Urimeleg NAV-karantene på dagpengar FANGAR tilsette i farlege og uverdige arbeidsforhold – finst der ei løysing?

NRK publiserte nyleg ei sak om bedrifta Internsikring AS i Bergen, der sjefen mobba og trakasserte dei tilsette, mellom anna ved å sende e-postar i fylla. Bakgrunnen for denne mildt sagt uprofesjonelle åtferda skal ha vore at dei tilsette vart medlemmer i fagforeiningar. To plasstillitsvalde var to av dei som vart hengt ut. Andre offer for sjefen skal ha vore tilsette som var sjukemeldte. Regionsekretæren i Fagforbundet Handel og kontor uttala til NRK at dette var noko av det grovaste dei hadde sett kome frå ein arbeidsgjevar.

Dei tilsette og tillitsvalde har varsla Arbeidstilsynet om forholda på arbeidsplassen, men tilsynet har ikkje gripe inn. No ser dei ikkje anna løysing enn å krevje at mannen går av som dagleg leiar i bedrifta – elles vil dei gå til sivilt søksmål. Ein vanleg tilsett ville sannsynlegvis ha fått avskjed for liknande handlingar, som er godt innanfor lovas ordlyd om «utilbørleg åtferd». Grunnen til at søksmål er valt, er at personalgruppa ønskjer at sjefen skal haldast økonomisk ansvarleg for at han har trakassert og mobba dei.

På spørsmål om kvifor dei tilsette ikkje berre kunne slutte i bedrifta, kjem det to svar:

  1. Dei trivst sosialt med kvarandre og ønskjer ikkje å øydeleggje sin eigen arbeidsplass.
  2. Dersom dei tilsette sjølv sluttar i jobben, vil dei få karantene på dagpengar frå NAV i 18 veker (fire og ein halv månad).

Her ligg sakas kjerne: Tilsette som står i eit farleg eller uverdig arbeidsforhold blir den tapande part same om dei sluttar sjølv, blir sagt opp eller godtek ein sluttavtale. 18 veker er ein dramatisk auke frå dei tidlegare 8 vekene. Logikken bak det som i praksis er ei utestenging frå NAV, er at tilsette er pliktige til å halde på jobben sin (arbeidsplikt). Alt som ikkje skuldast nedbemanning eller omstrukturering, blir definert som at arbeidstakar sjølv er skuld i tap av jobben.

Dette er etter mitt syn særs problematisk. Dei færraste toler å gå utan inntekt i 18 veker, og NAV sin karantene kan difor av mange – meg inkludert – bli oppfatta som ei straff, og ein måte å kaste menneske ut i alvorleg økonomisk uføre for noko som ikkje nødvendigvis er deira feil. Dei kan risikere å måtte selje hus og heim, med mindre dei har ein liten pengebinge på lur. Ein tilsett som misser jobben har difor ikkje noko anna val enn å hive seg rundt og finne seg ny jobb. Dersom dette ikkje lykkast…

Ein tilsett som blir plaga av ein vondsinna leiar har difor ikkje noko anna realistisk val enn å halde fram i det farlege og uverdige arbeidsforholdet. Med mindre den tilsette kan bevise at det førekjem mobbing og trakassering, til dømes ved at tillitsvalde og/eller advokat dokumenterer bistand frå den tilsette. Men kva om dei tillitsvalde faktisk er med på denne trakasseringa? Store, kommunale arbeidsgjevarar har til dømes tillitsvalde som òg er tilsette hjå arbeidsgjevar – og korleis kan tilsette som i fortviling ber om hjelp for å beskytte seg mot fiendtleg leiing, vere sikre på at den tillitsvalde er på deira side? Og leiinga kan jo berre svare at den tilsette snakkar usant – formuleringa «eg kjenner meg ikkje igjen i desse skildringane». Det blir ord mot ord, og leiinga vil endå meir aggressivt mobbe den tilsette som straff for at ho sladra.

