerikanske psykiatriforeininga [APA] si parafili-underarbeidsgruppe, og ansvarleg for APA si femte utgåve av Diagnostic and Statistical Manual (DSM-5) sitt avsnitt om pedofili.

Under revisjonsprosessen av DSM, konsulterte Krueger med propedofili-aktivistgruppa B4U-Act [before you act = «før du handlar»], som gjennom kampanjar prøver å få pedofili anerkjent som ei seksuell orientering, og som vart medgrunnlagt av den dømte barnevaldtektsmannen Michael Melsheimer. Melsheimer hadde eksplisitt sagt at målet med organisasjonen var å normalisere pedofili der National Association of Man-Boy Love (NAMBLA) hadde mislykkast i å gjere det. B4U-Act-medgrunnleggjaren var òg den som laga frasen «MAP», eit akronym for Minor-Attracted Persons [«personar tiltrekt av mindreårige»], ein terminologi som får stadig meir fotfeste i akademiske publikasjonar.

Diagnostiske kriterium for individ som er klassifisert som å vise pedofile tendensar i den siste utgåva av DSM, som Krueger bidrog til, fastslår: «dersom dei melder om fråvær av kjensler av skuld, skam eller angst om impulsane… og deira sjølvmeldte og juridisk registrerte historier indikerer at dei aldri har handla etter desse impulsane, so har desse individa ei pedofil seksuell interesse, men ikkje ei pedofil forstyrring.»

Ein annan prominent medlem av LLH/FRI med ei leiarrolle i Noreg fekk nyleg internasjonal merksemd etter å ha blitt arrestert for å utføre dusinvis av sadomasochistiske kastrasjonar i heimen sin i Nord-London. Den norske statsborgaren Marius Gustavson (46) lasta opp innspelingar av dei ulovlege operasjonane på «evnukk-makar»-heimesida si, som var del av eit større nettverk av menn som hjelpte Gustavson og utførde fetisj-amputasjonar og andre prosedyrar for seksuell nyting.

Frå 2001 til 2007 var Gustavson leiar i lokalstyret i Buskerud for FRI (Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold). Under perioden som Gustavson var aktiv i organisasjonen, dreiv FRI kampanjar for å få sadomasochisme og fetisjisme friskleggjort.

Om fetisjisme utgjer ein sentral komponent i Pride-feiringar, har blitt diskutert i norske media nyleg. Foreldre i Ålesund protesterte mot at Pride-flagget skulle heisast i offentlege skular og barnehagar, noko som resulterte i at symbolet vart forbode frå å visast på utdanningsinstitusjonar.

Ein offentleg debatt vart halden på NRK og byrådsrepresentant frå Kristiansand Helene Rosvold Andersen var med, der ho argumenterte at Pride er ein politisk ideologi og difor eit upassande tema å diskutere på skular. Dette perspektivet sa Gunnhild Kristin Borlauge, som sjølv er lesbisk, seg einig i, og sa at Pride-feiringar hadde blitt «seksualiserte».

Både den noverande presidenten i SLM og leiaren i Pride Oslo argumenterte mot kvinnene sine bekymringar om at fetisjisme og kjønnsideologi vart inkludert i arrangement som har homorettar i fokus. Noverande leiar i FRI, Viljar Eidsvik, argumenterte at det er «ekstremt viktig å utdanne barn om mangfaldet som eksisterer på skular» på grunn av tilstadeveringa av «skeive elevar».

SLM-president Marius Hofseth, som var til stade på debatten i fetisj-kostyme, hevda at BDSM-gruppa hadde ei viktig rolle i samfunnet. Hofseth argumenterte at homofile har rettane sine takka vere både transkjønnsaktivistar og lêrfetisj-samfunnet.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget