Skodespelar Woody Harrelson: «Absurde covid-påbod må ta slutt!»

Av Lance D Johnson, Natural News. Omsett av saksyndig.

Skodespelar Woody Harrelson doblar innsatsen mot legemiddelkartella som kontrollerer det medisinske systemet, media og politikarane. I eit intervju med New York Times sa Harrelson at covid-påboda må ta slutt, slik at fridom og forstand kan bli gjenoppretta i USA og rundt om i verda. Han er lei av å ta bedragerske covid-19-testar og finne seg i utspekulerte munnbind-protokollar som blir brukt til å straffe folk og ved hjelp av påføring av falsk skyld setje dei i ein tilstand av underdanigheit og sjukdom. Han er òg møkka lei av påbod som blir brukt for å tvinge folk til å ta farlege injeksjonar.

Woody Harrelson spøkte nyleg om legemiddelkartella som kontrollerer media og politikarane

Harrelson var nyleg på Saturday Night Live og spøkte om legemiddelkartella (vaksineselskapa) som tvingar folk til å halde seg heime og ta farlege injeksjonar. «So, filmen går slik,» sa Harrelson. «Dei største legemiddelkartella i verda samlar seg og kjøper opp alt av media og politikarar og tvingar alle menneska i verda til å stengje seg inne i sine eigne heimar.»

«Og folk kan berre få kome ut dersom dei tek kartellet sine legemiddel og held fram med å ta dei igjen og igjen,» la Harrelson til. «Eg kasta manuset i bosset. Eg meiner, kven kom til å tru på den sprø ideen? Bli tvinga til å ta legemiddel? Eg gjer det friviljug dagen lang!» [det engelske drug kan tyde både «legemiddel» og «dop»; oms.komm.]

Det kjøpte og betalte media beviste poenget hans perfekt, og gjekk straks til åtak på han for å spreie «anti-vaxxer konspirasjonsteoriar». Pussig nok har desse sokalla «konspirasjonsteoriane» spelt seg ut på ekte dei siste tre åra, og har blitt konspirasjonsrealitetar. Befolkninga fekk verkeleg ordre om å stengje seg inne i heimane sine. Dei vart verkeleg tvinga til å ta injeksjonar som faktisk er meir dødelege enn mange typar gatedop. Regjering og media dreiv verkeleg og pusha ei fryktforteljing, og tvinga folk til å ta desse giftige injeksjonane igjen og igjen.

Men folket som pusha nedstengingar, skulestengingar, nasetestar, tvinga munnbind og vaksinepass heiv seg over Woody Harrelson. Korleis vågar skodespelaren å ta til motmæle mot «vitskapen»?

Woody Harrelson dobla innsatsen mot covid-påbod og vaksinetvang

I staden for å tekkjast mobben av bot-ar og kjeltringar, bestemte Woody Harrelsen seg for å doble innsatsen, og bad om ein slutt på covid-påboda. I eit intervju med New York Times sa Harrelson at covid-protokollar er «temmeleg absurde». Han sa at USA ikkje lenger er eit fritt land på grunn av dei utspekulerte covid-påboda. Då intervjuaren spurde kva som er so «absurd med covid-protokollane», svarte Harrelson «Det faktum at dei framleis er her!»

Harrelson har fått nok av det medisinske tyranniet og bedrageriet. «Eg synest ikkje at nokon burde ha rett til å krevje at du skal tvingast til å teste deg, til å gå med munnbind og til å bli vaksinert no etter tre år,» fastslo Harrelson.

«Eg er der at no må vi gjere oss ferdige med denne nonsensen,» heldt Harrelson fram, og la til «Det er ikkje rettferdig overfor staben. Eg treng ikkje gå med munnbind. Kvifor skal dei det? Kvifor skal dei måtte vere vaksinerte? Korleis er ikkje det opp til individet? Eg burde ikkje måtte sitje her og snakke om denne faenskapen.»

Harrelson ser kor idiotiske og diskriminerande protokollane er. «Seriøst, eg snakkar om staben. Fordi eg slepp å gå med munnbind. Eg slepp å teste meg so mykje. Eg er ikkje i same posisjonen som dei er i, men det er feil. Det har gått tre år no. Stopp.»

«Det gjer meg sint på vegner av staben. Den anarkistiske delen av meg føler at vi ikkje burde ha tvinga testing, tvinga maskering og tvinga vaksinering,» sa han. «Det er ikkje eit fritt land,» åtvara han.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s