Føremålet med denne karantenen kunne knapt ha vore klarare: Folk skal halde seg i arbeid, helst for ein kvar pris, og dersom leiinga er nokre dritsekkar, er det rett og slett uflaks. Akkurat som ei dame som gifter seg, kjøper hus med og får barn med ein mann som viser seg å vere ein valdeleg psykopat. Arbeidslivet er ikkje ein dans på roser, antydar NAV-saksbehandlarane, som i praksis jobbar i ei verna bedrift der sjølv alvorlege tenestefeil aldri får konsekvensar.

Tilsette i det ekte arbeidslivet kan bli utsett for psykisk terror verdig ein skrekkfilm, halde ut som heltar i årevis, og leiinga vil likevel finne ein måte å bli kvitt dei på til slutt. Referansar er berre å gløyme, so det å finne ein ny jobb blir særs vanskeleg. Då blir NAV einaste løysinga, og fleire og fleire erfarer at «løysinga» heller minner om ei Endlösung. Er dette ein konspirasjon mellom arbeidsgjevarar og Staten om å tyne og pine arbeidarane til dei gjer opprør eller kollapsar av utmatting? Ein skulle nesten tru det. Den einaste parten som ser ut til å vinne på dette, er arbeidsgjevar, som i prinsippet kan behandle sine undersåttar som dei vil.

NAV-karantenen på dagpengar fangar tilsette i arbeidsforhold der psykopatar sit med bukta og begge endane. Kvifor ser alle ut til å synast at dette er greitt? Sjølv trur eg forklaringa kan vere at berre mindretalet er fanga i arbeidsforholdet frå helvete. Dei fleste påstår at dei trivst i jobben sin, og at sjefen er grei. Torer dei anna?

Det finst heldigvis ei løysing, sidan NAV ser ut til å ha fullstendig gløymt konseptet løysing. Denne verna bedrifta skaper langt fleire problem enn dei løyser, og burde helst avviklast før endå fleire menneskeliv blir øydelagde.

Sjølve problemet er sjefen, som er den nedrige ormen som forpestar det som elles ville ha vore eit Paradis. Det er politisk ukorrekt å påpeike dette; dei fleste sjølverklærte «arbeidslivsekspertar» vil seie at du bør skifte jobb om du ikkje trivst på arbeid. NAV-karantenen har diverre gjort dette til eit mindre realistisk alternativ no for tida. Her følgjer 10 punkt om korleis du etter mi oppfatning kan handtere ein fiendtleg arbeidsgjevar:

  1. Erkjenn at det er sjefen din det er noko i vegen med, ikkje deg sjølv. Denne erkjenninga vil naturlegvis kome etter at samtalar med sjefen ikkje har forbetra forholdet dykkar, og etter at du har gjort ditt beste for å framstå som ein kompetent arbeidstakar, men berre blitt møtt med faenskap. Skriv ned ubehagelege episodar og analyser dei i ettertid. Erkjenn at sjefen din er din fiende, som vil deg vondt – og handle deretter.
  2. Skaff deg allierte på arbeidsplassen. Ein vanskeleg sjef vil til slutt berre få seg fiendar, og det vil bli lettare for fleirtalet å skvise han ut – om dei vågar eller orkar. Om fleirtalet av kollegaene dine deler oppfatninga di om sjefen, veit du at du er på riktig veg. Punkt 1 er dermed blitt bekrefta.
  3. Lær din fiende å kjenne. Forhøyr deg i personalgruppa og omgangskrinsen om private forhold som kan brukast mot sjefen. Private forhold vil òg avsløre svake punkt hjå vedkomande. Punktet vil som regel skje i samband med punkt 2.
  4. Kontakt tillitsvalde og forklar situasjonen. Her kan det vere lurt å få med seg andre tilsette òg, slik at du ikkje risikerer at sjefen i ettertid seier at det berre er du som lagar problem. Dette er særs vanskeleg, sidan tilsette vegrar seg intenst for å byrje ein kamp mot sin eigen arbeidsgjevar. Fagforeiningar har òg juristar, men «hjelpa» deira varierer sterkt alt etter kva slags type fagforeining det er snakk om.
  5. Kontakt ein ekte advokat og forklar situasjonen. Arbeidsmiljølova forbyr «utilbørleg åtferd» slik som mobbing og trakassering. Tillitsvalde og fagforeinings-«juristar» veit om dette, men vegrar seg for å ta opp kampen mot ein mektig arbeidsgjevar som dei sjølv jobbar for. Advokatar sin «lojalitet» kan kjøpast, men kostar det kvite ut or auget. Her snakkar vi minuttpris. Difor kan det vere lurt å alliere seg med kollegaer (jf. Punkt 2 og 3) og spleise.
  6. Om mogleg, dokumenter alt sjefen gjer mot deg og kollegaene. Skriftlege e-postar er best. Forteljingar om kva sjefen har sagt og gjort, vil framstå som anekdotar som lett kan bestridast («ord mot ord») dersom det skulle oppstå ein arbeidstvist.
  7. Gå til media. Dette blir kalla ekstern varsling om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen, og bør berre gjerast når intern varsling ikkje fungerer. Om sjefen er kompis med verneombodet, seier det seg sjølv at intern varsling ikkje vil føre nokon stad. Hugs at dette ikkje er brot på teieplikta, sidan det gjeld forhold som er av offentleg interesse. Du gjer dette for å beskytte andre menneske mot å inngå dette farlege og uverdige arbeidsforholdet. På same måte som ei dame åtvarar andre damer om at eksmannen hennar knapt gjorde anna enn å pryle og valdta ho dagen lang.
  8. Anmeld forholdet til politiet. I verste fall henlegg dei saka, sjølv når bevisbøra er overveldande. Politiet, som tener Statens interesser, har ingen vilje til å løyse personalsaker sidan det ikkje er pengar å hente til Statskassen. Det vil derimot bli registrert, og vil kunne brukast som dokumentasjon seinare på at det skjedde mobbing og trakassering.
  9. Prøv å bli «venner» med sjefen. Somme har ei naturleg evne til å sleikje ræver og innynde seg hjå avskum dei knapt ville ha hjelpt om dei låg med brote bein ute i skogen. For andre er denne åtferda so vemmeleg og kvalmande at dei heller seier opp og risikerer 18 vekers karantene på dagpengar. Her har du valet mellom inntekt og ryggrad. Her kan du risikere at resten av personalgruppa blir dine fiendar fordi dei misforstår strategien din. Om du har tenkt deg vidare oppover i systemet, vil nok ikkje dette falle deg særleg tungt for brystet.
  10.  Om ingenting anna fungerer, gå til psykisk motåtak på sjefen. Vedkomande har behandla deg dårleg med intensjon, og du har difor rett til å ta igjen. Her er det i grunnen berre å finne fram manualar og spelebøker for psykisk manipulasjon, hersketeknikkar, gaslighting og fandens oldemor. Få sjefen til å tvile på si eiga verkelegheitsoppfatning, og på sine eigne evner både profesjonelt og privat. Dette fungerer berre om du kjenner sjefen særs godt – difor er det viktig å halde sine fiendar nærare enn sine venner. Det sannsynlege utfallet vil vere langtidssjukemelding av sjefen, med mogleg omplassering – eller ei avskjedssak om dine medsamansvorne feigar ut og tystar på deg.

Åtvaring: Punkt 10 er særs tvilsamt, både etisk og moralsk sett. Det er rein, skjer hemn og vondskap. Det bør berre brukast som absolutt siste utveg, som ein slags Death Ground-strategi når fiendskapen er eit faktum, og personen nektar å vere referanse slik at du ikkje får ny jobb. Dette er eit punkt det ikkje er mogleg å vende tilbake frå. Forholdet dykkar er ugjenkalleleg øydelagt når du går til dette steget. Målet er å øydeleggje personen psykisk. I verste fall kan personen bli varig ufør, om vedkomande då ikkje tek sjølvmord. Punktet vil medføre dårleg karma og nattsvart samvit, som du vil måtte leve med resten av livet. Personleg frårådar eg punktet på det sterkaste; eg tek det berre med for opplysninga sin del. Prøv bokstavleg tala alt anna fyrst.

Fram til NAV avskaffar denne urimelege og uforsvarlege 18 vekers-karantenen, trur eg vi vil sjå stadig fleire tilfelle der tilsette utviklar strategiar saman for å beskytte seg mot den stinkande pestbyllen som har gjeve seg sjølv guddomleg rett til å herske.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s