Grzegorz Adamczyk på nettstaden ReMix News skriv:
Den amerikanske militærhistorikaren Victor Davis Hanson la nyleg ut ein artikkel med tittelen «Assassination porn and the sickness on the left» [«Attentatporno og sykja på venstresida»]. Der peiker han på eit hittil usett fenomen som dukka opp i den offentlege diskursen i 2016 og som sidan har vore der: kjendisar som openlyst fantaserer om mordet på ein president eller presidentkandidat.
Historisk har amerikanarar hatt i minnet dei dødelege åtaka på Abraham Lincoln, William McKinley, John F. Kennedy og Robert Kennedy, og sett på slik valdeleg retorikk som fullstendig uakseptabelt. Til dømes, då ein klovn under ein rodeo gjekk med ei Barack Obama-maske, vart han permanent utestengt frå å framføre. Likevel ser dette forbodet ut til å ha blitt lagt til side når det gjeld eitt enkelt individ: Donald Trump.
Hanson samla døme på korleis ymse figurar i den amerikanske popkulturen i full offentlegheit har fantasert om å skade Trump: ved å gje han ein midt i trynet (Robert De Niro), halshogging (Kathy Griffin, Marilyn Manson), knivstikking (Shakespeare in the Park), klubbe han ned (Mickey Rourke), skyting (Snoop Dogg), forgifting (Anthony Bourdain), dusørdrap (George Lopez), ved at åtseletarar et liket hans (Pearl Jam), kveling (Larry Wilmore), ved å sprengje han i lufta (Madonna, Moby), kaste han utfor kanten av eit stup (Rosie O’Donnell), uspesifikt «drap» (Johnny Depp, Big Sean), ved å gjere han til martyr (Reid Hoffmann: «Ja, eg ønskjer at eg kunne gjere han til ein faktisk martyr.»).
Hanson hugsa òg ei nyleg melding frå Joe Biden, som sist veke sa: «Eg har éin jobb, og det er å slå Donald Trump. Eg er absolutt sikker på at eg er den beste personen til å gjere det. So, vi er ferdig med å snakke om debatten, det er på tide å setje Trump midt i blinken.» [engelsk bullseye].
Frasen «put in a bullseye» tydar typisk å plassere nokon som eit mål for ein skyttar i USA. Sjølv om det sannsynlegvis var ein metafor, har det i lys av den nylege hendinga fått ei nifsare tyding.
I tillegg viste Hanson til eit nyleg omslag til bladet The New Republic, der det var eit bilete der Trump hadde blitt endra slik at han såg ut som Hitler. Redaktøren rettferdiggjorde dette konseptet ved å skrive: «Dette valåret kan vi anten debattere om Trump møter 9 eller 17 kriterium for fascisme, eller vi kan seie: ‘Han er jaggu nær, og vi bør slåst.’»
Med tanke på denne kjensla, har kommentatorar slik som Joy Reid og Rachel Maddow ustanseleg åtvara oss om å halde den nye Hitler so langt unna Det kvite huset som mogleg, og antyda å studere Hitler for å forstå Trump.
I eit slikt klima, argumenterer Hanson, er det lett å førestille seg nokon utan skruplar som trur på alle desse påstandane, og tenkjer at den einaste løysinga for å unngå ein ny Hitler å folkemord, er å trekkje i avtrekkjaren. Hanson nemner òg forsøk av enkelte kongressmenn på å ta vekk frå Trump det vesle han har igjen av eit allereie minimalt tryggleiksteam. Utan desse agentane kunne det nylege åtaket i Pennsylvania raskt ha blitt langt blodigare.
Mønsteret er enkelt: Aktiver forakts- og hatindustrien, demoniser motstandaren, få kjenslene i kok, pisk opp lidenskapen, fjern vernet, og… vent. Vil eit attentatforsøk på Trump føre til ei edrueleg erkjenning? Det ville ha vore særs fordelaktig, ikkje berre for amerikanarar.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Forsøker med en link her, så får redaksjonen fjerne/endre hvis det ikke er ok:
KILL 47?
Soros-yngelens løgnaktige X-innlegg med tvetydig illustrasjonsfoto fra januar i år, får en del oppmerksomhet i kjølvannet av attentatforsøket.
LikarLikt av 1 person