William Upton på nettstaden The National Pulse melder:
Den uavhengige presidentkandidaten Robert F. Kennedy Jr. kan ha fått ein parasittisk orm som åt delar av hjernen hans, etter at han åt ein grilla hund i 2010 under ein tur til Sør-Korea. Ormen vart oppdaga av legar same året som Kennedy klaga over hukommelsestap og kognitive vanskar – noko som fyrst vart tilskrive ein mogleg hjernesvulst.
Ifølgje Kennedy åt parasitten ein del av hjernen hans før den døydde. Dødsfallet til ormen kan ha vore eit resultat av kvikksølvforgifting, som Kennedy òg vart diagnostisert med på den tida. Då hjerneormhistoria vart offentleg kjent i mai i år, hevda den uavhengige presidentkandidaten at han ikkje visste heilt sikkert når han fekk parasitten. Derimot erkjende han at det kan ha vore under ein tur til Sør-Asia i 2010.
I fjor sendte Kennedy eit bilete frå sin 2010-tur til ein venn som reiste til Asia. På fotografiet kan Kennedy sjåast med ei uidentifisert kvinne som held eit grilla dyr som ein trur kan vere ein hund. Kennedy sendte visstnok biletet saman med ei tilråding frå ein sør-koreansk restaurant som serverte hundekjøt, noko som antyda at han hadde delteke [i å ete dyret].
Mottakaren av biletet sa at han/ho vart forskrekka av biletet. Vedkomande la derimot til at Kennedy hadde tendens til å sende smaklause og støytande bilete via MMS til venner – inkludert nakenbilete av dame som såg ut som dei var tekne i smug.
Parasittiske ormar kan bli overført frå hundar til menneske gjennom andre måtar enn å ete hundekjøt – slik som kontakt med avføring. Derimot oppdaga ein 2001-studie frå Henan Medical University i Kina at fleire storskala-utbrot av parasittorm-infeksjonar i landet direkte kunne tilskrivast inntak av hundekjøt.
Kennedy insisterer at biletet eigentleg viser ei grilla geit, og at det vart teke i Latin-Amerika.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig, som vurderer å grille i helga.
