Tucker Carlson til Alex Jones: Abort er eit demonisk offer til åndeverda!

Stephen Kokx på nettstaden LifeSiteNews rapporterer:

Tucker Carlson meiner abort er ei demonisk driven «menneskeofring» som fungerer som «ei gåve til åndeverda».

Carlson kom med kommentaren i eit eksplosivt intervju med InfoWars-programleiar Alex Jones førre veke, der han òg sa at transkjønnsideologi er «ei form for massesjølvmord» fordi «du hindrar barna dine i å få barn. Difor blir du utrydda.»

Carlson voks opp i ei anglikansk kyrkje, eit samfunn han sa eigentleg ikkje meinte det dei dreiv og underviste. Han sa til Jones at han ikkje hadde tenkt so mykje på abort fordi han «ikkje hadde… ein samanhengande teologi anna enn at, du veit, eg er kristen.» Han innrømte at «å sjå kva som skjedde med verda» tvinga han til å tenkje djupare over det.

Carlson avslørte at han «alltid har vore fullstendig motstandar av abort eller drap på forsvarslause – i grunnen drap på alle, ærleg tala, bortsett frå i sjølvforsvar». Men so «seier plutseleg alle, vel, abort er i seg sjølv poenget. Som om det å ta abort er godt berre for si eiga skuld.»

«Dei prøvde ikkje eingong å overtyde deg om at du ikkje tok eit menneskeliv,» uttrykte han vidare. «Og so seier dei i grunnen at drap av menneske er ein god ting. Og eg trudde, vel, det er då litt av ein ting å seie. Og so fann eg ut… at det er det kvart einaste samfunn har sagt i heile den dokumenterte historia.»

Carlson peikte på kanaanittane, mayaane, aztekarane, so vel som nordeuropeiske folkeslag, og at dei alle var skuldige i denne «kontraintuitive» måten å operere på.

I april uttrykte Carlson sitt syn om at krefter utanfor det menneske kan sjå utøver ei viss mengd påverknadskraft på dei. På den tida intervjua han for programmet sitt på X den agnostiske tech-milliardæren Bryan Johnson, som bruker millionar av dollar på helsa si for å flytte grensene til teknologi og lengda på menneskeliv.

Carlson sa til Johnson at «den mest openberre forklaringa» på menneskeleg åtferd er at «vi blir påverka av demonar, og dette er korleis kvar einaste religion eg veit om har skildra det, korrekt i mi meining.»

Carlson delte liknande kommentarar om UFO-ar i eit intervju med Joe Rogan i år. Han gjentok synspunkta sine i samtalen sin med Jones.

«Der er noko med å drepe andre menneske rituelt som eit offer til åndeverda som går som ein konstant gjennom menneskehistoria,» sa han. «Og det einaste logiske svaret er i grunnen at ei eller anna utanforliggjande kraft bad dei gjere det, ikkje sant? At åndeverda er ekte, og at der finst demonar der ute som seier til folk at dei vil bli lykkelegare, tryggare, rikare, og mektigare dersom dei tek livet av eit barn.»

«Evolusjonsbiologien seier til oss at heile poenget med eksistens er å halde fram eksistens, å overføre genane sine til neste generasjon, og so mange, mange fleire, ikkje sant?» spurde Carlson deretter. «Og likevel har kvar einaste sivilisasjon heilt frå dei eldste tider kome fram til stikk motsett konklusjon: vi vil bli lykkelegare av å drepe frukta av våre livmødrer, barn, og vi få premie av gudane for å gjere det. Kvar einaste sivilisasjon har kome til den konklusjonen utan unntak, sovidt eg er klar over.»

Sidan den amerikanske høgsteretten gjorde om på Roe v. Wade i 2022, har Demokrat-orienterte delstatar i heile USA vedteke lover som har anten legalisert abort heilt fram til fødselen eller tillate det fram til «levedyktigheit», som er rundt den 24. veka av graviditeten. ABC News rapporterte at per fredag førre veke [veke 24], «har 14 delstatar stoppa nesten alle aborttenester, og tre delstatar har innført seksvekers forbod» medan «minst ni delstatar har ingen restriksjonar».

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

One comment

Legg att svar til StormFrog Avbryt svar