15-minuttsbyar, «quiet quitting» og forvirringsproblema til Biden

Dr. Vernon Coleman skriv, her henta frå hans Passing Observations 256, gjengjeve frå The Exposé:

President Biden har den forma for maskeliknande fjes ein ser hjå dei med Parkinsons sjukdom. Er det ein ørliten sjanse for at han kanskje går på Levadopa for tilstanden sin? Dette legemiddelet kan forårsake forvirring. Er det ein ørliten sjanse for at Biden ønskjer å forbli president slik at han kan benåde sonen sin og unngå fengsel? For ein tragedie det er at begge dei amerikanske presidentkandidatane ser meir skikka ut for institusjonsomsorg enn fire nye år i Det kvite huset.

Ni av ti britiske arbeidarar innrømmer at dei praktiserer «quiet quitting» – dei jobbar akkurat so mykje på arbeidsplassen at dei ikkje blir oppsagt for manglande prestasjonar. Dette er ein av grunnane til at produktiviteten i Storbritannia er den lågaste i verda. Quiet quitting stille oppseiing»] har kosta økonomien fleire hundre millionar, og det ser ut til at det berre vil halde fram. Det er difor ingen bryr seg og ikkje nemneverdig mykje blir gjort.

Avisa The Guardian hevdar at «dei rike og mektige» prøver å stoppe dei frå å publisere historier og klagar om «lobbygrupper med ugjennomsiktig finansiering som er bestemt på å underminere fakta om klimakrisa og annan etablert vitskap». Øh, når har det nokosinne vore nokon som helst etablert vitskap om den påståtte klimakrisa? Klimaendring er ein farleg, løgnaktig myte fremja av forrykte milliardærar, Bilderberger-medlemmer og medlemmer av World Economic Forum. Og er dette den same Guardian-avisa som sidan 2020 har mislykkast i å oppmuntre til debatt om covid-skandalen og den giftige covid-19-vaksinen? The Guardian er del av hovudstraumsmedia, dei som kollektivt har undertrykt ytringsfridom i årevis. Sanninga, naturlegvis, er at covid-19-vaksinen er giftig og aldri gjorde det den var meint å gjere. Eg veddar på at du ikkje vil sjå det bli diskutert i The Guardian. The Guardian er del av medieetablissementet – og må stå i same bås som BBC og Daily Mail.

Kryptovaluta er no verdt tre billionar [tre tusen milliardar] amerikanske dollar. Det er særs rart. Fordi dei faktisk ikkje er verdt noko i det heile.

Innan to-tre år vil KI-industrien bruke like mykje industri som Nederland.

Planleggjarar vart nekta løyve til å byggje nytt datasenter i Storbritannia fordi dei føreslegne bygningane kjem til å bli synlege frå ei motorvegbru.

Innvandring er eit stort problem i USA, Canada, Australia, mesteparten av EU og Storbritannia. Bortsett frå unntak slik som Monaco, har England vore det mest overbefolka landet i verda i årevis, og er no farleg overfylt. Innan eit år eller noko sånt kjem den britiske befolkninga til å vere på 70 millionar. Og medan befolkningstalet går opp, vil Storbritannia bli fattigare og offentlege tenester vil bli meir tynnstrekte.

«Å leve er so skremmande at ein ikkje har tid til særleg mykje anna.» – Emily Dickinson.

Tilhengjarar av flat jord-teorien blir stadig fleire. Dei trur ikkje på basillar eller tyngdekraft. Heldigvis er det lett å kjenne dei igjen. Dei går med shorts, lange, kvite sokkar og plastikk-sandalar, og ber med seg ei vellesen utgåve av The Guardian.

Der ligg planar for 500 nye høgblokker (alle minst 20 etasjar høge) for London. Alt er del av planen for 20-minuttsbyar (eller, meir nøyaktig, «20-minuttsforstader»).

Eg er lei meg for å måtte fortelje dette, men Storbritannia er konkurs. Landet har 2,6 billionar i ufinansierte offentleg sektor-pensjonar, og den gjelda veks dagleg. I fjor la Staten til 132 000 fleire menneske til den statlege lønningslista. Statlege apparatsjiks formeirar seg som fluger. Studentlån skyt til himmels, og studentar skuldar allereie over 200 milliardar pund til Staten. Og mesteparten kjem ikkje til å bli betalt. Vi har brukt fleire hundre milliardar på andre sine krigar, og vi planlegg å bruke fleire hundre milliardar på «null-utslepp» [«net zero»]. Responsen på dette vil bli å skru opp skatteprosenten for gründerar. Mesteparten av dei kjem til å emigrere og ta pengane sine med seg. Dersom Storbritannia var eit selskap, ville ingen investere i det.

Helseomsorg brukte å bli organisert for å halde folk i live og friske. Etter kvart som månadene og åra går vil det bli stadig tydelegare at hovudmålet til organisert helseomsorg er å drepe folk utan å skape for mykje merksemd rundt kva som skjer. […]

Klimaendringsgalningar er i ekstase over at selskap bruker elektriske omnar i staden for kolomnar for å gjere jarn om til stål. Det er berre ei lita hake ved det. Fossildrivstoff trengst for å produsere straumen til dette. Men galningane, som lukkar auga og stikk fingrane i øya, ønskjer ikkje å høyre dette.

Mitt favorittskilt nokosinne stod på ei strand i Devon, der det på skiltet stod å lese «Ikkje kast steinar på dette skiltet». Det var alt som stod på det.

Globale prisar på varer går opp fordi «null-utslepp» krev enorme mengder kopar (for alle dei leidningane), og null-utsleppsgalningar har stoppa bankar frå å investere i gruvedrift. Åh, og dei ekstra skattane tydar at selskap ikkje kjem til å gidde å ta opp olje frå Nordsjøen. Til slutt vil solingeniørkunst (blokkere sola) redusere den allereie minimale solproduksjonen av elektrisitet.

For femten år sidan vart over halvparten av alle betalingar i Storbritannia utført med kontantar. I dag involverer mindre enn 10% av betalingar kontantar. Ikkje overraskande sidan det i løpet av dei siste fem åra har blitt fjerna rundt 15 000 minibankar, og meir enn 2000 bankfilialar har stengt.

Anonymitet på nettet har gjort internett ei myr og har, paradoksalt nok, skadd fridom og privatliv. […]

Eg spår at det britiske postvesenet (Royal Mail) vil vere dødt og gravlagt innan fem år. Vi kjem til å sakne det.

Å gjere dyrka mark om til villmark til øydeleggje landbruket. Og vi vil alle måtte ete insekt dyrka i vertikale fabrikkar i våre 20-minuttsbyar.

Omsett og noko forkorta av redaksjonen i Saksyndig, som lurer på om det er «betre» å bu i ein 20-minuttsby enn i ein 15-minuttsby, sidan ein kjem seg lenger til fots på 20 minutt enn på 15 – «buret» er då ein tanke større.

Kommenter innlegget