Rhoda Wilson på nettstaden The Exposé melder:
The New Scientist la ut ein urovekkjande video på Twitter som viste eit eksperimentelt ansikt meint for ein robot, som er laga av levande menneskehudceller – og det er i stand til å smile.
«Ein teknikk for å feste hud laga av levande menneskeceller til eit robot-rammeverk kan gje robotar evna til å uttrykkje kjensler og kommunisere på ein meir livaktig måte,» stod det å lese i artikkelen som følgde med Twitter-innlegget til New Scientist.
Artikkelen heldt fram: «Teamet festa skinnet på eit smilande robotfjes, nokre centimeter breitt, som blir bevega av stenger kopla til basen. Det var òg festa til ei like stor 3D-form forma som eit menneskehovud (sjå her), men dette kunne ikkje bevege seg.»
I ein kommentarartikkel til New Scientist-videoen og -artikkelen skreiv Modernity.news følgjande:
«The New Scientist skriv ‘Eit smilande ansikt laga av levande menneskehud kan ein dag bli festa til ein menneskeliknande robot, noko som lèt maskiner uttrykkje kjensler og kommunisere på ein meir livaktig måte, seier forskarar’.
Kva slags forskarar seier dette no? Var ikkje dr. Evil tilgjengeleg for kommentar? Førestill deg at det rosa marerittet smiler ned til deg då det seier at det er din nye meister.
Artikkelen held fram: ‘Det levande vevet er ei framdyrka blanding av menneskehudceller dyrka i eit kollagen-stillas og plassert på toppen av ein 3D-printa resinbase.
Naturlegvis er det det. Eg kunne ikkje ha forventa noko anna for eit Robot McHud-fjes.
Den held fram: ‘Ulikt tidlegare eksperiment, inneheld huda òg det som tilsvarer bindevev som, hjå menneske og andre dyr, ligg djupt nede i laget av vev under huda, held det på plass og gjev det utruleg styrke og fleksibilitet.’
So du vil streve med å rive det av i det du desperat prøver å avsløre for verda den ekte identiteten til den nye herren og meisteren.
Men seriøst, kvifor må dei lage det av levande menneskehud? Kan vi ikkje berre få framtidige drapsrobotar til å sjå ut som robotar?
Har dei som intensjon å gjenskape Terminator-filmane nøyaktig? Dystopiske filmar og bøker er meint å vere åtvaringar, ikkje brukarrettleiingar.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
