Saksyndig-redaktøren med oppsiktsvekkjande informasjon frå førre arbeidsplass: Kvite hattar, motstandsrørsle og drap

Av Josefine Bru for Saksyndig.

Frå sin rekonvalesens kjem redaktøren i Saksyndig (39) med informasjon frå den aude utkantkommunen som han arbeidde i og vekependla til frå oktober 2021 til desember 2022. Han har sete på denne informasjonen sidan sommaren/hausten 2022, men rekna den som for farleg å offentleggjere før han var komen seg derifrå. Eg har fått i oppdrag å vidareformidle denne informasjonen. Hadde han vore i full vigør sjølv, hadde han naturlegvis skrive ein eller fleire utfyllande artiklar. Kanskje vil dei kome i framtida.

I mai 2022 vart Saksyndig-redaktøren kjent med 50-årige «Hege», som er ein del av nettverket knytt til Motvind Norge. Ho jobbar ved den aude sjukeheimen som sjukepleiar og nattevakt og er med i det lokale kommunestyret. Dei to hadde nokre samtalar heime hjå Hege og vart einige om at dei hadde same syn på den rådande verdssituasjonen. I likskap med redaktøren er Hege uvaksinert og ein kritikar og motstandar av koronaregimet, som kort fortalt er ein verdsomspennande konspirasjon frå ein global elite for å avskaffe middelklassen og innføre eit moderne føydalsystem, der ein styrtrik elite eig alt, og ein slaveklasse aller nådigst får leige eller låne det dei måtte ha behov for. Det skal her presiserast at koronaprosjektet berre er eitt av verktøya i verktøykassen til denne eliten. Dei andre verktøya er myten om global oppvarming, krigen i Ukraina og den sokalla energikrisa.

I september 2022 fann det stad eit møte mellom redaktøren, Hege og Hege sin hemmelege kjærast «Stig». Stig er ein prominent person i nemnde Motvind-nettverk, men identiteten hans er her halden hemmeleg for å beskytte identiteten til Hege. Stig, som den kvelden gjekk kledd i heimevernsuniform, kunne fortelje at han er del av den hemmelege norske motstandsrørsla, ei slags uavhengig etterretningsteneste som opererer utanfor staten sin radar. Det er takka vere denne motstandsrørsla at koronaprosjektet vart gjeve opp våren 2022. Sjølv om Stig ikkje kom med dokumentasjon på desse påstandane, har redaktøren seinare funne belegg for påstandane frå andre kjelder, mellom anna David Sörensen sitt prosjekt Stop World Control, i tillegg til det utmerka arbeidet til advokat Reiner Füllmich. Alt tydar på at denne motstandsrørsla er supranasjonal, so vel som internasjonal, og at den involverer aktørar heilt opp til regjeringsnivå, om ikkje til og med EU- og FN-nivå. Desse blir av mellom anna Mike Adams kalla white hats, kvite hattar.

Stig fortalde òg at motstandsrørsla kunne ha stoppa covid-19-«pandemien» tilbake i mars 2020, men at ei av kjeldene deira ikkje gav dei autorisering til å gjere det. Denne kjelda skal ha vore høgt oppe i systemet, og kanskje ein del av den norske djupstaten. Stig ville verken bekrefte eller avkrefte dette.

Som medlem i det lokale kommunestyret var Hege ei av dei som fekk ansvarserklæring / Notice of Liability 17.mai 2021 frå Sigmund Myklebust og 10-20 andre nordmenn. Ordføraren i kommunen fekk òg denne tilsendt. Hege følte stort ubehag, valde å distansere seg frå resten av kommunestyret og slutta å fare på kommunestyremøte på grunn av dette brevet. Ho oppdaga seinare at nokon hadde hacka e-post-kontoen hennar og fjerna vedlegget til e-posten, slik at ho ikkje lenger hadde tilgang til ansvarserklæringa. På fyrste kommunestyremøte etter dette var det ifølgje offentleg tilgjengelege møtereferat ein politikontakt til stade, men det står ikkje i referatet kva vedkomande gjorde der. Det har i etterkant av denne utsendinga vore politisk uro i den vesle utkantkommunen, og i skrivande stund har ordføraren trekt seg frå vervet.

Både Hege og Stig seier at dei er under overvaking av eitt eller fleire etterretningsorgan, men presiserer ikkje kva for nokon. Grunnen er at dei har prøvd å spreie informasjon på Facebook om eit skadeleg stoff som finst i moderne vindmøller. Stoffet heiter Bisfenol A og fører mellom anna til infertilitet hjå organismar, og denne infertiliteten forplantar seg oppover i næringssystemet heilt til mennesket. Med andre ord utgjer vindmøllene ein betydeleg biologisk fare. Det er deira hypotese at vindmølleprosjektet er ein del av eliten sine planar om å redusere befolkninga i verda gjennom å gjere dei ute av stand til å forplante seg. Det er uvisst om resten av medlemmene i Motvind Norge har same synet. Vindkraft fører til store inngrep i naturen og er ikkje ei effektiv energikjelde, so sjølv utan kunnskap om denne mørke agendaen vil den aggressive satsinga på vindmøller som energikjelde for dei fleste framstå som underleg.

Hege var ei god venninne av avdøde Kurt Oddekalv, og han skal tilbake i 2020 ha åtvara ho om at ho var i ferd med å krysse ei «farleg linje» då ho byrja å ta til motmæle mot koronaprosjektet. I likskap med Saksyndig-redaktøren gjekk ho til arbeidsgjevar med dokumentasjon på at «pandemien» var uvitskapleg, at alle retningslinjene og reglane mangla helsefagleg og historisk belegg på at dei faktisk fungerte, og at koronavaksinane verken var trygge og effektive eller vaksinar i ordets tradisjonelle tyding. I motsetnad til redaktøren vart ikkje Hege offer for gjengjelding frå arbeidsgjevar; dette fekk ingen konsekvensar for arbeidsforholdet hennar. Sonen hennar skal derimot ha blitt forsøkt pressa av skulen sin til å ta mRNA-injeksjonane, og Hege skal ha kome med sopass alvorlege trugslar mot skulestyret at dei gav opp. Han skal ha blitt mobba på skulen på grunn av sitt val om å forbli uvaksinert, og utvikla skulevegring på grunn av dette.

Hege og Stig lovde redaktøren at dei skulle hjelpe han om han hamna i vanskar igjen. Då redaktøren bad Hege om hjelp i byrjinga av november 2022 på grunn av kontrovers tilknytt arbeidsforholdet, var ho diverre ikkje i stand til å gjere det ho hadde lovd. Ho og systera hadde nemleg hamna i sitt livs drama, då yngstesonen til systera (Hege sin nevø) hadde blitt arrestert i Danmark, mistenkt for å ha myrda ekskjærasten sin og kidnappa den mindreårige dottera deira. Systera til Hege hadde i slutten av oktober teke flyet saman med sonen for å besøke ungen i utlandet, og kort tid etter at systera hadde floge tilbake til Noreg, kom dei sjokkerande nyheitene. Systera til Hege jobbar òg på den aude sjukeheimen som nattevakt. Utifrå det som kjem fram i media, tydar alt på noverande tidspunkt på at yngstesonen hadde planlagt både drapet og bortføringa, kanskje som hemn for at ekskjærasten reiste til utlandet med ungen deira.

Dette er informasjonen som Saksyndig-redaktøren ønskjer å offentleggjere per dags dato.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s