John F. Kennedy, den 35. presidenten i USA, vart 22.november 1963 myrda i eit attentat i Dallas i den amerikanske delstaten Texas. Mordet fann stad medan han sat i baksetet på ein bil gjennom gata Dealey Plaza i hjartet av byen. Med han var kona Jacqueline, Texas-guvernør John Connally og guvernørens kone Nellie. Kennedy døydde på sjukehuset Parkland Memorial Hospital 30 minutt etter hendinga, 46 år gammal. Gjerningsmannen vart raskt utpeikt som den tidlegare marinesoldaten Lee Harvey Oswald, som hadde skote Kennedy frå det nærliggjande bygget Texas School Book Depository. Ein politimann ved namn J.D. Tippit miste òg livet i attentatet. 24.november vart Oswald skoten i kjellaren på hovudkvarteret til Dallas-politiet av nattklubbeigaren Jack Ruby. Både mordet på Kennedy og mordet på Oswald er fanga på kamera, og er i dag rekna som ikoniske bilete på ei av det 21.hundreårets mest dramatiske hendingar (naturlegvis med unntak av dei to verdskrigane, 11.september og andre liknande, verdsendrande hendingar). Etter 10 månaders etterforsking, kom Warren-kommisjonen fram til at Oswald hadde handla fullstendig på eiga hand, og at Ruby var den einaste som stod bak mordet på Oswald.
Allereie på slutten av 1970-talet byrja ein å snakke om at det kunne vere meir enn ein person som skaut president Kennedy i Dallas. I ein rapport frå 1979 trekte det amerikanske House Select Committee on Assassinations (HSCA) konklusjonen at Kennedy sannsynlegvis hadde blitt myrda «som resultat av ein konspirasjon», og at analyse peikte på eksistensen av eit andre skot, og «høgt sannsyn for at to skyttarar skaut på presidenten». Det amerikanske justisdepartementet utførde derimot òg undersøkingar, og slo fast at ingen evidens kunne identifiserast for å støtte teorien om ein konspirasjon. I spørjeundersøkingar som fann stad frå 1966 til 2004 vart det likevel avdekt at opp til 80% av amerikanarane hadde mistanke om at ein prøvde å dekkje over kva som eigentleg skjedde.
Offisielt var det eine og åleine Lee Harvey Oswald som myrda president Kennedy. Heilt sidan attentatet i november 1963 har det versert ymse alternative teoriar om kven som eigentleg stod bak. Ifølgje tidlegare distriktsadvokat i Los Angeles, Vincent Bugliosi, har i alt 42 grupper, 82 snikmordarar og 214 personar blitt anklaga for å ta del i «ymse konspirasjonsscenario». Dokument relatert til Kennedy-attentatet vart gjort tilgjengelege for offentlegheita 26.oktober 2017, men dei gjenverande dokumenta er enno ikkje offentleggjorte. Både president Trump og «president» Biden utvida fristen for å offentleggjere dei. Trump sette fristen til 26.oktober 2021, men Biden utvida den til 15.desember 2022, visstnok på grunn av forseinkingar relatert til Covid-19-«pandemien».
Nevøen til Kennedy, Robert F. Kennedy Jr., er ein av dei som trur at onkelen vart myrda som del av ein konspirasjon, noko han skriv om i boka si JFK and the Unspeakable. Han har òg sagt at faren hans, Robert F. Kennedy, som òg vart myrda i eit attentat (juni 1968), var overtyda om at andre bortsett frå Oswald stod bak brorens mord. Det skal her nemnast at FBI-direktør J. Edgar Hoover skreiv i eit brev: «Det eg er bekymra over […] er å få tak i noko som kan overtyde folket om at Oswald er den ekte gjerningsmannen.» CIA avdekte i tillegg at nokon hadde gjeve seg ut for å vere Oswald i telefonsamtalar og besøk på den sovjetiske og kubanske ambassaden i Mexico by fleire veker før attentatet. Denne informasjonen visste FBI-Hoover om allereie dagen etter attentatet:
«Central Intelligence Agency [CIA] formidla at 1.oktober 1963 hadde ei ekstremt sensitiv kjelde rapportert at eit individ som identifiserte seg som Lee Harvey Oswald kontakta den sovjetiske ambassaden i Mexico by for å høyre om der var nokre beskjedar. Spesialagentar frå dette byrået som har konversert med Oswald i Dallas, Texas, har observert fotografi av individet ein viser til ovanfor, og har lytta til eit opptak av stemma hans. Desse spesialagentane meiner at individet ikkje var Lee Harvey Oswald.»
Med andre ord var det ein annan person som var på ambassaden, noko Hoover fortalde same dag til den nye presidenten, Lyndon B. Johnson. Som respons på informasjonen uttrykte president Johnson bekymring for om Sovjet-leiaren Nikita Krustsjov og/eller Cuba-diktator Fidel Castro kunne vere involvert i attentatet – og ein slik situasjon kunne i Johnsons eigne ord eskalere til «… ein krig som kunne ta livet av 40 millionar amerikanarar på ein time.» Det var Johnson som oppretta Warren-kommisjonen, som kom fram til konklusjonen at Oswald – og berre han – stod bak Kennedy-attentatet. Gjorde dei dette for å hindre ei djup politisk krise og ein potensiell atomkrig mellom USA og Sovjetunionen?
Ei rekkje forskarar og forfattarar (Mark Lane, Henry Hurt, Michael L. Kurtz, Gerald D. McKnight og andre) har peikt på inkonsekvensar, tilbakehalding av bevis, openberre feil, endra forklaringar eller endringar gjort på vitnesbyrd i den offisielle etterforskinga til Warren-kommisjonen. Walter Cronkite, nyheitsanker i CBS News, sa at kommisjonen faktisk lét FBI og CIA etterforske seg sjølve, noko som visseleg sette sitt preg på svara som kom fram i undersøkinga. Kommisjonen kunne utmerka ha brukt sine eigne etterforskarar, men valde likevel å ikkje gjere det når det gjaldt å undersøkje etterretningsbyråa.
Det ser ut som om dei eigentlege bakmennene bokstavleg tala har gått over lik for å halde sanninga skjult for offentlegheita. Fleire vitne skal òg ha blitt skremt til å teie, mellom anna av FBI-agentar (dette ifølgje Jim Marss i boka Crossfire). Fleire vitne skal òg ha døydd under mystiske omstende i etterkant av attentatet. Den erfarne journalisten Dorothy Kilgallen skreiv fleire kritiske artiklar om Kennedy-attentatet og Jack Ruby sitt drap på Oswald. Ho vart funnen død i huset sitt på Manhattan 8.november 1965, visstnok på grunn av overinntak av alkohol og legemiddel.
Offisielt kom alle dei dødbringande skota mot Kennedy frå eit vindauge i sjette etasje av det søraustlege hjørnet av Texas School Book Depository, av Oswalds skytevåpen. Derimot seier fleire «konspirasjonsteoriar» at minst éin annan skyttar var plassert i Dal-Tex-bygningen på andre sida av gata frå det nemnde Texas School Depository. Måten Kennedy bevegar seg på då han vart skoten føreslår at han vart skoten framifrå. Han vender fyrst hovudet ned, før han vender det tilbake. Enkelte meiner dette skuldast at han vart treft av to kuler nesten samstundes; ei bakfrå og ei framifrå. Rockefeller-kommisjonen sitt panel av utpeikte ekspertar kom i 1975 fram til konklusjonen at Kennedy sine rørsler ikkje kom av to kuler frå to ulike retningar, men frå rykningar på grunn av nevromuskulære skadar frå å ha blitt skoten i hovudet.
Wikispooks omtalar Kennedy-attentatet som ei «vesentleg djuphending» i utviklinga av den amerikanske djupstaten. Djupstatsaktørane som stod bak, kallar seg «Kabalen» («The Cabal») og er aktive i amerikansk politikk den dag i dag. Etter kvart vart den amerikanske djupstaten supranasjonal, eller overnasjonal i natur. Dei er tett knytte til CIA og mafiaen. Oswald og Ruby vart framstilt i den offisielle forteljinga som «lone nuts», «einslege galningar», men seinare evidens viser at begge hadde nære band til ymse statlege amerikanske byrå. Dei var ifølgje Wikispooks involvert i eit komplekst plott orkestrert av eit team som for det meste bestod av personar på innsida av den amerikanske regjeringa. Personar som visste om hendinga i forkant og som snakka ut om den, vart visstnok sperra inne på grunn av påstått psykisk sjukdom. Ruby skal ha operert på vegner av den amerikanske djupstaten, truleg for å fjerne det einaste vitnet som definitivt visste sanninga om skota i Dallas. Ruby sjølv døydde i fengsel i Dallas 3.januar 1967, offisielt av blodpropp i lungene relatert til lungekreft. Han var visstnok med i den lokale mafiaen og involvert i gambling, narkotika og prostitusjon.
