Storbritannia byrjar med matvare-rasjonering for å «normalisere» komande manglar før kollapsen

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Vestens død, planlagt av våre globalist-leiarar som ein måte å gjere seg sjølve endå mektigare som kongar og dronningar, held fram oppi ein ny krig i Europa og, no, rasjonering av grønsaker i Storbritannia.

«Dei siste få dagane har vi opplevd at visse frukter og grønsaker blir ‘rasjonert’ av større britiske supermarknader,» skriv Kit Knightly i Off Guardian, og listar deretter opp fleire matvarekjedar der rasjonering har funne stad.

«Mange – inkludert Justin King, tidlegare adm.dir. i Sainsbury – har nytta høvet til å leggje skulda på Brexit. Men det gjev ikkje mykje meining, sidan Marokko – som Storbritannia importerer mykje salatgrønsaker frå – openbert ikkje er i EU. Vidare har Irland blitt påverka òg, pluss at vi berre er fem månader frå Frankrike (og andre EU-nasjonar) som står overfor sin eigen ‘katastrofale matmangel’,» heldt Knightly fram.

Forfattaren antydar at medan ei side av Brexit-skiljet skuldar mangelen på vêret, er den ekte grunnen for mangelen at den har blitt gjort med vilje. Knightly impliserer då at ‘etablissementsforteljinga’ om klimaendring blir brukt til å distrahere oss frå den sanne årsaka til mangelen. Knightly nemner òg «toalettpapir-fiaskoen» på byrjinga av pandemien som eit døme på ein mogleg psy-op, eller psykologisk operasjon, som skapte det som såg ut som ein mangel.

[Dr. Zoe Harcombe skriv på Twitter:

«Korleis skape tomatmangel…

  1. Sei til folk at der er tomatmangel.
  2. Folk hamstrar tomatar i panikk.
  3. Der oppstår tomatmangel.

Ikkje bli ein del av det, folkens.»]

Den bevisste inflasjonen av olje- og gassprisar har skapt ein auke i kostnadene knytt til produksjon, hausting og transport av avlingar. I tillegg har gjødselprisen òg auka på grunn av ein fabrikkert mangel. Sjølv om desse problema blir tilskrivne krigen i Ukraina, eksisterte dei før konflikten (som tidlegare har blitt dekt her og her). Dette vart omfattande diskutert då rapportar om «matmangel» fyrst dukka opp om våren, heldt Knightly fram.

«Når ein snakkar om Ukraina, er det for tida enklare å få tak i tomatar i krigsherja Kherson enn i London. Det er realiteten vi blir presentert for,» skreiv artikkelforfattaren.

Kort fortalt antyda Knightly at den noverande rasjoneringa av visse produkt i britiske supermarknader er del av ei forvirrande og inkonsekvent forteljing. Medan Brexit og vêret har blitt nemnt som grunnar for mangelen, gjev ikkje desse forklaringane heilt meining. I tillegg ser rasjoneringa ut til å påverke somme butikkar og stader, men ikkje andre.

Ifølgje ein bonde kan supermarknadene fylle gapa i importen ved å kjøpe innanlands-dyrka produkt, men dei er visstnok ikkje viljuge til å betale for tilleggskostnadene. Normaliseringa av tomme butikkhyller og rasjonering antydar at der kan finnast eit underliggjande føremål for matmangel-forteljinga.

Sosialkommentatoren Neil Oliver oppsummerte kva som skjer i ein nyleg monolog i sitt GBNews-program:

«Dei driv og rasjonerer tomatar i supermarknadene. Vi blir fortalt at det dreiar seg om forsyningskjedar, dårleg vêr og prisen på oppvarming, men akkurat no, når det gjeld bodskapen, mistenkjer eg at det handlar meir om å pushe ordet – rasjonering. Mindre om nokon truverdig mangel på mat, og meir om å gjere oss vande til å høyre ordet. Ingen tvil, dersom erfaring er verdt å støtte seg på, vil resten kome seinare. Pengane mine seier at rasjonerings-appen for smarttelefonane våre allereie ligg på ein harddisk ein eller annan stad, klare når vi er.

For no handlar det meir om den kjende prosessen psykologisk manipulasjon. Å gjere oss kjende med den generelle ideen om matmangel, slik at vi er velkondisjonerte når den planlagde realiteten blir utrulla. Vi vart gjeve den same behandlinga med ord som ‘nedstenging’ og ‘pandemi’, ‘mandat’ og ‘fornektar’. Nudge, nudge [«dytt, dytt»]. Rasjonering er eit ord frå generasjonen til foreldra og besteforeldra våre, litt sånn som ‘Krig i Europa’ og ‘fascist’, og no er dei på mote atter ein gong. Rasjonering, spør eg dykk, medan søppelfyllingane renn over med fersk mat dumpa der kvar dag.»

Globalistane som styrer den vestlege sivilisasjonen hatar den vestlege sivilisasjonen, og dei styrer kollapsen av den fordi du ikkje kan kontrollere frie menneske.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s