NAV presenterer nye tiltak for å betre tryggleiken til sine farleg inkompetente tilsette

NAV og KS har lagt fram ein rapport der dei kjem med tiltak for å betre tryggleiken til dei tilsette, som omfattar ein gjeng som etter mitt syn truleg er noregsmeistrar i unnasluntring, har verdsrekord i saksbehandlingstid og universrekord i å ignorere desperate klientar som er på nippet å bli kasta ut av heimane sine fordi dei ikkje har fem øre på konto. Det skal visstnok jobbe 20 000 tilsette i Arbeids- og velferdsetaten. Det er uvisst kor mange av dei som faktisk gjer jobben sin, og som berre er der på tiltak frå Staten for å kamuflere arbeidsløyse.

Rapporten ser, slik eg tolkar det, ut til å kome som ein reaksjon på drapet på den 57 år gamle avdelingsleiaren Marianne Amundsen 20.september 2021, der den muslimske innvandraren Adbella Haji (40) stakk ho i hel med kniv (dette ifølgje den uavhengige nettavisa Lykten). Kollegaen Ida Aulin (30) vart òg knivstukken, men overlevde. Haji vart sidan dømt til 21 års forvaring for drap og drapsforsøk, men dommen er anka ifølgje VG.

Den avdøde sin bror, Pål Gerhard Olsen, har ifølgje VG kome med hard kritikk mot tryggleiken ved NAV-kontoret, og seier rett ut at Marianne var fanga i ei dødsfelle. Han meiner NAV må føreta «en drastisk endring av sikkerhetstenkningen på kontorer som har utfordrende brukergrupper». Lykten skriv at innvandrartette bydelar i Oslo har fysiske barrierar på sine NAV-kontor, til dømes heildekkjande vegg og glas mellom tilsette og klientar (eller brukarar, som NAV kallar dei). Dette skal ha ført til ein reduksjon av vald og drapsforsøk på dei tilsette: «Men nå som masseinnvandringen foregår i alle fylker og kommuner i Norge, så vil slike tiltak også måtte settes inn i mindre byer og tettsteder for å sikre de ansatte mot de ikke-vestlige innvandrerne».

Dei tilsette sjølv er ifølgje NAV-direktør Hans Christian Holte ikkje interesserte i fysisk sikring, men vil ha tydelegare rutinar for førebygging og handtering av vald og trugslar. Reaksjonen deira er etter mi oppfatning forståeleg, for dei må jo forlate kontoret og reise heim før eller seinare. Eller skal dei kanskje ha livvakter akkurat som statsoverhovud?

Det beste ville vel ha vore å auke tilgjengelegheita, redusere saksbehandlingstida og rett og slett gjere ein betre jobb. Med ein her namnlaus leiar ved eit NAV-kontor sine ord:

«Det er mange som opplever [at] NAV har manglende tilgjengelighet og dette skaper mye uro. Det er kø på telefonen, veiledere som ikke er tilgjengelig, veiledere som kommer for seint til møter – [dette] skaper aggresjon.»

I ei undersøking som 3700 tilsette svarte på, svarte 30% at dei hadde opplevd anten trugslar, trakassering, sjikane eller fysisk vald frå brukarar det siste året. Fysisk vald er det derimot under éin prosent av dei som har opplevd.

Dei fleste klientar—eg meiner brukarar, klarer med naud og neppe å besinne seg når dei stangar skallen mot eit håplaust byråkrati, men visse ikkje-vestlege utlendingar er nok mindre beherska. Og kven klarer å halde hovudet kaldt når ein har mist jobben under dramatiske omstende, berre for å høyre at NAV har 18 vekers karantene på dagpengar når dei meiner det er di skuld at du ikkje har jobb? Systemet fungerer dårleg, om det fungerer i det heile, og ein omfattande reformasjon er naudsynt. Når tilsette gjer ein so dårleg jobb at brukarar kjem på jobb og tek livet av dei, bør leiinga fyrst og fremst sjå på kva det er som gjer at slikt skjer. Saksbehandlingstidene og den elendige ivaretakinga er etter mi meining uforsvarleg – liv kan gå tapt, både ved at brukarar i fortviling tek livet av seg, eller (desto verre) myrdar sine saksbehandlarar i raseri. Begge delar er djupt bekymringsfullt og ein tragedie for dei som blir råka. Den byråkratiske inkompetansen er livsfarleg og samfunnsøydeleggjande. Det beste rådet eg kan gje i dette tilfellet, er å rett og slett spare pengar når du kan, for du veit aldri når du vil måtte leve i lengre tid på oppsparte midlar medan du ventar på økonomisk støtte frå Staten.

Her er tiltaka som visstnok skal setjast i verk i NAV:

  1. Program for opplæring, trening og øvingar.
  2. Standard for trygge brukarmøte (revidering av minimumsstandard).
  3. Førebygging av hendlingar gjennom kvalitet, tilgjengelegheit og samarbeid.
  4. Styrke arbeidet med risikovurderingar i NAV.
  5. Forsterke og tydeleggjere fagområdet vald og trugslar og støttefunksjonar i NAV.
  6. Sikre naudsynt bistand og rettleiing til leiarar med arbeidsgjevaransvar og verneombod i arbeidet med vald og trugslar.
  7. Styrke oppfølginga av tilsette etter uønskte hendingar.
  8. Styrke oppfølging og reaksjonar overfor brukarar som står bak uønskte handlingar.

Jaja. Eg seier no berre lykke til. Det skal uhyre godt gjerast å gjere ein verre jobb!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s