Av Richard Abelson, The Gateway Pundit. Omsett av saksyndig.
Britiske The Telegraph har fått tak i 100 000 tekstmeldingar frå den tidlegare helsestatsråden Matt Hancock, som viser korleis den britiske regjeringa konspirerte for å «skremme buksevatn på alle» og spurde «når sender vi ut den nye varianten?».
The Telegraph fekk WhatsApp-meldingane frå journalist Isabel Oakeshott, som skreiv ei bok med Hancock med tittelen The Pandemic Diaries [«pandemi-dagbøkene»]. Dei viser at den tidlegare helsestatsråden Matt Hancock diskuterte med medierådgjevaren sin Damon Poole 13.desember 2020, som åtvara at Tory-MP-ane [dei konservative parlamentsmedlemmane] «allereie var forbanna på prospektet» om strengare nedstengingstiltak etter jul, og antyda «heller enn å drive med for mykje frampeik kan vi rulle med den nye stammen».
«Vi skremmer buksevatn på alle med den nye stammen,» skreiv Hancock tilbake.
«Jepp, det er det som vil få til den passande åtferdsendringa,» svarte Poole.
«Når sender vi ut den nye varianten?» spurde Hancock.
«Eg har sete og tenkt på dette og trur vi må vere meir forsiktige. Stammen som er,» skreiv Poole tilbake. «Eg trur du kom til poenget tidlegare, men vi må halde skulane utanfor papirarbeid / agenda.» Julenedstenginga 2020 vart overraskande annonsert 19.desember.
I januar 2021 diskuterte Hancock vidare tiltak med kabinett-sekretær Simon Case, inkludert «meir munnbindbruk… i alle settingar utanfor heimen.» Case skreiv at «frykt/skyld-faktoren» er «livsviktig» i å oppnå meir nedstengingslydigheit.
«Grunnleggjande treng vi å få lydigheita opp,» skreiv Case, men sa at somme tiltak – slik som forbod mot fisking – «vil bli gjenstand for parodiar i bøtter og spann dersom det ser ut som vi plutseleg har bestemt at fisking er det fyrste steget på veg mot tier 5 [strengaste nedstengingsnivå; oms.an.]!»
«Eg ville ærleg tala ikkje gått for nokon små greier med mindre vi går for mykje. Dei einaste store gjenverande tinga er førskular og arbeidsplassar,» skreiv Hancock.
«Eg er einig – eg trur det er heilt riktig. Små ting ser latterlege ut. Å skru opp bodskapen – frykt/skyld-faktoren [er] livsviktig,» svarte Case.
I juni 2021 måtte Hancock trekkje seg som helsestatsråd etter bilete dukka opp som viste at han hadde brote reglar for sosial avstand ved å ha ein utanomekteskapleg affære med Gina Coladango, ein tilsett i det britiske helsedepartementet, som tente 15 000 pund [187 400 kroner] i månaden. Hancock og Coladango var begge gifte på den tida, og har sidan forlate familiane sine.
Statsminister Boris Johnson måtte gå av 6.september 2022 på grunn av den sokalla Partygate-affæren, der hans tilsette heldt festar i 10 Downing Street [statsministerens kontor], medan landet hadde fått ordre om å fullstendig stenge ned.