26.februar 2023 publiserte Document ein meiningsartikkel skriven av Elisabeth Rooney, der temaet var rosabloggaren Sophie Elise (28). Harstad-dama, som har tent millionar på blogging, ser ut til å ha hamna i unåde i media etter at det vart publisert eit bilete av ho og Nora Haukland, der Nora heldt ein pose med noko kvitt i. Den dystre tåkeheimen av nettroll, betrevetarar og tastaturkrigarar har allereie bestemt at posen inneheldt narkotika. Heksejakta er eit faktum og gapestokken står klar: Sophie Elise skal hengjast ut til spott og spe for den norske saueflokken.
Det var ifølgje Rooney norske media, nærare bestemt Nettavisen, som gav Sophie Elise det Rooney kallar ei «djevelpakt» då ho var 16 tilbake i 2011. Der fekk ein «usikker tenåring med negative tanker om seg selv fortelle om de mest intime historiene i sitt liv til hele det vidstrakte land». Skitentøyet skulle luftast i full offentlegheit av ei 16 år gammal jente som hadde store problem med sjølvtilliten, og som kan ha vore narsissistisk anlagt. Kor herleg må det ikkje vere for egoet til slike å bli sponsa av ei diger nettavis og få bilete av seg bretta ut på nettsidene dag ut og dag inn i årevis?
Rooney stiller spørsmålet ved kva som hadde skjedd om Nettavisen og andre media ikkje hadde fanga ho i fella. Dersom mektige aktørar ut av det blå (eller ifølgje ein intern agenda basert på instruksar frå djupstaten) tek kontakt med eit barn i Harstad og lover «clickbait» og «gull og grønne skoger», hadde nok ikkje denne sårbare, usikre jenta vegra seg for å takke ja. Ho selde kropp og sjel til hovudstraumsmedia, og foreldra synest tydelegvis det var heilt i orden. Det handla jo om pengar.
Etter å sjenerøst ha tillate 11-12 års skamlaus utbretting av privatliv, personlege tankar og ymse antrekk har media no vendt seg mot Sophie Elise. Denne «hjernedøde rosabloggeren» har gått på ein smell, og skal no straffast gjennom kansellering. For ei jente som har eit usunt behov for merksemd, må dette framstå som reine dødsdommen. Snart vil det vel dukke opp historier om sjølvmordsforsøk og innlegging på psykiatrisk sjukehus, reknar eg med.
Som eg har skrive tidlegare, er befolkninga i den vestlege verda i ferd med å misse alt vit, forstand og intelligens. Moral har gått ned saman med resten av skuta – med få unntak. I 2021 vart Sophie Elise, saman med TikTok og kleskjeden Brandy Melville, nominert til årets Gullbarbie av Redd Barna Ungdom. Med Rooney sine ord går prisen «til den medie- og reklameaktøren som er best på å få ungdom til å føle seg verst», gjennom «ensidige skjønnhetsidealer, gamle kjønnsroller og unødvendig seksualisering». Rooney meiner forresten at Nettavisen òg burde ha fått prisen, ettersom Sophie Elise jo har blogga for dei i ei årrekkje.
Rooney kjem med ei glimrande oppsummering av stoda i dagens media:
«Nettavisen og andre medier ser ikke selv at det er de som har laget dette monsteret. Ikke at Sophie Elise er et monster, men heller dem som skal informere oss. Hun ble en syndebukk som det er godt å ty til når det stormer som verst.»
Medan media fôra befolkninga med sensasjonalisme, underhaldning og mjukporno for å tene mest mogleg pengar, sat sokalla «intellektuelle» i mediehus og såg ned på vanlege folk. Saueflokken trong brød og sirkus for å bli distrahert frå dei verkeleg viktige sakene:
«Aktivistene i mediene så det som et verktøy til å avlede oppmerksomheten fra et samfunn de hadde vært med på å skape. Brød og sirkus hjalp til med å dekke over de virkelige samfunnsproblemene som deres arbeidsgivere – staten og politikere – hadde skapt.»
Gullbarbie-kampanjen til Redd Barna Ungdom har fått lite merksemd i hovudstraumsmedia, nettopp fordi dei tek opp det moralske og etiske problemet at nokon tener pengar i bøtter og spann på at ungdom får dårleg psykisk helse. Dei ungdommane som faktisk har ein positiv verknad på samfunnet, blir av dei ignorert.
Sophie Elise-saka følgjer den amerikanske modellen som handlar om å dumme ned folket. USA er, for å seie det mildt, ute å køyre, både med ein openbert senil, illegitimt valt president, ein krigshissande administrasjon og hemmelege operasjonar i aust og i vest (seinast Nord Stream-skandalen). Folket må for all del ikkje innsjå at dei har ei farleg inkompetent leiing, og at stoda har vore slik i mange år. Merkenamn som Kim Kardashian, Britney Spears, Christina Aguilera, Jennifer Lopez og mange, mange andre gjev amerikanarar so mykje brød og sirkus at dei bokstavleg tala døyr av det (dei sit heime i stovene sine og et seg i hel medan hjernane deira rotnar av den hjernedaude underhaldninga på TV).
Eg kunne ha lagt ut i timevis om dei stakkars jentene som selde kropp og sjel til eit mektig, etterretningskontrollert medieapparat. Eg nøyer meg med å nemne Britney Spears, og den alvorlege lagnaden hennar. Psykisk sjuk og utsliten etter å ha blitt brukt og misbrukt av Big Media heilt frå barndommen av, vart ho sett under eit infantiliserande og audmjukande verjemål der faren hennar styrte livet hennar inntil ganske nyleg. Dette kunne like godt ha skjedd med Sophie Elise, namnet hennar er på alle nordmenns lepper, akkurat som namnet Britney Spears var på alle vestlege lepper tilbake på 2000-talet.
Om du vel å inngå ei pakt med djevelen, bør du i det minste lese alt som står i kontrakten.