Unnasluntring eller strategi for å meistre ein krevjande jobbkvardag?

«Stille oppseiing»: Generasjon Z sin nye trend i å gjere berre det høgst naudsynte på jobb

Av Joshua Young, The Post Millennial. Omsett av saksyndig.

Stille oppseiing [engelsk quiet quitting] har slått an hjå Generasjon Z-medlemmer, og nesten ein fjerdedel av amerikanarar gjer det. Fenomenet bidreg òg til inflasjon og permittering.

25.juli publiserte ein mann ein video av seg sjølv på TikTok, der han sat lettare henslengt på ein T-banestasjon, med munnbind, og byrja å snakke om «stille oppseiing», ei gammal-er-ny-orsaking for å rasjonalisere å berre gjere det høgst naudsynte på arbeidsplassen. Det slår an hjå Generasjon Z og bidreg òg til inflasjon og permittering.

Med ei stemme som reflekterer hans avslappa posisjon, sa TikTok-brukar zaidleppelin: «Eg lærte nyleg om denne nye termen ved namn ‘stille oppseiing’ der du ikkje direkte seier opp jobben din, men seier heller opp ideen om å utføre idealyting. Du gjer framleis arbeidsoppgåvene dine, men du tek lenger ikkje del i mentaliteten om at arbeid må vere livet ditt.»

Ifølgje ei spørjeundersøking frå Resume Builder, utfører 21% av amerikanarane «stille oppseiing».

NRP rapporterer at mediekonsulent og Substack-forfattar Ed Zitron trur at termen såg dagens lys fordi amerikanske selskap utnyttar arbeidskrafta til sine tilsette.

Zitron sa: «Termen ‘stille oppseiing’ er so fornærmande, fordi den antydar at folk som gjer jobben sin likevel på ein eller annan måte har sagt opp jobben sin, og framstiller arbeidarar som ein slags skurk i eit reknestykke der dei gjer nøyaktig det dei får beskjed om.»

Døme på stille oppseiarar inkluderer Daniella Flores, ein tidlegare IT-arbeidar i eit finansselskap. Ifølgje CNBC titulerer Flores seg med «dei»-pronomen, og «sa stille opp» i juni 2021, berre for å bokstavleg tala seie opp for å drive meir med blogging og finne uspesifiserte kreative prosjekt.

I den originale TikTok-videoen tilbragte stille-oppseiaren zaidleppelin sin nyleg tileigna lediggang på å prøve å røre bobler laga med eit såpeblåsar-leiketøy.

Yahoo News har ein artikkel om ein «stille-oppseiar», TikTok-brukaren millenialmsfrizz, som sa at ho har ingen intensjon om å ta på seg «ekstra ansvar utan ekstra kompensasjon». Ho er lærar.

Zitron sa: «Dersom du ønskjer at folk skal ‘yte det vesle ekstra’, kompenser dei for det. Gje dei 200 dollar. Betal dei for ekstraarbeidet,» utan å spesifisere ramma for dei 200 dollarane. Avhengig av om ein tilsett går på akkord, får timebetaling eller jobbar frilans, kan ein uspesifisert bonus på 200 dollar medføre gransking frå eit nyleg oppsvulma IRS [den føderale amerikanske skatteetaten; oms.an.].

USA Today rapporterer at epidemien av «stille oppseiing» i betydeleg grad påverkar produktiviteten, og det kjem medan Federal Reserve [den amerikanske sentralbanken; oms.an.] prøver å få kontroll over prisane. Resultatet er at praksisen bidreg til inflasjon, og at selskap må utføre kutt i stillingar og permittering.

Andre rapportar om stille oppseiing forsterkar ein standard av å rett og slett setje grenser, og kommunisere tydeleg med sjefar om innsats og forventingar.

Mor og prosjektmanager Kristin Zawatski sa til NPR: «Med kunnskapen om at livet er kort, ønskte eg ikkje lenger å sløse det vekk ved å heile tida uroe meg over kva type tilsett eg var, fordi barna bryr seg ikkje om kva slags tilsett eg er.»

For Zawatski innebar stille oppseiing rett og slett å gå vekk frå bekymring over fråvær frå jobb so ho kunne tilbringe tid med barna sine.

I den originale TikTok-videoen enda zaidleppelin tanken sin [om at arbeidet er livet ditt] med: «Røynda er at det er det ikkje, og din verdi som person er ikkje definert av arbeidet du gjer.»

Kommentar frå saksyndig: Med tanke på forholda som i aukande grad regjerer i arbeidslivet, er det ikkje rart at enkelte går vekk frå forsøket på å utøve idealyting, og heller konsentrerer seg om å gjere berre nøyaktig det arbeidets art krev. På min eigen jobb går enkelte kollegaer ut av sine gode skinn for å utføre si tolking av idealyting, og dei blir uunngåeleg sjukemeldte når dei ikkje lenger klarer å jobbe på den måten. Det finst derimot ein balansegang mellom det å ikkje slite seg ut, og det å ta det so roleg på jobben at kollegaer og leiing feiltolkar den tilsette som lat, arbeidssky eller unnasluntrande. Strategien bør etter mitt syn difor prøvast ut på eige ansvar, og helst ikkje saman med kollegaer som har eit urealistisk syn på at idealyting er den einaste akseptable ytinga. Slikt kan det erfaringsmessig fort bli personalkonfliktar av.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s