Det går mot lysare tider – iallfall årstidsmessig: Pass opp for falske lyskrigarar og kontrollert opposisjon

Etter ein vinter med psykologisk terror frå styresmaktene i form av drakoniske straumrekningar og skyhøge prisar på mat og drivstoff, går vi no mot lysare tider. Iallfall årstidsmessig. Der ligg mørke skyer i horisonten, iallfall når det gjeld WHO sine stormannsgalne planar om å få vedteken ein pandemitraktat som vil gjere dei til herrar og meistrar over 194 medlemsland. Målet er naturlegvis å leggje alt til rette for den neste sjukdommen som blir erklært «pandemi» av krigsforbrytaren som for tida er leiar i WHO. Dette er fullstendig i tråd med eliten sine intensjonar om å utrydde mesteparten av menneskeheita og slavebinde dei overlevande. Året 2024 blir no nemnt som eit mogleg annus horibilis.

Aldri før har menneske vore sjukare, både til kropps og til sinns. Spesielt ille ute er dei som har blitt lurt til å ta mRNA-injeksjonane som feilaktig blir kalla «vaksinar». Dei har sannsynlegvis kognitiv og emosjonell svikt på grunn av at piggproteina har gjeve dei hjerneskade. Somme av oss vil seie at dei har mist sjelene sine, og at dei er biologisk hacka vesen som berre liknar på menneske. Dei har iallfall mist alt dei har av empati og medmenneskelegheit, noko vi har sett til dømes i Iris Frohe-saka, og med måten Sigmund Myklebust har blitt behandla på. Sistnemnde har nærast blitt utpeikt til statsfiende av PST, politiet og sannsynlegvis den norske djupstaten, i tillegg til å ha blitt hengt ut som kriminell av lokalavisa Kvinnheringen. Dette er berre nok eit symptom på dei anti-menneskelege tidene vi no lever i. Iris og Sigmund er viktige røyster som djupstaten prøver å stilne. Dei må ikkje lykkast med det, for om dei to taper kampen, kan det i verste fall øydeleggje moralen til motstandsrørsla.

Kjeldene mine spådde våren 2022 at den vestlege sivilisasjonen ville gå under i september. Datoen for kollaps av fiatøkonomien vart sett til 24.september 2022. Vi frykta alle det verste. Dette skjedde heldigvis ikkje, men det tydar ikkje at vi er utanfor fare enno. Covid-kortet kan sannsynlegvis ikkje brukast lenger, sidan stadig fleire har fått auga opp for dette historiske bedraget. Til og med hovudstraumsmedia skriv no om at viruset lak frå laboratoriet i Wuhan, sjølv om eg og fleire trur at dette kan vere ei avleiing. Viruset «lak ikkje ut» ved eit uhell – dette vart gjort med vilje. Kor farleg sjølve viruset er, kan saktens diskuterast, i dette tilfellet var nok media og styresmaktene langt, langt farlegare.

Kampen har gått føre seg på det spirituelle planet, og gjer det framleis. Kjeldene mine er uvisse på kva som vil skje neste gong. Kva blir det nye store, farlege som eliten vil bruke for å stengje ned samfunnet, maskere oss og få oss til å underkaste oss deira nedrige planar? Apekoppar vart prøvd, men feila då det visste seg at meir enn 90% av «tilfella» var blant menn som hadde sex med menn. Når tilfella byrja å dukke opp hjå små barn, fekk nokon kalde føter og droppa heile greia, for kva slags signal ville dét sende ut?

Mennesket er i djup strid på det åndelege planet. Eliten har erklært at Gud er død, og at frelsa berre kan oppnåast ved å underordne seg dei. Flokken må gjetast, og dei har erklært seg sjølve som dei med gjetarmonopol. Barna er vår framtid, og difor blir dei misbrukte av eliten for å øydeleggje hjarte og sjel. Den neste generasjonen – om han då i det heile får vekse opp – vil i verste fall bestå av late, svake individ som fullstendig manglar sjølvopphaldingsdrift; dette er eliten sin våte draum. Fråværet av Gud og håp formørkar sinna til det berre er mørke att.

Dei som er på rett side av historia og som kjempar for vårt alle sitt beste, blir no kalla lyskrigarar. Somme av dei er falske. Dei gjev seg ut for å vere på vår side, men er i røynda kontrollert opposisjon. Desse må avslørast og eksponerast, for dei vil øydeleggje saka vår. Om nokon finn ut at ein lyskrigar i røynda er ein «mørkekrigar», må namnet offentleggjerast slik at informasjon som kjem frå den kjelda frå då av må vurderast deretter. Offiser Josefine Bru har gjort meg merksam på at ein nederlendar ved namn Joël van der Reijden har vist seg å vere ein desinformasjonsagent som jobbar for eliten. Målet er å villeie folk. Det som avslører han er at han kontant avfeiar at covid-19-«pandemien» har vondsinna intensjonar. Lesaren blir her oppfordra til å undersøkje nettsida hans og trekkje sine eigne konklusjonar. Legen Heiko Santelmann skal òg seiast å vere kontrollert opposisjon, dette ifølgje ei prominent kjelde i den hemmelege norske motstandsrørsla. Det som ifølgje den kjelda avslørte dr. Santelmann, var stuntet hans tidleg i 2022 der han prøvde å stikke av med sin eigen covid-«vaksine» frå eit legekontor. Saka dukka opp i mange aviser rundt om i landet, og det at hovudstraumsmedia tek tak i ei slik sak so viljug, viser at nokon ville at dette skulle kome ut. Kjelda mi meiner at intensjonen var å setje covid-«vaksine»-motstandarane i eit dårleg lys, noko som diverre lykkast. Nyhetsspeilet publiserte nyleg ein artikkel som tek opp problematikken med kontrollert opposisjon.

Éin ting er falske lyskrigarar. Ein annan ting er når viktige stemmer innan alternative media plutseleg stilnar. Då veit vi andre at noko har skjedd. Ofte vil dei det gjeld opplyse om det, ofte ikkje. Sannferdig informasjon blir stadig vanskelegare å oppdrive, og slikt eit intellektuelt mørke passar eliten perfekt. Dess dummare og meir forvirra folk er, dess lettare vil dei late seg leie inn i kvea for den komande slaktinga. Kjenn igjen ei avleiing når de ser den, og sky dei som pesten. Vi har altfor mange lystløgnarar med feite lommebøker og syltynn moral.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s