McDonald’s innrømmer at kundar avviser burgarar laga av falskt kjøt

Great Game India rapporterer:

McDonald’s har bestemt seg for å ikkje gjenintrodusere sin McPlant-burgar laga av falskt kjøt etter skuffande testresultat i San Francisco og Dallas. Joe Erlinger, presidenten i amerikanske McDonald’s, avslørte dette på Wall Street Journal sitt Global Food Forum, og sa at burgaren ikkje lykkast i nokon marknader. Han la vekt på at amerikanske forbrukarar ikkje er ute etter plantebaserte alternativ på McDonald’s og føretrekkjer varer slik som pommes frites, femdollars måltid og ferske sandwichar i staden. Medan plantebaserte varer er vekke frå menyane no, hinta Erlinger at salatar kan vende tilbake dersom behovet melder seg. McDonald’s fokuserer på kylling på grunn av stort behov, og sel for tida meir kylling enn storfekjøt. Dei satsar på nye avtalar slik som ei femdollars pakkeavtale og gratis pommes frites om fredagane for å lokke tilbake kundar no når det er inflasjonsutfordringar.

[…]

Erlinger sa at amerikanske forbrukarar ikkje kjem til McDonald’s og ber om ein McPlant-burgar eller andre plantebaserte protein. Kjeda samarbeidde tidlegare med Beyond Meat om å skape McPlant-burgarar og nuggets.

Plantebaserte matvarer er for tida vekke frå menyen, sjølv om Erlinger ikkje utelukkar at salatar vil vende tilbake i framtida. Dette vil bli avgjort av om det er tilstrekkjeleg kundegrunnlag for det.

«Dersom folk verkeleg ønskjer salatar frå McDonald’s, vil vi med glede relansere salatar,» sa Erlinger. «Men det erfaringa vår har vist, er at det ikkje er det kundar ser etter på McDonald’s.» I staden ser kundar etter gratis pommes frites, femdollars avtalar og varme, ferske sandwichar, la han til.

Tysdag 25.juni lanserte McDonald’s offisielt sin femdollars pakkeavtale, som er venta å vare rundt fire veker. Avtalen inkluderer ein McChicken eller McDouble, ein liten pakke pommes frites, ein liten drikke og eit McNugget-måltid med fire bitar.

I verdimåltidskonkurransen stoler McDonald’s på meir enn berre pakkeavtalen for å vinne igjen tapt forteneste på grunn av aukande inflasjon. Restauranten tilbyr òg gratis pommes frites kvar fredag til slutten av 2024, so lenge kundane handlar for minst ein dollar ved bruk av mobilappen.

Andre matgigantar, slik som Wendy’s, Burger King og Starbucks, har òg laga promokampanjar for å lokke kundane tilbake.

I mellomtida formidla McDonald’s intensjonar om å fokusere på kylling i det protenforbruk får behovet til å auke.

«Vi sel meir kylling i dag som merke enn vi sel storfekjøt,» sa Erlinger, som var 30 då han arbeidde som leiar ved ein McDonald’s i Chicago. «Vi står lagleg til for å tene den trenden godt, og det er der vi gjer investeringar.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget