Studie: Munnbind gjorde INGENTING for å hindre folk i å bli sjuke under covid

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

Universitetet i East Anglia i Storbritannia har akkurat publisert ein studie som viser at Wuhan-koronavirus (covid-19)-munnbind ikkje på nokon måte reduserer risikoen for infeksjon med den sokalla Omikron-varianten (eit anagram for ordet moronic [«idiotisk»]).

Dei siste utgåvene av den kinesiske infeksjonen kan likevel spreie seg mellom folk som går med munnbind fordi eit tøystykke eller plaststykke ikkje er nok til å stoppe spreiinga, ser studien ut til å fastslå.

Forskarar samla og nyttiggjorde seg data frå Office for National Statistics (ONS), ei covid-spørjeundersøking frå England, for å vurdere infeksjonsratane mellom dei som gjekk med munnbind og dei som ikkje gjorde det. Tidsperioden dei studerte var mellom november 2021 og mai 2022 på høgda av bløffdemien.

ONS-spørjeundersøkinga inneheld detaljar om folks munnbindbruk og andre livsstilsvanar, inkludert arbeids- og reisemønster. Alt i alt fanst der ikkje fnugg av bevis som antyda at munnbind beskyttar folk mot å bli sjuke.

«Dette kjem ikkje som noka stor overrasking, fordi laboratorieevidens antydar at Omikron-varianten var betre i stand til å infisere cellene i det øvre luftvegsrøret enn tidlegare variantar, og vart dermed meir smittsam,» kommenterte dr. Julii Brainard, ein av medforfattarane av studien. 

(Relatert: Den britiske regjeringa innrømmer no at covid-munnbind tilbaud absolutt ingen beskyttelse under «pandemien».)

Kvifor er folk so redde for mytiske, luftborne sjukdommar?

Det faktum at nokon faktisk trudde at eit stykke tøy iblanda plast kunne beskytte dei frå luftboren smitte er temmeleg søkt til å byrje med, men dette er ikkje noko nytt innan vestleg medisin.

Tilbake i 1957 skreiv Julius A. Roth ved Universitetet i Chicago ein artikkel med tittelen «Ritual and Magic in the Control of Contagion» [«ritual og magi i smittekontroll»], som diskuterer den irrasjonelle frykta og paranoiaen rundt svevande [luftborne] sjukdommar.

Ved å bruke tuberkulose og statleg respons på den som eit døme, forklarte Roth at ein veit særs lite om korleis sjukdommar spreier seg. Ekspertar med liknande erfaring er sterkt ueinige om emnet, noko som viser kor diger og kompleks verda verkeleg er.

«Denne uvissa banar veg for ritualiserte prosedyrar som ofte er meir avhengige av tilgjengelegheit og lett administrasjon enn på rasjonelt deduserte sannsynlegheiter,» skreiv Roth.

«Dei banar òg veg for irrasjonell praksis som ein med rette kan kalle ‘magi’.»

Der var ein gong i tida då sjukehus ikkje steriliserte utstyr på same måte som dei gjer no, som Roth kommenterte den gongen ved å fastslå at dette faktum i seg sjølv viser at folks frykt for basillar og responsen deira på den, ofte er vilt inkonsekvent på grunn av den «magi»-faktoren.

«Det faktum at sterilisering blir utført av friviljuge arbeidarar under oppsyn av Special Services Division [ei underavdeling av det amerikanske militæret; oms.an.]er i seg sjølv ein indikator på at det blir sett på som ei ubetydeleg ekstraoppgåve, heller enn som ein essensiell sjukehusaktivitet,» skreiv Roth. […]

Omsett og noko forkorta av redaksjonen i Saksyndig.

2 comments

Kommenter innlegget