Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Maskulinitet er i ferd med å forsvinne raskt rundt om i verda, ifølgje ein ny studie publisert i tidsskriftet Human Reproduction Update.
Eit internasjonalt team av forskarar gjekk gjennom 2936 faglege samandrag og 868 fulle artiklar om emnet, so vel som analyserte data frå 38 sædkontroll-studiar utført på seks kontinent. Dei publiserte funna sine i denne nyaste rapporten, som er ei oppdatering av ein tidlegare som dei publiserte i 2017.
2017-studien fann ut at sædkvaliteten [talet sædceller] hadde falle i Nord-Amerika, Europa og Australia med meir enn 50% på 50 år. Denne nyaste studien inkluderte òg nye data frå Sør- og Sentral-Amerika, Asia og Afrika, som ikkje var inkludert i den tidlegare studien.
«Målet med denne studien var å undersøkje trendar i sædkvaliteten blant menn frå alle kontinent,» skreiv forfattarane. «Dei vidare implikasjonane av ein global nedgang i sædkvalitet, kunnskapsgapa som vår tidlegare analyse etterlét, og kontroversen som heng ved dette problemet gav grunn til ein oppdatert metaanalyse.»
Det som vart oppdaga er at raten av nedgang i sædkvaliteten har auka med meir enn det dobbelte sidan år 2000 til 2,64% per år. Mellom 1972 og 2000 gjekk sædratane ned med berre 1,16% i året.
(Relatert: Covid-«vaksinar» øydelegg sædkvaliteten til menn.)
EDC-ar, plast og andre gifter stel manndommen frå menn
Shanna Swan, ein av forfattarane i studien, gjekk gjennom funna og sa meininga si i ein episode av After Skool på YouTube. Ho fastslo at der er klart ein «betydeleg nedgang» i sædkvaliteten over so godt som heile verda, inkludert i Asia, Afrika og Sør-Amerika.
«No kan vi konkludere at blant menn som ikkje veit kva fruktbarheits[raten] deira var, som, forresten, er mest representative for den generelle befolkninga, so var det ein betydeleg nedgang [i særkvaliteten og konsentrasjonen av sædceller] i Asia, Afrika og Sør-Amerika – so no kan vi seie at det at vi fann ein betydeleg nedgang i sædkonsentrasjonen og talet sædceller – det var ei stor endring frå 2017-artikkelen,» sa ho.
Bortsett frå covid-injeksjonar er ein annan stor bidragsfaktor til nedgang i sædkvaliteten stadig eksponering for endokrin-forstyrrande kjemikaliar (EDC-ar), spesielt i plast.
Ifølgje Swan er det å skulde denne nedgangen i sædkvalitet på genar som enkelte gjer, er feil, sidan desse [genendringane] vil «bruke fleire generasjonar på å dukke opp».
«Då gjenstår miljø,» seier ho, og peiker på EDC-ar og andre maskulinitets-øydeleggjande giftstoff som den mest framtredande årsaka til sædkvalitetsnedgang. Desse finn ein i ting som plastflasker og behaldarar, i kantane på hermetikk, vaskemiddel, flammehemmande stoff, matemballasje, leiketøy, matvare- og minibank-kvitteringar og landbruksgifter.
Ftalat, som òg finst i plastikk, personlege hygieneprodukt og leiketøy, er ein annan sædøydeleggjande klasse av stoff som ein ikkje kan sjå med det blotte auget, men som er overalt i dagens verd.
«Dei er vanskelege for forbrukarar å unngå, spesielt sidan produsentar ikkje er pliktige til å identifisere desse kjemiske ingrediensane,» skriv David Charbonneau for The Epoch Times om ftalat.
«I tillegg blir mange av desse forstyrrarande langsamt brote ned i miljøet, noko som gjer dei til ein langsiktig risiko.»
I videoen hennar, som du kan sjå her, illustrerer Swan prosessen der ftalat og andre EDC-ar kortsluttar testosteronproduksjonen hjå ufødde gutebabyar medan dei går gjennom utviklingsprosessen.
«Det genetiske signalet er for testiklane å utvikle seg og byrje å lage testosteron, og her kjem denne framande påverknaden frå ftalat som fortel kroppen ‘vel, du treng ikkje lage so mykje testosteron [fordi] vi dekkjer det når dei okkuperer områda… av androgen-reseptorar, testosteron-reseptorar’,» forklarer ho.
Krigen mot menn er ein krig mot menneskeheita.