Ein gong so sjeldan ansiktslamming aukar dramatisk på grunn av covid-sprøyter

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

Eit team av legeetterforskarar frå Adventist Health, eit trubasert, nonprofit, integrert helsesystem som sørvar meir enn 90 samfunn på Vestkysten og Hawaii med meir enn 400 filialar, har oppdaga at tilfelle av okulomotor-nerveparese, ei ein gong so sjeldan form for ansiktslamming, har auka på grunn av Wuhan-koronavirus (covid-19)-«vaksinane».

Legane Antonio K. Liu og Ifeanyichukwu Ozobu leia teamet ved White Memorial-sjukehuset i Los Angeles, og identifiserte utløysaren bak dei skyhøge ratane av okulomotor-nerveparese, som òg er kjent som tredjenerve-parese.

«Okulomotor-nerveparese kjem av skade på den tredje kranialnerven,» skriv Frank Bergman for Slay News.

«Tilstanden forårsakar karakteristiske symptom, slik som hengjande augelok, dobbeltsyn, utvida pupillar, og påverkar evna til å sjå opp og ned.»

(Relatert: Hugsar de då Justin Bieber avlyste heile sin 2023-verdsturné etter å ha utvikla ansiktslamming etter covid-«vaksinasjon»?)

(Sjå òg Saksyndig si omsetjing av nemnde artikkel, «Justin Bieber avlyser heile 2023-verdsturneen på grunn av ansiktslamming etter covid-‘vaksine’», publisert 7.mars 2023.)

Styr unna sprøytene, unngå ansiktslamming

Teamet analyserte nylege tilfelle av den underlege ansiktslammingstilstanden i samanheng med pasientane sin «vaksinasjons»-status for covid. Dei la spesielt merke til forholdet mellom mRNA (modRNA)-injeksjonar og tredjenerve-parese.

Frå der av delte dei pasientar dei analyserte inn i to grupper basert på når symptoma deira oppstod: gruppa der det straks oppstod og gruppa der det oppstod etter kvart, sidan enkelte av pasientane fekk lamming med éin gong, medan andre opplevde sjukdom seinare.

Dei to typane av mRNA-injeksjonar tilbodne av Pfizer-BioNTech og Moderna er knytt til både straks byrjande okulomotor-nerveparese, so vel som den forseinka utgåva av sjukdommen.

I eitt av tilfella tok ein pasient Moderna sin «Spikevax» (mRNA-1273)-injeksjon, og utvikla tredjenerve-parese 14 dagar etter å ha teke sprøyta. Den saka la seg i kjølvatnet av ei anna sak som involverte ein pasient som utvikla sjukdommen 17 dagar etter injeksjonen.

Interessant nok oppdaga teamet positive ganglioside antistoff hjå pasientane, noko som tydar  auto-antistoff som blir produsert mot gangliosid, sidan glykosfingolipidar inneheld sialinsyre.

Teamet åtvarar at desse funna «set søkjelys på potensialet for uvanlege tilstandar etter covid-19-vaksinasjon, men at dei òg opnar opp for måtar å utforske dei underliggjande mekanismane bak desse hendingane.»

Det faktum at slik forsking fann stad under ei større Vestkyst-helsegruppe er både uventa og oppmuntrande, i at det viser ein aukande interesse sjølv blant etablissementslegar av å setje fokus på kvifor «fullvaksinerte» menneske blir kritisk sjuke av alle slags nye sjukdommar.

I eit anna tilfelle som forskinga fokuserte på, måtte ein 81 år gammal mann sendast på akuttmottak etter å ha utvikla dobbeltsyn på grunn av covid-sprøytene sine. Før han tok sprøyta og vart sjuk, hadde mannen ingen tidlegare bekrefta infeksjon med covid.

Dette individet fekk ein Moderna SARS-CoV-2 mRNA-oppfriskningsdose berre 16 dagar før han fekk dobbeltsyn. Symptoma hans dukka opp to veker etter at han vart injisert.

Under injeksjonsprosessen rapporterte mannen berre mild kvalme, der heile hans «fortidige medisinske historie, familiehistorie og sosiale historie… ikkje bidrog til dette.»

«Pupillane hans reagerte begge på lys,» rapporterte legane som behandla mannen. «På digital pupillmåling viste pupillane hans vagt ulik storleik (høgre: 3,22 mm, venstre: 3,45 mm) og viste minka reaktivitet i høgre auge (nevrologisk pupillindeks: høgre 2,2, venstre 2,7).»

[Augelegar vil nok finne dette interessant og urovekkjande; oms.komm.]

Mannen sine legar konkluderte at «funna [deira] var i samsvar med ein isolert okulomotor-nerveparese på høgre side som sparte pupillen».

Det tok fleire dagar før legane til mannen fann ut at han hadde utvikla okulomotor-nerveparese, som i hans tilfelle til slutt gjekk over av seg sjølv.

Forskingsteamet spekulerer i at kanskje den underliggjande mekanismen bak alt dette er molekulær imitering [engelsk molecular mimicry], ein autoimmun mekanisme der immunforsvaret forvekslar kroppen sitt eige vev med framandelement som har invadert kroppen.

Det er aldri ein god idé å injisere seg mot covid.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget