Elon Musk: USA har ikkje ein president

RT melder:

Den amerikanske administrasjonsgreina har faktisk mangla ein reell leiar «ei god stund», antydar milliardær-gründeren.

USA har ikkje ein reell president og har ikkje hatt ein «ei god stund», antydar Tesla- og SpaceX-grunnleggjar Elon Musk.

Musk gjekk ut på sitt X (tidlegare Twitter) sosialmedienettverk for å kome med sine meiningar om det pågåande politiske spetakkelet i kjølvatnet av debattane mellom USAs president Joe Biden og tidlegare statsleiar Donald Trump. Han la ut på nytt eit innlegg av ein annan brukar, med eit skjermbilete av ein meiningsartikkel publisert av New York Times med tittelen «Does America need a president?» [«treng USA ein president?»].

«Eit reellt spørsmål… sidan vi openbert ikkje har hatt ein på ei god stund, hehe,» skreiv Musk.

Sjølve artikkelen, som er skriven av den sosialkonservative artikkelforfattaren Ross Douthat, driv ein polemikk med andre forfattarar når det gjeld rolla til presidenten i det amerikanske samfunnet, om ein dysfunksjonell president kan bli fullt ut erstatta med andre i administrasjonsgreina, påverknadskrafta ein slik «leiar» kan ha på avgjerdstaking og ansvarleggjering, og andre tema.

Douthat sjølv har drive og argumentert i lang tid før den katastrofale debatten at Biden «må bli erstatta fordi det ville vere utruleg farleg å ha ein tilårskomen president i Det kvite huset dei neste fire åra – og ikkje berre fordi Demokratane fryktar at han kan tape overfor Trump i november.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget