Av Tom Parker, Reclaim the Net. Omsett av saksyndig.
Eit post-pandemisk makttjuveri.
Verdas helseorganisasjon (WHO), ein ikkje-valt global helseorganisasjon som får fleire hundre millionar dollar i årlege midlar frå ei stifting knytt til milliardæren Bill Gates, går framover med planar om å auke overvakingsevna si under internasjonal lov.
WHO prøver å presse gjennom desse auka overvakingsmaktene via ein internasjonal pandemitraktat som vil påleggje juridisk bindande vilkår hjå sine 194 medlemsstatar (som representerer 98% av verdas land) om den går gjennom.
Det globale helsebyrået har arbeidd med denne traktaten sidan 2021, og eit WHO-tilknytt, interstatleg forhandlingsorgan (INB) heldt eit møte sist veke for å diskutere eit nyleg offentleggjort null-utkast til traktaten.
Dei føreslegne utvidingane til WHO sine overvakingsmakter er detaljert i Artikkel 18 («One Health») og Artikkel 11 («Strengthening and sustaining preparedness and health systems’ resilience») av traktaten [fritt omsett: «styrking og oppretthalding av beredskap og motstandsdyktigheita til helsesystem»].
Artikkel 18 instruerer WHO-medlemsstatar om å «styrke fleirsektorielle, koordinerte, interoperable og integrerte One Health overvakingssystem». One Health er eit system som WHO har prøvd å få utvida sidan covid-pandemien. Det bruker band mellom «helsa til menneske, dyr og økosystem» for «å skape nye metodar for overvaking og sjukdomskontroll».
Artikkel 11 pålegg medlemsstatar å styrke sine overvakingsfunksjonar for «utbrotsetterforsking og kontroll gjennom interoperable system for tidleg åtvaring og alarm».
Den oppfordrar òg medlemsstatar til å «etablere globale, regionale og nasjonale nettverk for samarbeid om genom som er vigd til epidemiologisk, genomisk overvaking og den globale delinga av framveksande patogen som har pandemisk potensiale.»
I tillegg til å gje WHO nye overvakingsmakter, styrkar traktaten òg makta og kontrollen deira over eit omfattande felt av internasjonalt helsearbeid ved å krevje at det ikkje-valde, globale helsebyrået blir anerkjent som «den styrande og koordinerande autoriteten på internasjonalt helsearbeid, pandemisk førebygging, beredskap, respons og gjenoppretting av helsesystem, og i å samle og generere vitskapleg evidens, og, meir generelt, leggje til rette for fleirsidig samarbeid rundt globalhelse-styring.»
Ein kopi av null-utkastet til denne internasjonale pandemitraktaten kan lesast her.
WHO sitt INB vil møtast igjen frå 3. til 6.april for å halde fram med å diskutere traktaten. Dei har planar om å presentere traktaten til Verdas helseforsamling (World Health Assembly), organet som tek avgjerder for WHO, i mai og gjere traktaten endeleg innan mai 2024.
Medan motstand mot traktaten veks, forpliktar mange WHO-medlemsstatar seg framleis til traktaten.
Dersom traktaten blir endeleg, vil den bli innført via ein internasjonal lovgjevande prosess under Artikkel 19 av WHO si grunnlov. Ulikt nasjonale lover, der valde embetspersonar stemmer over lover som gjeld i sitt eige land, involverer denne lovgjevingsprosessen for det meste ikkje-valde diplomatar som stemmer over traktaten.
Dette makttjuveriet av overvaking frå WHO følgjer deira driv for å omfattande utvide overvakingsmakta si gjennom føreslegne tillegg til Dei internasjonale helseretningslinjene (2005). Desse tillegga ber medlemsstatar om å byggje «samarbeidande overvakingsnettverk» og inneheld planar om globale vaksinepass. WHO heldt eit møte om desse føreslegne tillegga for ei tid tilbake og sette opp på planen eit anna møte i april for å halde fram diskusjonane.
Og det sluttar ikkje med overvaking. Det ikkje-valde helsebyrået vil òg ha auka påverknad over målrettinga mot «feilinformasjon» og «desinformasjon» gjennom pandemitraktaten, og dei føreslegne tillegga til Dei internasjonale helseretningslinjene (IHR).
WHO utfører dette presset no når bevis held fram med å frikjenne dei som vart sensurert under Big Tech sin feilinformasjon for å dele innhald om at covid-vaksinen ikkje hindrar smitte (ekspertar innrømmer no at dei ikkje hindrar infeksjon) og lab-lekkasjeteorien (statlege embetspersonar innrømmer i aukande grad at Covid-19 sannsynlegvis oppstod på grunn av ein lab-lekkasje i Wuhan).