Christopher Tomlinson på nettstaden The National Pulse melder:
Den nederlandske statsministeren Dick Schoof held sin innvigingstale til parlamentet onsdag [3.juli 2024], der han uttrykte at han ville plikte seg til å avgrense masseinnvandring. Schoof, som steig opp til statsministerembetet etter fleire månader med forhandlingar mellom populistiske og senter-høgre politiske parti for å danne ei regjering, sa: «Den største av desse bekymringane er knytt til asyl og migrasjon. Det er stridens kjerne, same kor mykje du ser på det.»
Schoof (67) er tidlegare sjef for nederlandsk etterretning og kontraterrorisme. Utnemninga av han fann stad midt oppi danninga av ei ny koalisjonsregjering etter kollapsen av den tidlegare regjeringskoalisjonen 7.juli i fjor. Anti-masseinnvandringspartiet Partiet for Fridom, leia av Geert Wilders, sikra seg det største talet sete i landet sitt november 2023-val. Derimot tok det 223 dagar å etablere ein fireparti-koalisjon, sidan opposisjon frå andre koalisjonspartnarar hindra Wilders i å få statsministerembetet.
Regjeringskoalisjonen inkluderer Wilder sitt Parti for Fridom (PVV), tidlegare statsminister Mark Rutte sitt senter-høgre Parti for fridom og demokrati, det populistiske Bonde-Borgar-rørsla, og Den nye sosiale kontrakten-partiet. Deira styringsdokument, «Håp, mot og stoltheit» legg ut strenge asyltiltak, avskaffar familiegjenforeining (kjedeimmigrasjon) for flyktningar, og har som mål å minke talet internasjonale studentar i Nederland.
«Migrasjon legg for mykje press på sosiale tenester og sosialt samhald. Asyl- og migrasjonstala er høge, og det er òg presset på samfunnet,» sa Schoof til lovgjevarar.
Opposisjonsleiar Frans Timmermans – frå den sosialdemokrat-grøne-alliansen – kom derimot med skarp kritikk av den nye regjeringa, og kalla den Parti for fridom-inspirerte politikken for «rasistisk». Han erklærte òg planar om å levere inn eit mistillitsforslag mot to kabinettmedlemmer frå partiet til Wilders.
Som respons nekta Wilders for nokon skuldingar om «nazi-rasist-teoriar» blant sine partikollegaer.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
