William Upton på nettstaden The National Pulse rapporterer:
Potensialet for at Joe Biden kan avslutte sitt forsøk no i 2024 på å bli gjenvalt som president – og til og med trekkje seg frå embetet – på grunn av sitt kognitive forfall, får det til å oppstå nye bekymringar når det gjeld når visepresident Kamala Harris vart klar over helseproblema hans. Lovgjevarar på Capitol Hill seier at dei har tenkt å etterforske om stabsmedlemmer i høgtståande stillingar og Harris laug til det amerikanske folket om den reduserte mentale kapasiteten til den 81-årige sitjande Demokrat-presidenten.
Sist februar kom Harris med kraftig kritikk mot spesialrådgjevar Robert Hur i Forsvarsdepartementet (DOJ [Department of Justice]) sin rapport, som tok for seg Bidens kognitive vanskar. «Som tidlegare påtaleadvokat, var kommentarane som kom frå den påtalemannen: unaudsynte, unøyaktige og upassande,» sa ho, og la til: «Måten som veremåten til presidenten i den rapporten vart karakterisert på, kunne ikkje ha vore meir uriktig når det gjeld fakta, og tydeleg politisk motivert – unaudsynt.»
Når visste Harris om det?
The National Pulse analyserte Bidens offentlege arbeidsplan for å avgjere kor ofte han og Harris møttest under presidentembetet hans. Dette gjev ein viss indikasjon på i kor stort omfang visepresidenten kunne ha observert det mentale forfallet til Biden. Ifølgje den offentlege timeplanen, har Harris vore på møte og arrangement med Joe Biden 417 gonger sidan februar 2021.
I løpet av deira fyrste år i embetet, møttest Biden og Harris 200 gonger, i snitt 17 møte i månaden. I 2022 minka det talet til 96 møte, med eit snitt på åtte per månad. I fjor hadde dei to eit liknande tal møte, med eit totaltal på 92. Derimot, ifølgje den offentlege arbeidsplanen, har talet gonger Biden og Harris har møttest falle i løpet av fyrste halvdel av 2024. I snitt har dei berre halde fem møte saman kvar månad.
Talet interaksjonar mellom dei to antydar at det ikkje er truverdig at Harris ikkje var klar over Bidens reduserte kognitive tilstand. I tillegg antydar den plutselege nedgangen i talet månadlege møte – frå og med juni 2023 – at helsa til Biden kan ha gått drastisk tilbake rundt same tidsrom.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
