Den nye kommunismen er på veg, komplett med ein diett av larver

Av Stanislaw Janecki. Henta frå RemixNews. Omsett av saksyndig.

Den nye kommunismen vil ikkje berre innebere slutten på våre fridommar, eigedommar og rettar, den vil òg tvinge oss til å ete insekt i ei «modig, ny verd» som liknar på ein gulag, skriv den polske politiske kommentatoren og spaltisten Stanislaw Janecki.

Det er no tydeleg kva slags ny verd som blir førebudd for oss, og det vil skje mykje tidlegare enn vi trur. Store forskyvingar kan ofte skje plutseleg, berre sjå på Bolsjevik-revolusjonen, Nazi-Tyskland, Maos kulturelle revolusjon, eller Pol Pot-regimet i Kambodsja.

Kvar «modige, nye verd» består av innstramming av fridommar, snart følgt av ei forvandling av tydingar, verdiar, prinsipp, prestisjehierarkiet, det å stille spørsmål ved tradisjonar og skikkar, og sosial kontroll. Verda må vendast opp-ned.

Den gamle historia skal kastast og tradisjonelle modi av sosial organisering skal fjernast. Individet skal kjenne seg makteslaus og bli feia av garde av dei uunngåelege endringane som finn stad.

Ta tilfellet larver. Du mislika dei og følte avsky mot dei i ditt gamle samfunn og kultur, so du vil bli tvinga til å ete dei.

Trudde du på ei verd av menn og kvinner basert på tydelege biologiske skilnader som er anerkjent i samfunn, religion, kultur, rettssystemet og ideologiar? Vi vil vende det på hovudet og gje folk retten til å bestemme kva dei sjølve er, til og med barn.

Har du blitt vant med mange former for mobilitet? Gløym det, nye normer vil bli introdusert slik at ingen vil ønskje eller ha råd til å bruke bil. Snart vil vi bestemme kva du et og kva typar tenester du kan nyte.

Den kinesiske sosialkreditt-systemet (SCS) er draumen til skaparane av den «modige, nye verda». Her er alle under overvaking og gradert, og dei som ikkje møter standardane blir nekta tilgang til mange sivile rettar, so vel som varer og tenester. Eit slikt system gjev makt over individet og tvingar han bli å vere lydig, elles vil han bli ekskludert eller gjerast om til ein fiende som skal eliminerast.

Den nye kommunistiske undertrykkinga skal vere umogleg å sleppe unna, sidan dei vil bestå av nært samarbeid mellom statar og store konsern. Statar vil ha slavar heller enn borgarar, og konsern vil få billeg, lydig arbeidskraft og forbrukarar. I staden for utopisk likeverd, vil dette faktisk føre oss tilbake til føydalismen og eit kastesystem.

Det juridiske samfunnet er allereie klare for den nye kommunismen

Spesielt rettssystemet vil vere ein nøkkelkomponent for undertrykkinga, og vil halde både individ og statar i sjakk. Den europeiske rettsdomstolen og Den europeiske menneskerettsdomstolen er godt førebudde på ei slik rolle.

Men det er ikkje nok å gjenkjenne dette eller åtvare mot det.

Dette må kvelast ved fødselen av eit stort opprør og sivil ulydigheit før det tek institusjonelle former som seinare vil vere vanskelegare å bryte ned. Der må vere ingen illusjonar om at denne forma for kommunisme vil bli tolererbar. Den vil berre vere føretrekkjande for dei som er funksjonærane til den.

Det er ein stor fare som vil gjere verda om til ein diger gulag, alt naturlegvis i menneskeleg framgangs namn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s