Warren-kommisjonen som var med på å etablere den offisielle forteljinga knytt til Kennedy-attentatet hadde sitt namn frå høgsterettsjustitiarius Earl Warren, men den som eigentleg leia kommisjonen skal ha vore Allen Dulles, CIA-direktøren som Kennedy sjølv hadde gjeve sparken på grunn av fiaskoen i Grisebukta som nesten enda i atomkrig. Dulles døydde av lungebetennelse relatert til influensa i 1969, 75 år gammal. Kommisjonen vart oppretta av president Johnson på initiativ av vise-generaljuristen Nicholas Katzenbach, som skreiv eit no offentleggjort notat til dåverande pressesekretær Bill Moyers der det mellom anna stod at folket må bli tilfredsstilt om at Oswald var gjerningsmannen, og at spekulasjonar om hans motivasjon må stengjast av. Nemnde Warren vart pressa til å ta del i kommisjonen av advokaten Richard Russell, som mellom anna hadde hatt embete som guvernør i delstaten Georgia, leiar i senatskomiteen for væpna tenester og president i det amerikanske senatet.
So, kven stod eigentleg bak attentatet på president Kennedy, og kva var motivet? Ifølgje Wikispooks var gruppa som planla og utførde attentatet ein opphavleg laus «kabal» av Kennedy sine velståande og sosialt påverknadsrike fiendar frå etterretning, mafiaen og den amerikanske djupstaten. I eit essay frå 2013 kjem Mark Gorton med følgjande namn på denne «Kabalen»:
Lyndon B. Johnson, hovudmannen og organisatoren bak attentatet.
Allen Dulles og CIA. Dulles fekk som nemnt sparken av Kennedy etter Grisebukta-invasjonen, ein operasjon som nesten utløyste Tredje verdskrig.
J. Edgar Hoover og FBI.
Det sokalla Council on Foreign Relations («råd for utanlandsrelasjonar»), ein kjent og berykta djupstatsaktør som er sponsa mellom andre av Rockefeller-stiftinga. Sidan danninga i 1921 har dei styrt det meste av den amerikanske (og overnasjonale) djupstaten. Dei har hovudkvarteret sitt i Harold Pratt House i New York by. Offisielt opererer dei som ein slags «tenkjetank» for å auke USA si forståing av verda, utfører forsking og analyse på verdstema, og held ikkje minst stengde debattar og diskusjonar – hemmelege møte, akkurat som dei andre djupstatsaktørane Bilderberg og Trilateral-kommisjonen.
George H. W. Bush og faren Prescott Bush. Sistnemnde skal ha vore med på å finansiere Adolf Hitler slik at han kunne ta makta i Tyskland. Samarbeidet med nazistane vart i 1942 avslørt av dei amerikanske styresmaktene, og selskapet sine aktiva vart tekne under Trading with the Enemy Act. Bush-familien skal seiast å vere del av den amerikanske djupstaten. Prescott sitt barnebarn, George W. Bush, var presidenten som via 11.september-hendinga var med på å innføre mellom anna den juridisk tvilsame Patriot Act i USA, ei lov som hadde blitt utvikla før terroren i New York.
Mafiabossen Carlos Marcello frå New Orleans. Mafiaen hadde samarbeidd tett med CIA heilt sidan 1940-talet, då CIA framleis heitte OSS.
E. Howard Hunt, ein CIA-agent som på dødsleiet tilstod at fleire gjerningsmenn inkludert Lyndon B. Johnson stod bak attentatet.
Lucian Sarti, ein andre skyttar på den berømte «grassy knoll», ein graskledd bakke på Dealey Plaza. Denne artikkelen av Steinar Åge Brenden går inn i detalj om Sarti og andre skyttarar i Dallas, som òg hadde prøvd å drepe den franske presidenten Charles de Gaulle i fleire attentat sommaren 1962. Korsikanske Sarti var leigemordar, mafiamedlem og narkotikasmuglar.
Medlemmar av den sokalla Operation 40.
Andre namn er James Jesus Angleton, David Atlee Phillips, Richard Helms og Richard Bissell. Distriktsadvokaten i New Orleans, Jim Garrison, tiltalte CIA-tilsette Clay Shaw for attentatet på president Kennedy; Shaw vart frikjent. I tillegg skreiv ein av president Johnson sine advokatar, Barr McClellan i boka Blood, Money and Power at Texas-juristen Edward A. Clark var nøkkelorganisatoren av Kennedy-attentatet.
Kva var so motivet? Kennedy følgde ikkje instruksar frå djupstaten, han prøvde å «drenere sumpen» slik president Trump snakka om å gjere over femti år seinare. Han køyrde sitt eige løp, noko som truga interessene til fleire av medlemmane i denne «skuggeregjeringa». Visstnok ville han tilinkjegjere CIA, sjølve navet i djupstatshjulet. Han hadde sagt at han ville redusere det amerikanske militæret si tilstadevering i Vietnam, og gjorde eit ærleg forsøk på å gjere slutt på Den kalde krigen. Det amerikanske militær- og kongressindustrielle komplekset lika ikkje dette. Kennedy sine andre agendaer dreia seg om å gjere slutt på Israels atomvåpenprogram og gjere slutt på makta til sentralbanken og mektige bankeigarar. Han var i tillegg motstandar av hemmelege samfunn og falsk flagg-hendingar. På grunn av Kennedy vart 1400 CIA-leigesoldatar drepne eller tekne til fange etter Grisebukta-invasjonen. Lyndon B. Johnson hadde ambisjonar om å bli president i USA, og Kennedy stod i vegen. Allen Dulles hadde truleg blitt forbanna på Kennedy etter å ha fått sparken av han som CIA-direktør. I motsetnad til so å seie alle presidentar i det 20.hundreåret, utmerka Kennedy seg ved å vere uavhengig av etablissementet. Uavhengig av makta bak makta, og dette gjorde han til mål for ein mordarisk konspirasjon frå nettopp den gjengen.
«Kabalen» som myrda John F. Kennedy i november 1963 har sidan hatt tilnærma full kontroll over det amerikanske presidentembetet. Sjølv den eksepsjonelt frittalande Donald Trump som indirekte snakka om å kvitte seg med djupstaten, hadde mange band til nemnde djupstat, og gjorde ingenting for å opponere mot det militærindustrielle komplekset. Trump vart likevel fjerna frå presidentembetet: fyrst prøvde dei seg med den mislykka psykologiske operasjonen Russiagate, og so lykkast dei på andre forsøket ved hjelp av omfattande valfusk å få ein lydigare president inn i Det kvite hus i 2020. Nyleg raida FBI heimen til Trump i Mar-a-Lago på grunn av påstandar om tjuveri av hemmelegstempla dokument, men Trump har i det minste ikkje blitt offer for eit attentat frå djupstaten – enno.
Trass si grimme endelykt, har Kennedy eit særs godt ettermæle. Han er i dag hovudsakleg kjent som personen som la til rette for månelandingane (sjølv om enkelte tviler på at mennesket faktisk har vore på månen), og som greidde å forhindre atomkrig under Cubakrisa.
Interessant nok vart omgrepa «konspirasjonsteori» og «konspirasjonsteoretikar» gjevne sin noverande negative klang i kjølvatnet av Kennedy-attentatet. CIA hadde konstruert omgrepet nokre år tidlegare under sin Operation Mockingbird, og det vart brukt for å straks teie i hel alle stemmer som sa i mot offisielle forteljingar frå djupstaten. I og med at dei utvikla denne teknikken for å kvele alternative synspunkt rundt konspirasjonar før attentatet på ein populær president, kan dette tyde på at prosjektet var del av nemnde konspirasjon? Kanskje. Teoriane rundt Kennedys attentat ber meir preg av å vere konspirasjonsfakta, men visse aktørar vil kanskje hevde at dei ikkje er noko lydige, lojale, regimetru borgarar burde bruke so altfor mykje tid på.