Fauci i djupe vanskar: E-postar avslører at han kan ha loge for å dekkje over rolla si i covid-«pandemien»

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Nyleg offentleggjorde e-postar viser at i januar 2020 sat dr. Anthony Fauci på viktig informasjon relatert til opphavet til Covid-19. Derimot, under den kritisk viktige perioden då nasjonen akkurat hadde byrja å begripe viruset, valde dr. Fauci å ikkje gå ut med informasjonen til det amerikanske folket. Heller arbeidde han for å halde det skjult, rapporterte The Federalist denne veka.

22:32 31.januar 2020, sendte dr. Kristian Andersen, ein britisk forskar som har fått millionar av dollar i legat frå NIH [National Institutes of Health] ein e-post til dr. Fauci. I e-posten åtvara dr. Andersen dr. Fauci om visse tema:

«Ein må sjå ganske nøye på alle sekvensane for å sjå at somme av trekka (potensielt) ser konstruerte ut… Eddie [Holmes], Bob [Garry], Mike [Ferguson] og eg synest alle at genoment ikkje samsvarer med evulosjonsteorien.»

0:29 om natta 1.februar, to timar etter han hadde fått e-posten frå dr. Andersen, sendte dr. Fauci ein e-post til sin underordna over mange år, dr. Hugh Auchincloss. E-posten inneheldt ein artikkel medforfatta av dr. Ralph Baric og dr. Zhengli-Li Shi, òg kjent som «flaggermusdama» frå Wuhan Institute of Virollogy (WIV). Artikkelen la vekt på NIH-finansiert gain-of-function-forsking på koronavirus utført av WIV. Dr. Fauci informerte dr. Auchincloss at han burde lese artikkelen straks:

«Det er essensielt at vi snakkar om dette [i dag]. Ha mobilen din på… les denne artikkelen… det vil vere oppgåver til deg som må gjerast.»

«Hast. Intensitet,» skreiv The Federalist.

2:48 om morgonen, to timar etter å ha sendt e-post til dr. Auchincloss, sendte dr. Fauci ein annan e-post, denne gongen til dr. Robert Kadlec, som var assisterande sekretær for Preparedness and Respons ved Department of Health and Human Services under Trump-administrasjonen. E-posten inkluderte ein artikkel som minimerte moglegheita for ein lab-lekkasje og argumenterte i favør av eit naturleg opphav til Covid-19. Dr. Fauci sin e-post inneheldt berre ei kort melding: «Bob, dette kom ut i dag. Det gjev eit balansert syn.»

Plutseleg var der ingen hast eller intensitet i tonen til den tidlegare topp-immunologen.

«Kvifor var dr. Fauci so bekymra då han sendte e-post til sin underordna, men so roleg då han sendte e-post til sjefen sin? Kvifor sendte han ikkje dr. Kadlec Baric-Shi-artikkelen? Artikkelen som støtta den originale meldinga frå dr. Andersen at Covid-19 såg konstruert ut, ikkje samsvarte med evolusjonsteorien og knytte amerikanske skattedollar til gain-of-function-forsking ved WIV [Wuhan Institute of Virology],» skreiv The Federalist.

Seinare den føremiddagen, klokka 11:47, svarte dr. Auchincloss dr. Fauci:

«Artikkelen du sendte meg seier at eksperimenta vart utført før gain-of-function-pausen, men har sidan blitt sett gjennom og godkjent av NIH. [Eg] er ikkje sikker på kva dette tydar sidan [vi er] sikre på at ingen koronavirus-arbeid har gått gjennom P3-rammeverket. [Vi] vil prøve å avgjere om vi har nokre fjerne band til dette arbeidet i utlandet.»

Den e-posten frå dr. Auchincloss ser ut til å bekrefte dr. Fauci si bekymring: E-posten antyda at gain-of-function-forsking ved WIV har blitt finansiert med amerikanske skattedollar, og har ikkje fått passande oversyn gjennom P3-rammeverket.

Rundt tida e-postane vart sendt var dr. Fauci allereie klar over eit dødeleg virus som spreidde seg i Wuhan, Kina. Under eit tidsrom på berre 13 timar, mellom 22:32 31.januar 2020, og 11:47 1.februar 2020, vart dr. Fauci klar over tre tilleggsfakta.

Det fyrste faktumet som dr. Fauci vart klar over, var at amerikanske skattebetalarar hadde bidrege med midlar til potensielt hasardiøs gain-of-function-forsking i Wuhan, Kina. For det andre fekk han greie på at denne forskinga ikkje hadde undergått den naudsynte tryggleiksgjennomgangs-prosessen, kjent som P3-rammeverket. Og til slutt vart dr. Fauci klar over at viruset som er ansvarleg for pandemien såg ut til å ha blitt kunstig konstruert og samsvarte ikkje med kva ein kunne forvente gjennom naturleg evolusjon, rapporterte nyheitsformidlaren.

Deretter organiserte Fauci «eit fellesmøte om kvelden 1.februar 2020. På møtet var 11 virologar frå rundt om i verda, inkludert dr. Andersen som sendte dr. Fauci e-posten mindre enn 24 timar tidlegare. Nesten alle deltakarane på møtet hadde tidlegare motteke legat finansiert av amerikanske skattebetalarar frå dr. Fauci,» rapporterte The Federalist.

Dei som ikkje var med på møtet, var embetsfolk i Trump-administrasjonen slik som dåverande CDC-direktør, eller Fauci sin sjef ved NIH, dr. Brett Giroir, assisterande helseminister, eller dr. Deborah Birx, som snart skulle bli Covid-19-responskoordinator.

Det er uklart kva som vart diskutert på møtet fordi all informasjonen har blitt sensurert [engelsk redacted] frå dei offisielle dokumenta og e-postane relatert til møtet, rapporterte nyheitsformidlaren.

Vi trur vi veit kvifor.

Fauci må haldast ansvarleg. Vil republikanarane ta grep?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s