Ingen stoler lenger på CDC på grunn av eklatant bedrageri, so byrået lover no ei «overhaling» – men ikkje på ein god måte

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

I eit latterleg forsøk på å forbetre sitt ugjenkalleleg øydelagte rykte, lover det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) ei operasjonell «overhaling» som visstnok skal gjere byrået meir påliteleg – men det vil faktisk gjere CDC endå meir upåliteleg.

Direktør Rochelle Walensky fortalde CDC-personalet at frå no av, vil byrået gå vekk frå sin «akademiske kultur» og i staden fokusere på ein meir jordnær respons på «kriser».

«Det vil innebere å raskare gjere forsking om til helseråd, arbeide betre med andre delar av stat og regjering, og forbetre korleis CDC kommuniserer med folket,» rapporterte Bloomberg.

«I 75 år har CDC og folkehelse førebudd seg på Covid-19, og i vår store augneblink møtte ikkje innsatsen vår forventingane på ein påliteleg måte,» sa Walensky i ei førehandsskriven melding.

«Eg vil at vi alle skal gjere det betre, og det byrjar med at CDC fører vegen. Målet mitt er ein ny, folkehelsehandlingsorientert kultur ved CDC som legg vekt på ansvarleggjering, samarbeid, kommunikasjon og korrekt taiming.» [Sistnemnde blir kalla timeliness på originalspråket; oms.komm.].

Med andre ord har Wuhan koronavirus (Covid-19)-plandemien vore planlagt i 75 år. Og CDC, med Walensky ved roret, mislykkast i å møte «forventingane» til sine globalistiske overherrar; difor det plutselege presset for å lage oppstyr.

Kvifor er ikkje Rochelle Walensky i fengsel?

Ifølgje Walensky pressa ikkje CDC gjennom nok tyranni. Der burde ha vore langt meir «testing», seier ho, so vel som «overvakingsprogram» og datainnsamling.

DCD kapitulerte òg for mykje til Trump-administrasjonen, som på mange måtar ønskte at livet skulle gå vidare som vanleg enn å kaste landet og verda ut i medisinsk fascisme-mørke.

Alt dette er opprørande for Walensky, ein globalist som seier at USA har «betydeleg arbeid å gjere» for å utvide rekkjevidda til CDC og andre sokalla «folkehelse»-byrå som formar politikk.

«Før denne pandemien var infrastrukturen vår innåt i byrået og rundt om i landet for skjør til å takle det vi konfronterte med Covid-19,» babla Walensky vidare i ei melding.

«For å vere ærleg er vi ansvarlege for nokre temmeleg dramatiske, temmeleg offentlege feil – frå testing, til data, til kommunikasjon.»

Desse «feila», som Walensky kallar dei, er ikkje dei same feila som du sikkert trur at ho innrømmer. Walensky er ikkje lei seg for å terrorisere landet; det ho faktisk seier er at ho ønskjer at der hadde vore meir terror.

Dama høyrer heime i fengsel for brotsverk mot menneskeheita. Ho har ikkje eingong rett til å opne kjeften, langt mindre be om meir medisinsk fascisme som del av ei tilgjort «overhaling».

«Det beste USA kan gjere mot CDC, er å gjere ende på det,» skreiv ein kommentator på Zero Hedge om temaet.

«CDC har like mykje truverde som FBI og DOJ,» la ein annan til. [DOJ er det amerikanske justisdepartementet; oms.an.]

«Fram til dei sonar livstidsdommar for brotsverk mot menneskeheita, vil dei aldri igjen oppnå tillit,» sa nokon andre. «Av-finansier parasittane.»

Ein annan lesar trefte spikaren på hovudet ved å forklare at Walensky sitt fastsette mål vil vidare politisere CDC ved å eliminere alt som kjem i vegen for den globalistiske agendaen.

«Heller enn å gje uavhengigheit til forskarar, vil ting bli straumlinjeforma for å hindre dissens frå faktiske vitskapsfolk,» skreiv denne personen.

«Akkurat som legar no tener under administratorar i det korporatiserte helseomsorgssystemet, vil forskarverda no hamne fullstendig i hendene på politikarar.»

«Omsetjing: ‘Vi må arbeide med større og meir effektive løgner. Der var framleis altfor mange menneske som ikkje tok sprøytene’,» skreiv ein annan om kva Walensky faktisk seier.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s