2021-data frå amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) viser at 6 av 10 jenter følte seg vedvarande triste eller gjekk og kjende på vonlause. Dette er dei høgste tala som nokosinne er registrert. Ein artikkel av Auguste Meyrat hevdar at 1 av 3 jenter no vurderer sjølvmord. Dette er riktig nok amerikanske tal, men trendar i USA har ein tendens til å spreie seg til Noreg på grunn av det nære kulturelle og politiske bandet mellom dei to nasjonane.
Meyrat meiner at desse funna er paradoksale, i og med at samfunnet visstnok feirar kvinner og jenter meir enn nokosinne, og tilbyr moglegheiter i hopetal for jenter. Vidare hevdar han at kvinner gjer det mykje betre enn menn på viktige område, er i fleirtal på høgare utdanning og på arbeidsplassen. I tillegg florerer det sterke kvinnelege hovudpersonar i filmar og seriar. Jenter lever ikkje lenger i ei verd der det er forventa at dei finn ein ektemann, får barn og overgjev seg til eit liv som husmor.
Dersom det er so fantastisk å vere jente, kvifor uttrykkjer 1 av 3 jenter eit ønske om å ta livet av seg?
Meyrat går til åtak på sosiale media og transkjønnsrørsla. Han meiner sosiale media er beint fram farlege for tenåringsjenter fordi det er lett å bli avhengig av dei, og fordi dei fremjar uoppnåelege ideal. Når då transkjønnsrørsla i tillegg argumenterer at kjønn er flytande og at det å endre kjønnet sitt vil gjere ein lykkelegare, framstår denne årsaka til sjølvmordsønske som plausibel.
Stadig fleire jenter ønskjer å ta livet av seg fordi dei blir redde, forvirra og vonbrotne. Det er vanskeleg nok for ei jente å leve opp til eit uoppnåeleg ideal – når ho i tillegg blir hjernevaska til å tru at ho er fødd i «feil» kropp, er det stor fare på ferde.
Alex Newman skriv i ein artikkel i The New American (mi omsetjing): «den føderale regjeringa antydar at statlege skular kan og bør vere løysinga på krisa dei har skapt… I røynda er den eskalerande gudløysa, umoralen, humanismen og den stadig meir ekstreme ‘Comprehensive Sex Education’ [«omfattande seksualundervisning»?] som blir tvinga på barn på indoktrineringssenter som kamuflerer seg som ‘offentlege skular’, nesten heilt sikkert primærkjelda til problemet.»
Fråværet av Gud og moral, og ein patologisk fokus på sex og kjønn øydelegg den oppveksande generasjonen av barn og unge, og sender ein tydeleg bodskap til unge jenter: Same kva dei gjer, so vil dei aldri bli gode nok, verken når det gjeld utsjånad, intelligens, popularitet eller humor. Dei blir fråråda å søkje trøyst i det åndelege, og den moral som har vore del av menneskesinnet i fleire tusen år. Den teknokratiske ateismen som globalistane aggressivt pushar på dei uvetande massane har som mål å øydeleggje ånda deira, slik at dei viljug trer inn i slaverolla – berre deira sjølverklærte herrar og meistrar kan redde dei, og det finst ingen Gud. Bodskapen er ikkje ateistisk, den er satanisk. Det motsette av Gud er ikkje ateisme, men Satan sjølv.
Det har oppstått ein ideologi – ein kult – der barn og ungdom blir lurt til å tru at kjønn er noko som sit i hovudet i staden for i genane. Dersom dei forgiftar kroppen med kunstige hormon og lèt kirurgar kappe av dei bryst og ballar, eller lèt dei skamfare underlivet for å lage etterlikningar av det motsette kjønnet, so vil dei bli «lykkelege».
Den radikale venstresida har eskalert krigen sin mot menneskeheita som vart starta tilbake på 1960-talet. På den tida vart jenter aggressivt bedne om å ignorere lysta til å bli mødrer og i staden konkurrere med menn på arbeidsplassen. No, sett på spissen, blir jenter aggressivt oppmuntra om å konkurrere på arbeidsplassen ved å bli menn.
Ein kan gjerne stille spørsmålet kva jenter eigentleg lærer om på skulen, som gjev dei lyst til å ta livet av seg. Der ligg klart ein vondsinna agenda bak, nemleg det fleire tiår lange prosjektet om å øydeleggje kjernefamilien, slik at befolkningsveksten stagnerer eller til og med går tilbake. Dei venstreekstreme hatar seg sjølve, sidan dei er eit produkt av fleire tiår med propaganda og giftig feminisme. Alle skal ha det like jævlig som dei sjølve, og helst fjerne seg sjølv frå flokken via kniv, tau, gift eller kva anna ein kan bruke for å utføre vellykka sjølvmord.
Alle som seier dei imot, blir kalla rasistar, transfobe, høgreekstreme og kva enn slags skjellsord dei måtte grave ut av dei nattsvarte, gudsfornektande sinna sine.
Ein tredjedel av amerikanske jenter ønskjer å ta livet av seg. To tredjedelar har det beint fram jævlig. Ønskjer vi at ein slik generasjon skal ta over verda? Er dei i det heile teke i stand til det?
Eit spørsmål ingen ser ut til å stille seg, er kva denne indoktrineringa gjer med unge gutar. Blir dei overlatne til seg sjølv utan nokon til å ivareta dei? Høgst sannsynleg. Det har i mange år vore ein einsidig fokus på jenter sine problem, men no ser det ut til at den antimenneskelege eliten har gått over i neste fase: Verken jenter eller gutar, kvinner eller menn, er noko verdt – og dei må difor døy.
Fråvær av Gud er éin ting, og særs alvorleg. Ein annan ting er fråvær av håp. Eliten vil ikkje at vi skal tru at det er lys i enden av tunnelen. Dei ønskjer vonløyse, gudløyse og tap av livsgnist. Dei ønskjer massedød, mørke og djup forvirring. For berre då kan dei vere sikre på at vi vil lyde sjølv dei nedrigaste ordrar frå deira demoniske kjeftar.