Justin Bieber avlyser heile 2023-verdsturneen på grunn av ansiktslamming etter covid-«vaksine»

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Fansen hans vil ikkje kunne sjå han opptre på fleire «Justice World Tour»-arrangement dette året fordi pop-ikonet Justin Bieber visstnok har avlyst resten av songprogrammet sitt for 2023 på grunn av ein alvorleg biverknad av Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinen» som han lid av.

Bieber skulle etter planen ha opptredd i California, Connecticut og Washington D.C., blant andre stader dei komande månadene – men ikkje no lenger. Bieber, som legg skulda på «helseproblem» har i grunnen trekt seg ut, til mange si store overrasking. (Relatert: Bieber seier han har Ramsay Hunt-syndrom, ein kjent biverknad av Fauci Flu-sprøytene [covid-19-«vaksinane»]).

Tilbake i september [2022] sa songaren av «Sorry» på Instagram at han tok pause i turneen sin, som byrja i februar 2022, på grunn av den lammande tilstanden. Mange fans trudde at han ville vende tilbake i 2023, men dei 70 showa Bieber har planlagt for i år er no òg avlyste.

«Tidlegare i år gjekk eg ut med min kamp mot Ramsay Hunt-syndrom, som har ført til at ansiktet mitt er delvis lamma,» fortalde Bieber fansen og følgjarane sine i eit nyleg innlegg på sosiale media.

«Som eit resultat av denne sjukdommen var eg ikkje i stand til å fullføre den nord-amerikanske delen av Justice-turneen. Etter kvile og konsultasjon med legane mine, familien og teamet, reiste eg til Europa i eit forsøk på å halde fram turneen. Eg framførte seks live-show, men det sleit meg verkeleg ut.»

Bieber har framleis sin eitt auge open-sjukdom, so han kan ikkje lenger opptre

Ramsay Hunt-syndrom, i fall du ikkje kjenner til det, er ein nevrologisk sjukdom der ansiktslamming opptrer. I dette tilfellet fungerer ikkje Bieber sine auge som normalt, og eitt lukkar seg medan det andre framleis er ope, noko som gjev eit einøygd oppsyn.

«Eg kjem til å bli betre, og eg gjer alle desse ansiktsøvingane for å få fjeset mitt i orden igjen, og det kjem til å bli normalt igjen,» la Bieber til i sitt Instagram-innlegg. «Det står berre om tid, og vi veit ikkje kor lang tid det vil ta, men det kjem til å bli i orden.»

Biebers kone Hailey vart visstnok råka av eit slag akkurat rundt den tida han utvikla sin eitt auge open nevrologiske sjukdom. Sidan hennar påståtte sjukehusinnlegging 10.mars 2022, har Hailey berre vore på nyheitene for ein framleis pågåande krangel på sosiale media med Selena Gomez, som brukte å date Justine.

«Legemiddel gjer ikkje godt for ein kropp, spesielt mRNA-typane,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet til ei nyheitshistorie.

«Justin sin triste situasjon minner ein om Neil Young, Gene Simmons, Howard Stern og so mange andre menneske som brukte å vere eller burde ha vore rebellar,» skreiv ein annan.

«Dei var ikkje rebellar i det heile, dei stilte ikkje spørsmål ved autoritet, dei gjorde ikkje sine eigne undersøkingar… og ting vart so mykje verre at Ed Dowd følte at han måtte skrive ‘Cause Unknown: The Epidemic of Sudden Deaths in 2021 & 2022’, som har eit innhald alle burde bli merksame på. I det minste leid ikkje Bieber-ane av den lagnaden, slik som dei mange hundre europeiske fotballspelarane.»

Fleire andre peikte på det at mRNA er «gåva som held fram med å gje», noko som tydar at menneske som blir injiserte med den lid av langvarige helseproblem før dei sannsynlegvis vil lide ein tidleg død når immunforsvaret deira går under på grunn av vaksine-indusert AIDS.

«Bieber er ein talsperson for Pfizer og Hellywood-musikkindustrien,» sa ein annan person. «Sjukdom er den nye helsa. Korleis går det med piggprotein-sheddinga? Uro deg ikkje, det er ein av dei 1200 biverknadene av dette genterapi-avfolkingsvåpenet.»

«Kontroll, avfolking og skilje frå Gud sel stort,» la denne same personen til. «Det er viktigare å gjere motstand og ikkje lyde. Kroppane våre er apotek som er skapt av Gud, ikkje pharmakeia

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s